Joy to the World

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Joy to the World» er ein populær julesong.[1]

Teksten er skriven av den engelske salmeforfattaren Isaac Watts, basert på Salme 98 i Bibelen. Songen vart først publisert i 1719 i samlinga til Watts: The Psalms of David: Imitated in the language of the New Testament, and applied to the Christian state and worship. Watts skreiv teksten til «Joy to the World» som ein hymne som lovprisa Jesu gjenkomst,[2] og ikkje ein song om Jesu fødsel. Berre den andre halvdelen av teksten til Watts vert framleis nytta i dag.[3]

Musikken vart tilpassa og arrangert til teksten til Watts av Lowell Mason i 1839 frå ein eldre melodi som ein då trudde kom frå Händel, ikkje minst fordi temaet i refrenget (And heaven and nature sing...) finst i orkesteropninga og akkompagnementet til resitativet Comfort ye frå Messias av Händel, og dei første fire tonane er lik byrjinga på koralane Lift up your heads and Glory to God frå det same oratoriet. Händel komponerte likevel ikkje heile melodien.[4] Namnet «Antioch» vert generelt nytta om melodien.

Seint på 1900-talet var «Joy to the World» den mest publiserte julesongen i Nord-Amerika.[1]

Kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Av kjende innspelingar av songen finst ein instrumentalversjon dirigert av Percy Faith. Han vart først spelt inn i 1954 på albumet hans Music of Christmas (Columbia CL 588), og igjen i stereo i 1959 som Columbia 8176.

Den popuære europeiske gruppa Boney M. spelte inn songen i 1984 og kom ut internasjonalt i 1986 på plata The 20 Greatest Christmas Songs.

John Rutter arrangerte julesongen i stilen til Händel og spelte inn dette arrangementet to gonger med Cambridge Singers, for julealbuma deira Christmas Star (1983) og Christmas with the Cambridge Singers (1989).

I 1965 spelte The Supremes inn songen for albumet deira Merry Christmas.

Andy Williams spelte inn melodien som ein langsam ballade i 1974 på Christmas Present.

Mariah Carey spelte inn songen i 1994 for albumet Merry Christmas. Carey-versjonen, gjort som ein dansepop-song, kombinerte refrenget (med noko anna tekst) med Hoyt Axton-songen «Joy to the World» (gjort populær av Three Dog Night). Charlotte Church spelte inn ein versjon av denne songen i 2000 for julealbumet Dream a Dream. The Jonas Brothers spelte inn ein versjon av denne songen kalla «Joyful Kings» i 2008 for Disney Channel-julealbumet All Wrapped Up.

Whitney Houston spelte inn songen for The Preacher's Wife: Original Soundtrack Album (1996), og denne var òg med på One Wish: The Holiday Album (2003). I 2002 spelte Patty Loveless & Jon Randall ein duett av songen for Patty-albumet Bluegrass & White Snow: A Mountain Christmas. Clay Aiken spelte inn songen i 2004 for albumet Merry Christmas with Love.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Vers 1

Joy to the world! the Lord is come;
Let earth receive her King;
Let every heart prepare him room,
And heaven and nature sing,
And heaven and nature sing,
And heaven, and heaven, and nature sing.

Vers 2

Joy to the world! the Saviour reigns;
Let men their songs employ;
While fields and floods, rocks, hills, and plains
Repeat the sounding joy,
Repeat the sounding joy,
Repeat, repeat the sounding joy.

Vers 3 (valfritt)

No more let sins and sorrows grow,
Nor thorns infest the ground;
He comes to make His blessings flow
Far as the curse is found,
Far as the curse is found,
Far as, far as, the curse is found.

Vers 4

He rules the world with truth and grace,
And makes the nations prove
The glories of His righteousness,
And wonders of His love,
And wonders of His love,
And wonders, wonders, of His love.

Parodiar[endre | endre wikiteksten]

Joy to the World, Our Teacher's Dead er ein parodi som engelskspråklege skuleborn syng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joy to the world! the Lord is come! at Hymnary.org
  2. Joy to the World!, Worship Leader magazine (archive.org, 2011-07-18)
  3. Handelian FAQs

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]