Jouko Törmänen
Jouko Törmänen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 10. april 1954 Rovaniemi |
Død | 3. januar 2015 (60 år) Rovaniemi |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1976, Skihopping under Vinter-OL 1980 – Stor bakke |
Jouko Sihveri Törmänen (10. april 1954–3. januar 2015) var ein finsk skihoppar frå Rovaniemi. Han vart olympiameister i storbakkerennet under OL 1980 i Lake Placid. I 2004 vart han leiar for hoppkomiteen i det internasjonale skiforbundet (FIS).
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Törmanen var ikkje fylt fjorten år då han 6. januar 1968 debuterte i den tysk-austerrikske hoppveka. Frå 1972 til -82 deltok han i samtlege hoppveker, men kom einast ein gong på pallen, i Innsbruck 1978 vart han nummer tre.
Törmänen deltok i sin fyrste store meisterskap i ski-VM 1974 i Falun. Her overraska han stort og vart beste finne på femteplass i storbakken. Fire år seinare kom han på sjetteplass i storbakkerennet under VM på finsk "heimebane" i Lahti, rennet vart vunne av landsmannen Tapio Räisänen. I mellomtida hadde Törmänen vorte nummer 10 i storbakken Bergisel under vinter-OL 1976 i Innsbruck.
Törmanen gjekk heilt til topps i den store bakken under vinter-OL 1980 i Lake Placid i den USA-amerikanske delstaten New York. Med 271,0 poeng vann han ein klar siger, 8,6 poeng framom Hubert Neuper frå Austerrike. 11. mars 1980 vann Törmanen sin einaste verdscupsiger, under Svenska skidspelen i Falun.
Törmanen vart finsk meister i normalbakken både i 1976, -77, -79 og -80.
Idrettsleiar
[endre | endre wikiteksten]I 2004 tok Törmanen over stillinga som formann i hoppkomiteen i FIS etter nordmannen Torbjørn Yggeseth. Han beheldt denne stillinga i ei årrekkje.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jouko Törmanen» frå Wikipedia på tysk, den 20. november 2012.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Jouko Törmänen – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Einskildmenn
- Fødde i 1954
- Døde i 2015
- Finske skihopparar
- Verdsmeistrar i skihopping
- Olympiske meistrar for Finland
- Olympiske medaljevinnarar i skihopping
- Finske deltakarar under vinter-OL 1976
- Skihopparar under vinter-OL 1976
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1980
- Finske deltakarar under vinter-OL 1980
- Skihopparar under vinter-OL 1980