Joseph Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joseph Williams
Joseph Williams Orebro Sweden 2013.jpg
Joseph Williams med Toto i Örebro i Sverige den 3. juli 2013.
Fødd1. september 1960 (59 år)
FødestadSanta Monica
FødenamnJoseph Stanley Williams
OpphavSanta Monica i California
Aktiv1982 til i dag
SjangerRock
Instrumentvokal, klaverinstrument
Tilknytte artistarToto
Verka somSongar, filmkomponist
MorBarbara Ruick
FarJohn Williams

Joseph Stanley Williams (fødd 1. september 1960) er ein amerikansk rockesongar og filmmusikkomponist, mest kjend for arbeidet med rockebandet Toto. Han er son av filmkomponisten John Williams og skodespelarinna/songar Barbara Ruick og barnebarn av jazztrommeslagaren Johnny Williams og skodespelarane Melville Ruick og Lurene Tuttle.

Joseph Williams var solovokalist med Toto i midten og slutten av 1980-åra og var med på albuma Fahrenheit (1986) og The Seventh One (1988) før han slutta på grunn av personlege problem. Han er òg med på Toto-albumet Falling in Between i 2006. I 2010 kom Williams med som fast songar i Toto igjen.[1]

Williams gav ut det første soloalbumet sitt i 1982 og etter han slutta i Toto kom fleire album. Mange av medlemmane i Toto har spelt på soloprosjekta hans.

Joseph Williams har òg skrive musikk til mange filmar og fjernsyn, som «Roswell» og «The Lyon's Den» med Rob Lowe. I 2003 vart han nominert til ein Emmypris for kjenningsmelodien til serien Miracles.[2]

Som studiomusikar har Williams arbeidd med Peter Cetera, Jay Graydon, Jon Anderson og Chicago.

I animasjonsfilmen Løvenes konge song han stemma til den vaksne Simba på songane «Hakuna Matata» og «Can You Feel the Love Tonight».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Toto-album[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1982: Joseph Williams (re-released 2002)
  • 1996: I Am Alive
  • 1997: 3
  • 1999: Early Years
  • 2003: Vertigo
  • 2006: Two of Us
  • 2006: Vertigo 2
  • 2007: Smiles og Tears
  • 2008: This Fall
  • 2011: Williams/Friestedt

Gjestevokal (utdrag)[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Lapti Nek (Urth)
  • 1984: Which One Of Us Is Me (Jay Gruska)
  • 1985: Save The Night (Goonies soundspor)
  • 1985: Sleepess Nights (Alan Gorrie)
  • 1988: In The City of Angels (Jon Anderson)
  • 1989: My Heart In Red (Ijiima Mari)
  • 1990: Tatsuro Songs from L.A. (samleplate)
  • 1990: Toy Matinee (Toy Matinee)
  • 1991: Tatsuro Songs from L.A. 2 (samleplate)
  • 1991: Fade In Love (samleplate)
  • 1992: Re-Import (samleplate)
  • 1992: Goody's (samleplate)
  • 1992: The Radical Light (Vonda Shepard)
  • 1993: Airplay for the Planet (Jay Graydon)
  • 1993: L.A. Cowboys / Endless Summer (samleplate)
  • 1994: Love Stories 3 (samleplate)
  • 1994: The Lion King (Original Movie Soundtrack)
  • 1997: California Dreamin' (West Coast All Stars)
  • 1998: Naturally (West Coast All Stars)
  • 1999: ELT Songs From L.A. (samleplate)
  • 1999: In A Dream (Lionel's Dad)
  • 2002: LA Project (Peter Friestedt)
  • 2006: Avalon (The Richie Zito Project)
  • 2008: LA Project II (Peter Friestedt)
  • 2008: Holy God (Brian Doerksen)
  • 2014: My Kind O' Lovin' (Intelligent Music Project II)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Official TOTO Website - Joseph Williams». www.toto99.com. Henta 17. oktober 2015. 
  2. «Awards for Joseph Williams». IMDb.com. Henta 17. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Joseph Williams