Hopp til innhald

Ju Wenjun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ju Wenjun

Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 31. januar 1991 (34 år)
Ju Wenjun på Commons

Ju Wenjun [a] (fødd 1991)[1] er ein kinesisk stormeister i sjakk. Ho har vore verdsmeister i sjakk for kvinner sidan 2018. I mars 2017 blei ho den femte kvinna som oppnådde ei rating på 2600.[2] Ho har vunne verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner fire gongar; fyrste gongen i mai 2018 mot Tan Zhongyi. Ho forsvarte deretter tittelen sin i november 2018 mot Jekaterina Lagno, i 2020 mot Aleksandra Gorjatsjkina[3], og i 2023 mot Lei Tingjie.[4]

Ju byrja å spele sjakk i ein alder av sju.[5]

I desember 2004 hamna Ju Wenjun på ein tredjeplass i asiameisterskapen i sjakk for kvinner i Beirut.[6] Dette kvalifiserte ho til å spele sin fyrste verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner i 2006. Ho konkurrerte i dette arrangementet også i 2008, 2010, 2012, 2015 og 2017.

Ju vann den kinesiske sjakkmeisterskapen i sjakk for kvinner i 2010 og 2014.[7] I juli 2011 vann ho Women Grandmaster Chess Tournament i Hangzhou, utan å tape eit parti, med ein poengsum på 6½/9 poeng, føre den dåverande verdsmeisteren for kvinner Hou Yifan.[8] I oktober 2011 tok ho andreplassen under Naltsjik-turneringa i FIDE Grand Prix for kvinner 2011–12 med 7 av 11 poeng, 2,5 poeng bak vinnaren Zhao Xue. Prestasjonen var nok til å oppnå hennar tredje og siste stormeisternorm.[9] Men, ein av de tre normane mangla signaturen til dommaren, og tok dimed frå ho for moglegheita til tittelen.[10]

Frå 18. juni til 2. juli i 2014, i den 5. turneringa av FIDE Grand Prix for kvinner 2013–14 i Lopota Resort i Georgia, enda Ju på delt andreplass med Elina Danieljan og ein poengsum på 7 av 11 poeng. Dette blei også hennar fjerde stormeisternorm. I den 6. turneringa av FIDE Grand Prix for kvinner 2013–14 i Sharjah i Dei sameinte arabiske emirata enda ho på ein delt fyrsteplass saman med Hou Yifan, med ein poengsum på 8,5 av 11 poeng, men vann arrangementet takka være ein betre tiebreak-score.[11]

I november i 2014 tildelte FIDE Ju stormeistertittelen.[12] Med seks stormeister-normer, inkludert tre normer frå Women's Grand Prix (1 frå kvar serie), blei ho ein fullverdig stormeister, den 31. kinesiske stormeisteren, og den 31. kvinna med tittelen.

I desember i 2017 vann Ju verdsmeisterskapen i hurtigsjakk for kvinner i Riyadh, [13] og igjen når det blei arrangert i St. Petersburg i desember 2018.[14] Ho scora høvesvis 11,5 av 15 poeng[15] og 10 av 12 poeng.[16] Under VM i hurtig- og lynsjakk 2024 i New York kom ho på andreplass i hurtigsjakk, 0,5 poeng bak Humpy Koneru. Ju enda opp med 8 av 11 poeng, same poengsum som Jekateryna Lagno og Tan Zhongyi.[17]

Ju oppnådde den største sigeren i karrieren under den femte runden av Tata Steel Chess Tournament 2024, då ho slo Alireza Firouzja, den dåverande sjette høgaste rangerte i verda.[18]

Verdsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Ju vann FIDE Grand Prix for kvinner 2015–16.[19][20] Dette kvalifiserte ho til ein kamp om verdsmeisterskapen for kvinner mot den regjerande meisteren Tan Zhongyi. Ju vann kampen i mai i 2018, og blei med det verdsmeister for kvinner.

