Joseph Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joseph Smith

Partipartilaus, Council of Fifty
Fødd23. desember 1805
FødestadSharon
Død27. juni 1844
DødsstadCarthage
MorLucy Mack Smith
FarJoseph Smith, Sr.
EktefelleEmma Smith, Eliza Maria Partridge Lyman, Eliza R. Snow, Zina D. H. Young, Emily Dow Partridge, Lucinda Morgan Harrisová, Helen Mar Kimball, Sarah Ann Whitney
BarnJulia Murdock Smith, Joseph Smith III, Alexander Hale Smith, David Hyrum Smith
Retusjert daguerrotypi frå tidleg på 1840-talet av Smith eller eit måleri av han.

Joseph Smith jr. (23. desember 180527. juni 1844) var ein amerikansk religiøs leiar og grunnleggjaren av mormonismen og kyrkjelyden Dei siste dagars heilage. Då han var 24 gav Smith ut Mormons bok, ein religiøs tekst Smith skulle ha omsett frå gudommelege gullplater. Dei neste 14 åra tiltrekte han seg tusenvis av tilhengarar, grunnla byar, bygde tempel og etablerte ei trusretning som framleis består. Han blei drepen i valdelege omstende medan han sat arrestert i Carthage i Illinois.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Joseph Smith var fødd i Sharon i Vermont i USA. I 1817 flytta han med familien til den vestlege delen av delstaten New York, i eit område der det fleire gongar hadde vore religiøse vekkingar under den andre store vekkingsbølgja. Familien Smith trudde på openberringar og profetiar. Ifølgje Smith fekk han sjølv fleire openberringar tidleg på 1820-talet. Den fyrste skal ha vore ein teofani. I ei seinare openberring førte engelen Moroni han til ei nedgraven bok av gullplater der det var gravert inn ei jødisk-kristen forteljing frå Amerika i oldtida. I 1830 gav han ut det han hevda var ei engelsk omsetjing av desse platene, under tittelen Mormons bok. Same året skipa han Kristi kyrkje, som han hevda var ei gjenoppretting av kyrkja til dei fyrste kristne. Medlemmene i kyrkja blei seinare omtalte som Dei siste dagars heilage, eller mormonarar.

I 1831 flytta Smith og tilhengarane hans vestover til Kirtland i Ohio, og grunnla også ein utpost i Independence i Missouri, der Smith planla å bygga ein by med namnet Sion. I 1833 blei mormonarane forviste av dei opphavlege nybyggarane i Missouri, som var urolege med tanke på den raske veksten i mormonsamfunnet. Forsamlinga i Kirtland gjekk i oppløysing i 1837 etter at nokre av medlemmene heldt Smith ansvarleg for ein bankkollaps. Smith omorganiserte dei gjenverande medlemmene i det nordlege Missouri, men nærværet hans og politikk skapte spenning med nybyggarar som ikkje var knytte til rørsla. Etter ein militær konflikt i 1838 blei Dei siste dagars heilage forviste frå delstaten, og Smith sett i fengsel. Han blei lauslaten og gjenforeina med tilhengarane sine i Nauvoo i Illinois, der han fungerte som både religiøs og politisk leiar. I 1844 vekte Smith og bystyret i Nauvoo sinne blant ikkje-mormonarar ved å øydelegga ei trykkpresse som var blitt brukt til å trykka Nauvoo Expositor, eit skrift som var kritisk til Smith si makt, og dessutan utøvinga hans av polygami. Under uroa som følgde blei han fengsla i Carthage i Illinois skulda for forræderi, og blei så drepen då ei folkemengd storma fengselsbygningen.

I løpet av levetida si gav Smith ut mange openberringar og andre tekstar som, av etterfølgjarane hans, blir rekna som heilage bøker. Læra hans inkluderer unike oppfatningar av Guds natur, kosmologi, familiestrukturar, politisk organisering og religiøst fellesskap. Etterfølgjarane hans rekna Smith som ein profet på lik linje med Moses og Elia, om ikkje større. Det Smith hadde etterlate seg, la grunnlaget for ei rekke religiøse grupper, der dei største er Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage og Kristi Samfunn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Joseph Smith