Josie av Steely Dan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Josie
Singel av Steely Dan
frå albumet Aja
B-side

Black Cow

Utgjeve August 1978
Innspelt 1977
Sjanger Jazzfusion, softrock, R&B
Lengd 4:30
Selskap ABC
Tekstforfattar Donald Fagen
Låtskrivar(ar) Walter Becker, Donald Fagen
Produsent Gary Katz
Steely Dan-kronologi 
«FM (No Static at All)»
(1978)
Josie «Hey Nineteen»
(1980)


«Josie» er ein song skriven av Walter Becker og Donald Fagen og først gjeve ut av Steely Dan i 1977 på albumet deira Aja. Han vart òg gjeven ut som den tredje singelen frå albumet og selde forholdsvis bra. Han nådde 26. plassen på Billboard Hot 100 og 44. plassen på Easy Listening-lista det året.[1] Han har sidan komen ut på fleire konsert- og samlealbum av Steely Dan.

Becker speler ein gitarsolo på songen, ein av få på Aja. Fagen syng solovokal. Dei andre musikarane på songen er mellom andre Chuck Raineybassgitar, Victor Feldmanelektrisk piano og Larry Carlton og Dean Parks på guitar.[2] Trommeslagaren er Jim Keltner, som har fått god omtale av kritikaren Victor Aaron for trommene som startar songen på ny etter ein kort pause.

Medverkande[3][endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 228. 
  2. Breithaupt, Don (2007). Aja. Bloomsbuy. ISBN 9781441115188. 
  3. Det originale plateomslaget frå 1977

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]