Josefine av Noreg og Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Josefine av Noreg og Sverige
Josephine of Sweden & Norway c 1858 by Axel Nordgren.jpg
Fødenamn Joséphine Maximiliane Eugénie Napoleone
Alias Josefine av Leuchtenberg
Hus Huset Bernadotte
Fødd 14. mars 1807
Milano
Død

7. juni 1876 (69 år)
Stockholm, Stockholms slott

Føregjengar Desideria
Etterfylgjar Louise av Sverige og Noreg
Ektefelle Oscar I
Far Eugène de Beauharnais
Mor Augusta av Bayern
Born Karl IV
Gustaf
Oscar II
Eugénie
August

Josefine av Noreg og Sverige (14. mars 18077. juni 1876) var dronning av Noreg og Sverige frå 1844 til 1859.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Josefine var dotter av Eugène de Beauharnais (stesonen til Napoléon Bonaparte) og Augusta av Bayern. Far hennar fekk tildelt tittelen Herzog von Leuchtenberg (hertug av Leuchtenberg) av kong Maximilian I av Bayern i 1817, etter at Napoleon var styrta.

Daguerreotyp teke mellom 1844 og 1854 av J.W. Bergström

Ho blei gift 19. juni 1823 med kronprins Oscar, som seinere blei norsk og svensk konge under namnet Oscar I.[1]

Josefine (i Sverige Josefina) blei svært populær i sine nye heimland. Ho blei verande katolikk trass i stort press frå den lutherske svenske statskyrkja for å få henne til å konvertera. Ho arbeidde for religionsfridom, som blei innført i Sverige i 1860.

I tillegg var ho ein pådrivar for bygging av katolske kyrkjer, mellom anna St. Olavs kyrkje i Oslo.[2]

Born[endre | endre wikiteksten]

  • Karl (1826–1872), hertug av Skåne
  • Gustaf «Songarprinsen», (1827–1852), hertug av Uppland
  • Oscar (1829–1907), hertug av Östergötland
  • Eugénie (1830–1889)
  • August (1831–1873), hertug av Dalarna

Anna[endre | endre wikiteksten]

Josefines gate i Oslo har namn etter dronning Josefine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biografi – Svenskt biografiskt handlexikon
  2. Thuesen 1991, s. 144.

Litteraturliste[endre | endre wikiteksten]