Jostein Berntsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jostein Berntsen
Fødd5. februar 1943 (81 år)
Rennebu kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Jostein Berntsen (fødd 5. februar 1943) er ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Rennebu i Sør-Trøndelag. I tida 1977-89 representerte han fylket og ArbeidarpartietStortinget.

Far til Berntsen var gardbrukar. Sjølv gjekk han både på Jordbruksskolen for fjellbygdene, på Skjetlein jordbruksskole og Meldal yrkesskole. Berntsen arbeidde deretter på Hvam landbruksskole og var så arbeidsformann i eit anleggsgartnarfirma i Trondheim. År 1969 tok han over gardsbruket Skugglia i Rennebu og dreiv det til 1999.

Berntsen engasjerte seg i Arbeidarpartiet og var medlem av Rennebu kommunestyre 1972–77. Gjennom stortingsvalet 1977 vart han vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag, og vart attvald ved dei to neste stortingsvala. Dei fyrste åtte åra var han medlem i Landbrukskomitéen, frå 1985 i Samferdslekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]