Joseph Robert Fisher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joseph Robert Fisher

Fødd 1855
Død

26. oktober 1939, 1939 (84 år)
Hampstead Sjå dette på Wikidata

Yrke skribent, redaktør, Skrankeadvokat

Joseph Robert Fisher (185526. oktober 1939) var ein advokat, journalist, redaktør, nordirsk unionist og forfattar fødd i Raffrey i grevskapet Down i noverande Nord-Irland. I karrieren si veksla Fisher mellom å vera journalist i dagspressa og advokat i London, å vera redaktør for Belfastavisa Northern Whig og å skriva bøker om irsk og europeisk politikk og presselovgjeving. Den mest framskotne, og truleg viktigaste rolla han har hatt, var å vera medlem Grensekommisjonen Fristaten/Nord-Irland (1924). I denne representerte han dei nordirske unionistane. Kommisjonen skulle fastsetja grensa mellom den irske fristaten og Nord-Irland.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Joseph Robert var son av den lokale prebyterianske presten i Raffrey i grevskapet Down, Ringland Fisher. He hadde skulegang frå Royal Belfast Academical Institution, og studerte ved Queen's University, Galway, der han vart uteksaminert med BA i 1876. Fisher var utanriksredaktør for London Daily Chronicle til 1881 og assisterande redaktør for London Evening Standard. Han byrja å praktisera som advokat relativt seint, frå 1888, til 1900. Tidleg i 1900, då han flytta til Belfast, vart han redaktør i unionistavisa Northern Whig. Han var redaktør fram mot fyrste verdskrigen.[1]

Grensekommisjonen 1924-1925[endre | endre wikiteksten]

I eldre år[endre | endre wikiteksten]

Då arbeidet i grensekommisjonen tok slutt i 1925, var Fisher 70 år. Han trekte seg då attende frå offentleg liv og flytta til den eksklusive overklasse- og kulturelitedominerte bydelen Hampstead i London. Han døydde, utan å ha vore gift, 26. oktober 1939.

Bøker og andre skrifter[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. John O. Stubbs: The Unionists and Ireland, 1914-18. I The Historical Journal Vol. 33 nr. 4 desember 1990.
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.