Josie av Donovan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Josie
Singel av Donovan
frå albumet What's Bin Did and What's Bin Hid
B-side

«Little Tin Soldier» (Shawn Phillips)

Utgjeve 18. februar 1966 (UK)
Innspelt 1965
Sjanger Folk
Lengd 3:28
Selskap Pye 7N17067
Låtskrivar(ar) Donovan
Produsent Terry Kennedy, Peter Eden, Geoff Stephens
Britisk Donovan-kronologi 
«Turquoise»
(10/1965)
Josie «Remember the Alamo»
(4/1966, trekt tilbake)


«Josie» er ein song skriven og innspelt av den skotske visesongaren Donovan. «The Little Tin Soldier» av Shawn Phillips vart nytta som B-side på singelen, som kom ut i Storbritannia den 18. februar 1966 på Pye Records (Pye 7N 17067).

Som Hickory Records i USA var det klårt tidleg i 1966 at Pye Records fekk halde rettane til songane Donovan hadde medan han spelte inn for Pye. I motsetnad til Hickory Records hadde Pye i tillegg rettane til å gje ut framtidige Donovan-album og singlar, slik det stod i den originale kontrakten hans. Alle nye innspelingar frå Donovan var derimot kontraktsmessig stogga frå å kunne gjevast ut.

Som Hickory Records gjorde med «You're Gonna Need Somebody on Your Bond» og «To Try for the Sun» i USA, tok Pye Records eit albumspor og gav han ut som singel utan løyve frå Donovan. «Josie» vart opphavleg gjeven ut for debutalbumet til Donovan, What's Bin Did and What's Bin Hid og vart rekna som ein singel som kanskje kunne selje godt. Pye valde songen «The Little Tin Soldier» frå Fairytale som B-side. Singelen var den første utgjevinga til Donovan som ikkje gjekk inn på listene i Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]