Joshua Reynolds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joshua Reynolds
Joshua Reynolds Self Portrait.jpg
Fødd 16. juli 1723
Plympton
Død

23. februar 1792
London

Sjanger portrettmåleri
Yrke kunstmålar

Joshua Reynolds (16. juli 172323. februar 1792) var ein dei fremste britiske kunstmålarane på 1700-talet og den første formannen i Royal Academy of Arts. Særleg vert han framheva som portrettmålar. Han makta å gi målarkunsten ein britisk tradisjon og introdusere historiemåleriet i Storbritannia. Gjennom talar og skrifter vart han den suverene autoriteten i den samtidige, engelske kunstverda.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Frøken Bowles, 1775
Lord Keppel, 1778

Reynolds var fødd i landsbyen Plympton nær Plymouth. Han var den sjuande av dei elleve barna til presten Samuel Reynolds (1681–1745) og kona hans Theophila Potter (1688–1756). Far hans var skulemeister i Plympton, og det var her Reynold fekk den første utdanninga si. Barna blei oppmuntra til å visa interesse for kunst, og fekk lov til å teikna på veggen av ein lang, kvitmåla korridor med kol. Reynolds laga sitt første kjend portrett som tolvåring, av ein lokal geistleg, Thomas Smart.[1]

Då han var 17 år gammal byrja Reynolds som lærling hos portrettmålaren Thomas Hudson i London. Læretida var meint å vare i fire år, men etter to og eit halvt år forlet han verkstaden til Hudson, då Reynolds hadde lært alt det Hudson kunne lære han. I dei følgjande åra dreiv han med portrettkunst. Si kunstnariske læretid fullførte han med ei reise i Italia i åra 1749-52. Han vart då fascinert av både den antikke kunsten og renessansekunsten, særleg av verka til Rafael og Michelangelo. Men også dei venetianske målarane påverka Reynolds. Inspirasjonen han fekk i Italia er godt synleg i arbeida han laga heime i London. Frå dei gamle meistrane lånte han handlingar, haldningar og gestar til sine eigne arbeid.

Marknaden for målarkunst i England på 1700-talet handla i stor grad om portrett. Mellom målarane sjølve stod historiemåleriet høgst i gunst, eit syn kunstsamlarane ikkje delte. Skulle engelsk målarkunst nå opp til eit nivå jamsides andre europeiske land, måtte historiemåleriet få innpass i England. For å oppnå dette førte Reynolds portrettet nærare historiemåleriet. Denne tilnærminga innebar ei idealisering og opphøging av portrettet, noko kundane tok vel imot. Reynolds vart då den mest populære portrettmålaren i London.

Ved grunnlegginga av Royal Academy of Arts i 1768 vart Reynolds utnemnd til president, basert på populariteten mellom publikum. I stillinga som president kunne han lett arbeide for målet sitt, ei fagleg forbetring av engelsk målarkunst. I 1773 våga han for første gong å stille ut eit historiemåleri på Royal Academy, Ugolino og sønene hans i fangeholet. Med dette verket skulle publikum vekkast så ein fekk gjennomslag for fleire sjangrar enn berre portrettkunsten.

Reynolds årlege foredrag under prisutdelinga i Royal Academy handla om å auke kvaliteten på engelsk kunst. Først prøvde han å hjelpe engelsk målarkunst gjennom doktrinen om «UT Pictura poesis», der målarkunsten nytta poesien i strevet for å skape ein tradisjon. Seinare propaganderte han for historiemåleriet og «grand style», etter hans meining den einaste fornuftige stilen å presentere denne typen bilete på. Slik påverka han, gjennom tale og framsyning av verk, kunstsmaken hos både samlarar og dei som styrte med kunstproduksjonen.

År 1781 gjorde Reynolds ei reise i Flandern. Her vart han sterkt påverka av kunsten til Peter Paul Rubens. Særleg begeistra vart han for fargebruken og den uformelle presentasjonen av motivet. Reynolds jobba sidan i ein meir målande stil, og framsyningane i måleria hans vart livlegare og meir dramatiske.

I 1789 vart han blind og måtte slutte å måle.

Reynolds vert særleg framheva som portrettmålar. I den fine kjensla for form og i det siste penselstrøket overgjekk han alle tidlegare målarar i England, også i den friske fargebruken nådde han eit sjeldant høgt nivå. Derimot mangla han originalitet. Som ein eklektikar søkte han å sameine det beste av Tizian, Rubens, Rembrandt og Correggio, men det kom i klanglege eksperiment som har svekka krafta i mange av måleria hans. Best lukkast han med utsjånaden til ungdom og det friske og naive i barns natur. Reynolds var som målar mindre viktig for innføringa av historiemåleriet, der både komposisjonen av bileta hans og truverdet i presentasjon kan vere mangelfull.

Reynolds døydde i London i 1792 og vart gravlagd frå St. Pauls katedral.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Martin Postle, ‘Reynolds, Sir Joshua (1723–1792)’, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edn. 23. september 2004.