Den neste verdsmeisterskapen for kvinner blei avgjord i ei utslagsturnering med 64 spelarar. Ju vann turneringa og beheldt verdsmeistertittelen for kvinner.[21] Sidan den gongen har ho forsvart tittelen sin to gongar: fyrst mot Aleksandra Gorjatsjkina[22] under verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner 2020 (6–6; 2,5–1,5 i tiebreak), og deretter mot Lei Tingjie i verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner 2023 (6,5–5,5).

Ju har spelt for det kinesiske kvinnelandslaget sidan 2008. Laget hennar vann gullmedalje i sjakk-OL 2016, verdsmeisterskapen i lagsjakk for kvinner i 2009 og 2011, Asian Nations Chess Cup for kvinner i 2012, 2014 og 2016, gullmedalje i sjakk-OL 2018, og under Asialeikane 2010.

I 2013 vann Ju sølvmedaljen med klubben Shanghai i Asian Cities Chess Championship i Dubai.

Ju spelar for sjakklubben Shanghai i China Chess League.[23]

Ju blei uteksaminert frå Shanghai University of Finance and Economics i 2015.[24]

  1. hanzi: 居文君; pinyin: Jū Wénjūn
  1. title application. FIDE.
  2. «Goryachkina6th woman ever to cross 2600 | chess24.com». web.archive.org. 19. mai 2023. Arkivert frå originalen 19. mai 2023. Henta 24. mars 2024. 
  3. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  4. «FIDEadopts a new system for the Women's Candidates 2022-23». www.fide.com (på engelsk). Henta 24. mars 2024. 
  5. «JUWENJUN». Henta 1. mai 2023. 
  6. «The Week in Chess 529». theweekinchess.com. Henta 24. mars 2024. 
  7. Ramirez, Alejandro. «Yu Yangyi & Ju Wenjun Chinese Champs». ChessBase. Henta 16. desember 2016. 
  8. Liang, Ziming. «1st Hangzhou WGM Tournament – Ju Wenjun wins, Harika becomes GM». ChessBase. Henta 26. oktober 2015. 
  9. «TitleApplications – 4th quarter Presidential Board Meeting, 7–10 November 2014, Sochi, RUS». FIDE. Henta 16. desember 2016. 
  10. Niklesh Kumar Jain. «SharjahGrand Prix winner Ju Wenjun». ChessBase. Henta 16. desember 2016. 
  11. Niklesh Kumar Jain. «SharjahGrand Prix winner Ju Wenjun». ChessBase. Henta 16. desember 2016. 
  12. «InternationalChess Federation - FIDE». www.fide.com (på engelsk). Henta 24. mars 2024. 
  13. «Viswanathan Anand and Ju Wenjun are World Rapid Champions!». Henta 2. januar 2018. 
  14. ChessBase staff. «FIDEWorld Rapid Champions: Dubov and Ju». ChessBase. Henta 28. desember 2018. 
  15. «KingSalman World Rapid Championship 2017 Women». Henta 30. desember 2018. 
  16. «KingSalman World Rapid Championship 2018 Women». Henta 30. desember 2018. 
  17. «FIDE Women's World Rapid Chess Championship 2024 - All the Information». Chess.com (på engelsk). Henta 30. desember 2024. 
  18. «TataSteel Chess R5: Ju upsets Firouzja, Roebers stuns Niemann». Henta 19. januar 2024. 
  19. «Ju Wenjun is triumphant in Khanty-Mansiysk». FIDE. 
  20. Schulz, André. «Ju Wenjun wins Grand Prix series». ChessBase. Henta 16. desember 2016. 
  21. Houska, Jovanka. «Ju Wenjun Beats Lagno In Playoff, Wins Women's World Chess Championship». Chess.com. Henta 24. november 2018. 
  22. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  23. «雅戈尔杯中国国际象棋甲级联赛官方网站». Arkivert frå originalen 28. oktober 2011. Henta 28. oktober 2011. 
  24. «JUWENJUN». Henta 1. mai 2023.