Jostedalsbreen nasjonalparksenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°54′37.847″N 7°2′56.771″E

Jostedalsbreen nasjonalparksenter

Jostedalsbreen nasjonalparksenter ligg like vest for Jostedalsbreen nasjonalpark, ved Strynevatnet i Oppstryn i Stryn kommune. Senteret blei opna i 1993 og autorisert som nasjonalparksenter i 1997.

Senteret viser panoramafilm om Jostedalsbreen og har utstillingar om skred, geologi, naturlandskap, botanikk og zoologi.

Utanfor senteret ligg det ein geologisk park og ein botanisk hage med 400 artar, dei fleste veks vilt i området.

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er organisert som ei stifting med desse partane: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Stryn kommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Norges Geoteknisk Institutt, Den norske Turistforening, Norsk Botanisk Forening og Nordfjord Folkemuseum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]