Joseph Chamberlain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joseph Chamberlain
Joseph Chamberlain in colour.jpg
Fødd8. juli 1836
London
Død2. juli 1914 (77 år)
Statsborgar avDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiDet liberale unionistpartiet
Yrkepolitikar
InstitusjonarUniversity of Birmingham
MorCaroline Harben
FarJoseph Chamberlain
EktefelleMary Crowninshield Endicott Chamberlain, Florence Kenrick, Harriet Kenrick
BarnNeville Chamberlain, Austen Chamberlain, Beatrice Chamberlain, Ida Chamberlain, Hilda Chamberlain, Ethel Chamberlain
MedlemRoyal Society

Joseph Chamberlain (8. juli 18362. juli 1914) var ein britisk politikar. Han var far til politikarane Austen Chamberlain og Neville Chamberlain.

I starten av den politiske karrieren sin var han ein radikalt innretta liberalar og forkjempar for utdanningsreformer og blei handelsminister. Seinare kom han i allianse med det konservative partiet som imperialist og proteksjonist, og var koloniminister.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Chamberlain var fødd i London og var son av ein framgangsrik skomakar og fabrikkeigar som også heitte Joseph (1796–1874). Han utdanna seg ved University College School (1850-1852). I 16-årsalderen byrja han som lærling i skomakarfirmaet, og då han blei 18, blei han send til Birmingham, der han arbeidde i skruefabrikken til onkelen sin, «Nettlefolds», som faren hadde investert i. Saman med Joseph Nettlefold var Chamberlain med å bygga ut selskapet, som snart blei kjent som «Nettlefold and Chamberlain», til å bli ein kommersiell suksess. Då Chamberlain i 1874 forlét selskapet, eksporterte det produkta sine til USA, andre land i Europa, India, Japan, Canada og Australia.

Det var sterke radikale og liberale tradisjonar blant skomakarane i den nye heimbyen hans Birmingham, samtidig som den unitariske kyrkja han tilhøyrde hadde ein tradisjon med å engasjera seg i samfunnet. Det var derfor naturleg for han å delta i politikken for dei liberale. I 1867 grunnla han «Birmingham Education League» (seinare «National Education League»), og han arbeidde òg for ein fri skulegang, uavhengig av den engelske kyrkja. Han gjorde òg det liberale partiet i Birmingham til ein framgangsrik og effektiv valorganisasjon.

I 1873 blei Chamberlain borgarmeister i Birmingham. I denne stillinga var han med på å gjennomføra ei rekke reformer i byen. Han gjekk av frå borgarmeisterstillinga då han blei vald inn i underhuset som representant for Birmingham i 1876. Han arbeidde seg raskt opp i parlamentsgruppa og blei handelsminister, President of the Board of Trade, i William Gladstone si regjering i 1880.

I tida før parlamentsvalet i Storbritannia i 1885 blei det trykt ei rekke artiklar i bladet Fortnightly Review, skrivme av Chamberlain sine medarbeidarar under hans leiing. Artikkelserien føreslo jordreformer, meir direkte beskatting, gratis offentleg utdanning, skilje mellom kyrkje og stat, allmenn stemmerett for menn og større vern for fagforeiningar. Dette blei grunnlaget for det «uautoriserte programmet» som Chamberlain kjempa for under valkampen.

Det liberale partiet vann valet, men fekk ikkje absolutt majoritet i underhuset. Det irske nasjonalistpartiet leia av Charles Stewart Parnell kom i vippeposisjon. Statsminister Gladstone tilbaud irane ein avtale om «Home Rule», eller sjølvstyre, som Chamberlain var mot på prinsipielt grunnlag. Han forlét den liberale regjeringa og var med på å danna Liberal Unionist Party saman med lord Hartington og andre medlemmer av «whiggruppa». Chamberlain slutta seg ikkje umiddelbart til den unionistiske regjeringa, sjølv om han hadde likesinna i det konservative partiet, som lord Randolph Churchill. Han håpte kanskje på at Gladstone snart skulle trekka seg tilbake; i så fall ville Chamberlain kunna venda tilbake til det liberale partiet og bli leiar for det. Gladstone heldt likevel ut mykje lengre enn Chamberlain hadde trudd, og Chamberlain nærma seg etterkvart dei konservative.

I 1895 blei Chamberlain koloniminister, Secretary of State for the Colonies, i lord Salisbury si konservative og unionistiske regjering. Chamberlain viste seg å vera ein ivrig imperialist og aktiv i samband med boarkrigen, og blei den leiande politikaren til unionistane i parlamentsvalet i 1900. Etter å ha besøkt Sør-Afrika gjekk han av i 1903 og leia ein kampanje for ein reformert handelspolitikk, med proteksjonistiske tollsatsar mot import frå land utanfor imperiet. Eit splitta unionistparti tapte valet i 1906, og på grunn av ein søkkande del frihandelsvennlege konservative i underhuset blei Chamberlain favoritt til å bli ny leiar av unionistane. Men i juli 1906 blei han ramma av eit hjerneslag som svekte han og tvinga han til å trekka seg tilbake frå det politiske livet. Joseph Chamberlain døydde 3. juli 1914 og er gravlagd på Key Hill Cemetery i Birmingham.

Chamberlain var den drivande krafta bak danninga av University of Birmingham, og var den første kanslaren det hadde. Arkivet hans er teke vare på i universitetsbiblioteket, og klokketårnet ved universitete blir kalla «Old Joe» etter han. Chamberlain Square i sentrale Birmingham er òg oppkalla etter han.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Joseph Chamberlain var gift tre gangar. Den fyrste kona hans, Harriet Kenrick, døydde kort tid etter at ho hadde fødd det fyrste barnet deira, Austen. Joseph gifta seg opp att med kusina til Harriet, Florence Kenrick, i 1868 Ho fekk fire barn med han, eitt av desse var Neville, og døydde så i barsel i 1875. I 1888 gifta Joseph seg med amerikanske Mary Endicott. Både Austen Chamberlain (1863–1937) og Neville Chamberlain (1869–1940) blei framtredande konservative politikarar. Neville var statsminister frå 1937 til 1940.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]