Juan Fernández-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Juan Fernández-øygruppa)
Juan Fernández-øyane
øygruppe
Land  Chile
Kart
Juan Fernández-øyane
33°38′29″ S 78°50′28″ W
Wikimedia Commons: Juan Fernández Islands
Hovudstaden San Juan Bautista, Robinson Crusoe-øya i 2008.

Juan Fernández-øyane (spansk Archipiélago Juan Fernández) er ei vulkansk øygruppe som ligg utanfor den chilenske kysten, sør i Stillehavet ca. 670 km vest for Valparaiso. Øygruppa består av tre større øyar: Robinson Crusoe-øya, Alejandro Selkirk-øya og Santa Clara-øya. Gruppa er oppkalla etter Juan Fernández, som oppdaga øyane på 1570-talet.

Øyane er knytte til den stranda sjømannen Alexander Selkirk, som budde på Robinson Crusoe-øya i meir enn fire år frå 1704. Opplevingane hans skal ha inspirert Daniel Defoe si bok Robinson Crusoe,[1] og to av øyane er no kalla opp etter den oppdikta og den verkelege øybuen. Dei fleste av dei noverande innbyggjarane til øygruppa lever på Robinson Crusoe-øya, og hovudsakleg i hovudstaden San Juan Bautista, som ligg ved Cumberland Bay på nordkysten av øya. Næringslivet er basert på turisme og fiske.

Administrativt er øygruppa er ein del av Valparaíso-regionen, som også inkluderer Påskeøya og utgjer saman med Desventuradas-øyane ein av dei ni kommunane i Valparaíso-provinsen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Eit satellittbilete av eit mønster av skyar som blir danna frå ei uro nedst til venstre som forårsakar ein serie kvervlande skyar som gradvis forsvinn når dei rører seg til øvre høgre
Landsat 7 bilete av Juan Fernández-øyane 15. september 1999, viser det unike skymønsteret kjent som «Kármánsk kvervelgate» forårsaka av samspelet mellom vind og fjella på øyane

Alejandro Selkirk er den største av Juan Fernández-øyane på 49,5 km², og den høgaste fjelltoppen der, Cerro de Los Inocentes, er også det høgaste punktet i øygruppa på 1 268 moh. Berre 57 personar budde på Alejandro Selkirk-øya i 2012. Robinson Crusoe er den nest største øya i øygruppa på 47,9 km²; den høgaste toppen der, El Yunque, er 915 moh. Folkesetnaden i Robinson Crusoe-øya var 843 i 2012. Santa Clara er 2,2 km² i areal og når ei høgd på 375 moh. Santa Clara er ikkje folkesett. Fjella på øyane er høge nok til å vere årsak til fenomenet kjent som «Kármánsk kvervelgate», som kan observerast frå verdsrommet.

Øyane har vulkansk opphav, produsert av rørsla av Nazcaplata over ein vulkansk søylestraum (hotspot). Når plata rører seg austover over det varme punktet, blir Juan Fernández-ryggen utforma av vulanutbrot før plata blir subdusert under det søramerikanske kontinentet ved Peru-Chile-gropa. Øyane oppstår der toppane på den undersjøiske ryggen stikk over havoverflata. Radiometrisk datering indikerer at Santa Clara er den eldste av øyane, 5,8 millionar år gammal, etterfølgd av Robinson Crusoe-øya, 3,8–4,2 millionar år, og Alexander Selkirk, 1,0–2,4 millionar år.

Havbotnen rundt Juan Fernández-øyane er rik på mangan-jernknutar, som kan vere av potensiell økonomisk interesse.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kart over øyane og den chilenske kysten.

Øyane ber namn etter oppdagaren sin, den spanske sjøfararen Juan Fernández. Han oppdaga øyane 22. november 1574 på veg frå Peru til Valparaíso, og kalla dei tre større øyane for Más Afuera, Más a Tierra, og Islote de Santa Clara. Den skotske sjøfararen Alexander Selkirk har gjort øyane kjende etter at han vart verande stranda på Robinson Crusoe-øya i fire år (1704-1708). Dette har truleg vorte til inspirasjon for Daniel Defoe sin verdskjende roman, Robinson Crusoe.

Dei moderne namna på øyane vart gjevne av den chilenske regjeringa i 1966 for å appellera til turistane. I røynda sette aldri Selkirk beina sine på øya som ber namn etter han, men berre på Robinson Crusoe-øya; Más a Tierra. Øyane vart også vitja av den britiske sjøfarande admiralen George Ansonsi jordomsegling frå 1740 til 1744.

