Joseph Stiglitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joseph Stiglitz
Joseph E. Stiglitz - cropped.jpg
Fødd 9. februar 1943
Gary
Joseph Stiglitz på Commons

Joseph Eugene Stiglitz (fødd 9. februar 1943) er ein USA-amerikansk samfunnsøkonom, fødd i Gary i Indiana, og leiande talsmann for nykeynesianismen. For arbeidet med å analysere marknader med «asymmetrisk information» vart han i 2001 tildelt Nobelprisen i økonomi, saman med to andre økonomi-forskarar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Stiglitz er ein vitskapsmann som har bidrege mykje med ny og verdifull forsking, og som har vore ein ivrig samfunnsdebattant og politisk aktør. Perioden 1995-97 leidde han president Bill Clinton sitt råd av økonomar, medan han frå 1997 til 2000 var sjeføkonom i Verdsbanken.

I 2001 tok Stiglitz imot Sveriges Riksbanks pris i ekonomisk vetenskap till Alfred Nobels minne, saman med George Akerlof og Michael Spence, "för deras analys av marknader med asymmetrisk information" som til dømes forsikrings- og kredittmarknadene og utviklingsøkonomiar. Stiglitz gav i 2002 ut boka Globalization and its discontents (Globalisering: en stor desillusjon) der han kritiserer særleg Pengefondet (IMF) for å ha mislukkast i kampen mot global fattigdom. I oppfylgjaren Making globalization work frå 2006, på norsk Globalisering som virker (2008) kjem han med forslag til korleis globaliseringa kan fungere betre.

I september 2008 hevda Stiglitz at den globale finanskrisa kom av Irak-krigen. Han sa at «krigshungrige republikanske presidentar legg frøet til dei store økonomiske krisene i verda», og «Krigen i Irak var dårleg planlagd, noko som gjorde at USA vart tvinga til å bli i landet i lang tid. Krigen vart kostbar, og det oppstod eit underskot i statsfinansane. For å dekke dette underskotet måtte regjeringa i USA ta opp store lån».

Stiglitz meiner at ein perfekt marknad er svært sjeldan, eit syn tvert mot den nyklassiske skulen i økonomifaget. Han hevdar at dei fleste marknader har systematiske manglar, noko som grunngjev at det er trong for omfattande politiske tiltak i mange marknader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]