Joshua Wilbur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joshua Wilbur
Fødd1974
Yrkeforskar, lingvist, redaktør
InstitusjonarAlbert-Ludwigs-Universität
Alma materUniversitetet i Leipzig
Christian-Albrechts-Universität zu Kiel
DoktorgradsrettleiarUlrike Mosel

Joshua Karl Wilbur (fødd 1974) er ein amerikansk lingvist som har spesialisert seg på pitesamisk.[1] For tida arbeider han som gjestelektor i digital humaniora ved Universitetet i Tartu.[2]

Utdanning og forsking[endre | endre wikiteksten]

Omslaget til Pitesamisk-svensk ordbok (2016), som Joshua Wilbur var redaktør for.

Wilbur har mastergrad i lingvistikk frå Universitetet i Leipzig med eit verk om kildinsamisk (2008)[3] og doktorgrad i same fag frå Universitetet i Kiel med eit arbeid om pitesamisk (2013)[4]. Han er redaktør av skriftserien Samica (saman med Thomas Mohnike og Michael Rießler). År 2014 publiserte han den tredje og til no mest omfattande grammatikken over pitesamisk (dei første var skrivne av Eliel Lagercrantz og Juhani Lehtiranta). Wilbur var også redaktør for Pitesamisk-svensk ordbok frå 2016, som inneheldt det første utkastet til ein normert ortografi for pitesamisk. I 2019 vart denne ortografien offisielt godkjent.[5][6][7].

Wilbur arbeider med språkteknologi, språkdokumentasjon, deskriptiv lingvistikk, språksosiologi og, som medforfattar til ein ortografi og ei ordbok, med språkplanlegging.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker
  • J. Wilbur (red.), 2016. Pitesamisk ordbok : samt stavningsregler, Samica 2. Freiburg: Universität Freiburg.
  • J. Wilbur, 2014. A grammar of Pite Saami. Studies in Diversity Linguistics 5. Berlin: Language Science Press.
Artiklar i utval

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Joshua Wilbur, Deutsche Nationalbibliothek
  2. Centre for Digital Humanities and Information Society, University of Tartu
  3. Syllable Structures and Stress Patterns in Kildin Saami
  4. A corpus-based grammar of spoken Pite Saami
  5. (Wilbur 2014 A grammar of Pite Saami)
  6. (Wilbur (with Nils Henrik Bengtsson, Marianne Eriksson, Inger Fjällås, Eva Karin Rosenberg, Gry Sivertsen, Valborg Sjaggo, Dagny Skaile, Peter Steggo) 2016 “Pitesamisk ordbok”)
  7. (Wilbur 2016 “Stavningsregler”)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Joshua Wilbur