Josep Marín

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Josep Marín
Statsborgarskap Spania
Fødd 25. januar 1950 (74 år)
El Prat de Llobregat
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980

Josep Marín i Sospedra (fødd 21. januar 1950) ein spansk tidlegare friidrettsutøvar frå El Prat de Llobregat som vart europameister 1982 i 20 km kappgang under EM i Aten, der han også tok sølv på 50 km, den same medaljevaløren fekk han på 50 km under Friidretts-VM 1983 i Helsinki. I 1987 vann han bronsemedaljen på 20 km ved VM i Roma.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Marín høyrde til verdseliten i kappgang over ein periode på 12-15 år. Under europameisterskapen 1982 i Aten gjekk han inn til ein suveren siger på 20 km, over to minuttar framom Jozef Pribilinec frå Tsjekkoslovakia. Allereie tre dagar seinare tok han sølvmedaljen på 50-kilometeren, slått med nær fire minuttar av Reima Salonen frå Finland. Også i verdsmeisterskapen året etter i Helsinki kjempa Marín om medaljane i begge kappgangøvingane. På 20 km enda Marín på fjerdeplassen. Fem dagar etter skilde han og austtyske Ronald Weigel tidleg ut frå resten av feltet på 50 km og begge kom mål over fem minuttar føre bronsemedlajøren. Tevlinga enda med sølv til Marín, 34 sekundar bak Weigel.

I 1987 vann Marín bronsen på 20 km ved verdsmeisterskapen i Roma. Under dei olympiske sommarleikane i Seoul året etter gjekk han inn til fjerdeplass på 20 km og femteplass på 50 km, utan eigenleg å vere nær medalje i korgje øvingane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]