Italienaren Alessandro Malaspina slo endeleg fast posisjonen til øygruppa i 1790. Utover 1800-talet vart øyane særleg interessante for jakt på pelssel. Den endemiske Juan Fernández-pelsselen vart jakta så mykje at ein trudde han vart utrydda. Seinare vart det oppretta ein straffekoloni på både Robinson Crusoe og Alexander Selkirk.

Frå og med 1818, då Chile erklærte seg som ein uavhengig stat, har øyane vore underlagt Chile. I 1834 vart øyane vitja av amerikanaren Richard Henry Dana jr.. I ei bok skriv han om korleis han vart vitne til at straffangane på øya hadde gjort opprør, drepe fangevaktarane sine, og rømt til fastlandet der dei seinare vart jakta på og skotne. Chile tok til å senda nybyggjarar til øya i 1877.[3]

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Den svenske botanikaren Carl Skottsberg vitja øyane i 1908, under den svenske magellanekspedisjonen, og igjen i 1916-17. Ein trur at Skottsberg vart den siste som fekk sjå sandeltreet Santalum fernandezianum før det vart utrydda.[4] Dette treet var endemisk for Chile, men var ettertrakta for den aromatiske lukta frå veden.[5] Då Skottsberg vitja øyane ein siste gong i 1954 merka han seg at mykje av den naturlege vegetasjonen var forsvunnen.[6]

Under fyrste verdskrigen vart øyane vitja av tyske stridsfolk i samband med slaget ved Coronel og slaget ved Falklandsøyane i 1914.

Den 27. februar 2010 vart øyane råka av eit jordskjelv på 8,8 på richterskalaen med episenter utanfor Maule i Sentral-Chile. Skjelvet resulterte i ein tsunami som tok livet av minst åtte øybuarar. Den 2. september 2011 krasja eit chilensk militærfly då det forsøkte å landa på øyane i dårleg vêr. Alle dei 21 ombord omkom, mellom dei fleire kjende nasjonale TV-journalistar.

Økosystem[endre | endre wikiteksten]

Dendroseris litoralis, eit tre i korgplantefamilien.

Juan Fernández-øyane er leveområdet for ein høg prosentdel av sjeldne og endemiske plantar og dyr, og er anerkjent som ein distinkt økoregion. Det vulkanske opphavet på øyane og avsidesliggjande plassering gjorde at floraen fauna nådde øygruppa over havet; som eit resultat er øya heimstad for relativt få planteartar og svært få dyreartar. Dei næraste slektningane til plantane og dyra til øygruppa finst i økoregionane med temperert lauvskog og blandingsskog i Sør-Amerika, inkludert dei tempererte valdiviske skogane og dei magellanske subpolare skogane.

Flora[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar at det fanst 520 planteartar inklusive mosar og levermosar før år 1574. Andelen av endemiske artar utgjorde over 50 %. Ein har funne to endemiske familiar, Lactoridaceae og Thyrsopteridaceae. Medrekna introduserte artar er det i dag ca. 974 planteartar. Endemiske artar blant blomstarande plantar, dekkfrøplantar, utgjorde ein langt større andel, 104 (67 %) av 156 opphavlege artar.[7] Dei opphavlege planteartane har opphav frå neotropisk område, New Zealand og andre øyar i Stillehavet, og i Australia.[3] Vegetasjonssoner er synlege i samsvar med generell høgd over havet, med grassletter og buskområde i lågare høgder, fjellskogar på middels høgd, og buskar på dei høgaste høgdene. Dei to hovudøyane har ulike plantesamfunn.

Alejandro Selkirk er stort sett dekt med grassletter frå 0 til 400 m, ispedd skogkledde ravinar (quebradas), heim til tørre skogar dominert av myrteslekta Myrceugenia og arten Zanthoxylum fagara i rotefamilien. Frå 400 m til 600 m er finn ein fjellskogar av småvaksen treslag, med øvre fjellskogar frå 600 m til 950 m. Tregrensa er på omtrent 950 moh., over det ein alpin busk- og grasmark, dominert av temperert magellansk vegetasjon som Acaena i rosefamilien, Dicksonia og Myrteola i myrtefamilien, Drimys, Gunnera, Gaultheria, Ugni og artar i kreklingslekta, Empetrum. På Robinson Crusoe dominerer grassletter frå 0 til 100 moh., introduserte buskartar frå 100 til 300 moh., høge skogar frå 300 til 500 moh., fjellskogar frå 500 til 700 moh., bregneskogar frå 700 til 750 moh., og krattskog over 750 moh. Santa Clara er dekt med grassletter.

