Joule–Thomson-effekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Joule–Thomson-effekt er ein effekt der ein gass som ekspanderar synker i temperatur, mens ein gass som kompromerast øykar i temperatur. Som forsøk kan ein få ei temperaturendring i ein gass som følgje av at han langsamt strøymer gjennom ein porøs plugg, eit kapillarrøyr, ein ventil eller liknande, til ein stad med lågare trykk. Minkar temperaturen, kallast effekten positiv; i motsett fall negativ. Ved vanleg temperatur vil effekten ytre seg som avkjøling, utanom for hydrogen, helium og neon. Ved særs låg temperatur blir òg desse avkjølt. Effekten blir utnytta teknisk blant anna ved framstilling av flytande luft. Han er òg av stor teoretisk interesse.

Effekten vart oppdaga av James Prescott Joule og William Thomson Kelvin (Lord Kelvin) i 1853.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]