Josep Maria Fusté

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Josep Maria Fusté
Statsborgarskap Spania
Fødd 15. april 1941
Linyola
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1966, EM i fotball 1964

Josep Maria Fusté Blanch (fødd 15. april 1941) er ein spansk tidlegare fotballspelar som vart europameister med Spania i 1964. Med FC Barcelona, ein klubb han spelte for i tida 1962-72, vann midtbanespelaren Messebycupen 1966 og den spanske cupfinalen både i 1968 og 1971.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Fusté spelte 1959-61 andredivisjonsfotball med CD Condal, ein no nedlagd fotballklubb i Barcelona. Etter ein sesong med CA Osasuna, var han aktiv i FC Barcelona i ti år frå 1962. I september 1966 deltok han i begge finalekampane i Messebycupen, der Barcelona vann samanlagt 4-3 etter ekstraomgangar i bortekampen mot Real Zaragoza. To år seinare vart han nasjonal cupmeister med Barcelona, eit sjølvmål frå Real Madrid vart det einaste som skilde dei to finalelaga på Santiago Bernabéu i Madrid. Året etter tapte Barcelona finalen i Cupvinnarcupen 1969 med 2-3 mot Slovan Bratislava. I 1971 skåra Fusté, som innbytar, det fyrste målet då Barcelona vann den spanske cupfinalen med 4-3 mot Valencia CF etter ekstraomgangar. Han avslutta fotballkarrieren som Hércules-spelar i 1972/73-sesongen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Fusté spelte einast 8 landskampar. Han debuterte 11. mars 1964, skåra eitt av måla då Spania sende [[Irland] heim med tap 1-5 frå ein EM-kvalifiseringskamp i Sevilla. Under europameisterskapen i juni spelte han, saman med mellom andre Amancio Amaro, José Ángel Iribar og klubbkamerat Chus Pereda i Barcelona, både semifinalen mot Ungarn og finalen mot Sovjetunionen, sistnemnde kamp på Santiago Bernabéu enda med spansk triumf 2-1. Etter å ha vore ute av landslaget i halvtanna år, fekk Fusté spele ein kamp under Fotball-VM 1966 i England. I den avgjerande gruppespelkampen mot Vest-Tyskland gav han Spania leiinga midtvegs, men vesttyskarane snudde kampen og Spania rauk ut or turneringa. Der etter måtte han vente til vårsesongen 1969 før han fekk han vere med i sine to siste landskampar, begge som innbytar. Fusté skåra i alt tre landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1964 for Spania
  • Vinnar av messebycupen: 1966 med FC Barcelona
  • Spansk cupmeister: 1968 og 1971 med FC Barcelona
  • Finaletap i cupvinnarcupen: 1969 med FC Barcelona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]