Tre endemiske artar dominerer dei høge og lågare fjellskogane i øygruppa, Drimys confertifolia på begge hovudøyane, Myrceugenia fernandeziana på Robinson Crusoe og M. schulzei på Alexander Selkirk. Andre slekter som har mange endemiske artar inkluderer Gunnera, Peperomia, Wahunbergia, Chenopodium og Eryngium. I høgare nivå finst trebregner, til dømes artar av bjønnkamslekta, Blechnum.

Ein endemisk sandeltreart, Santalum fernandezianum, vart overutnytta for sitt velduftande tre, har ikkje vore sett sidan 1908, og blir rekna som utdøydd. Chonta-palmen (Juania australis), som er endemisk på Juan Fernández-øyane, er truga.

Invasive artar tar over særleg i låglandet slik at meir enn 70 % av endemiske artar er klassifiserte som truga under IUCN sine kriterium for truga artar.[3]

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Gullkolibri på Robinson Crusoe-øya.

Juan Fernández-øyane har ein svært avgrensa fauna, utan nokon opphavlege landpattedyr, krypdyr eller amfibium. Introdusert fauna av menneske inkluderer rotter og geiter. Øyane har tre endemiske fugleartar, og tre endemiske underartar.

Dei tre landfugleartane som er endemiske til Juan Fernández-øyane:[8]

  • Gullkolibri, Sephanoides fernandensis, Juan Fernandez Firecrown, (King, PP, 1831), kritisk truga (CR)
stor, 11 centimeter lang kolibri, endemisk for Robinson Crusoe-øya, ca. 1 500-3 500 modne individ.[9] Einaste kolibriart som er endemisk for ei øy i Stillehavet[3]
  • Masafueratornstjert, Aphrastura masafuerae, Masafuera Rayadito, (Philippi & Landbeck, 1866), kritisk truga (CR)
endemisk for Alejandro Selkirk-øya, 70-400 individ.[10]
endemisk for Robinson Crusoe-øya, ca. 5 000 individ på 1980-talet.[11]

To artar av petrellar er endemiske hekkefuglar, dei lever avgrensa i område i Stillehavet og har hekkestadene sine på Juan Fernández-øyane:[8]

verdas einaste kjente hekkeplass er på Alejandro Selkirk-øya, minst 3 millionar individ[12]
  • Sotnakkepetrell, Pterodroma longirostris, Stejneger's Petrel, (Stejneger, 1893), sårbar (VU)
verdas einaste kjente hekkeplass er på Alejandro Selkirk-øya, 262 000-400 000 individ (1990-talet).[13]

Ein art

  • Masatierrapetrell, Pterodroma defilippiana, De Filippi's Petrel, (Giglioli & Salvadori, 1869), sårbar (VU)
hekkar på Santa Clara-øya ved Robinson Crusoe-øya, dessutan på Desventuradas-øyane. Færre enn 10000 individ globalt.[14]

I tillegg til dei tre endemiske fugleartane var det fire andre etablerte landfuglartar på øygruppa før 1574. Etter det er det innført omtrent sju invasive artar av menneske, til dømes gråsporv og klippedue, og meir enn 15 andre sjøfuglartar hekkar på øygruppa, slik at fuglefaunaen av hekkande artar tel totalt ca. 30 artar per 2009.[3] Øygruppa blir òg vitja av sjøfuglartar og trekkfuglar utan at dei er etablerte hekkefuglar. Alle dei tre øyane i Juan Fernandez-øygruppa har vorte anerkjende som viktige fugleområde (IBA) av BirdLife International.[15]

Hummararten Jasus frontalis lever ved Juan Fernández-øyane og Desventuradas-øyane. Juan Fernández-pelsselen (Arctocephalus philippii) lever også i dette farvatnet. Denne arten vart nesten utrydda i det sekstande til det nittande hundreåret, men han vart gjenoppdaga i 1965. Ei teljing i 1969 fann rundt 750 pelssel som levde der. I dag er arten klassifisert som levedyktig av IUCN med global populasjon på over 16 000 modne individ.[16]

Ein har kartlagt 610 opphavlege insektartar på øygruppa, av dei heile 72 % endemiske til øyane. Dei fleste insektartane er trudd å ha opphav frå Chile, men det finst òg påverknad frå den indomalayiske regionen og stillehavsregionen. I tillegg til den opphavlege insektfaunaen er det funne ca. 77 antatt innførte insektartar per 2009.[3]

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Økosystemet på øygruppa er truga av nærvære av menneske og aktiviteten som går føre seg. Dette inkluderer overutnytting av skog- og dyreressursar, pågåande innføring av framande karplantar og dyreartar som geiter og kyr, muldyr, grisar, kaninar, rottar, fjørfe og andre.

I 1977 erklærte UNESCO nasjonalparken for øyane som eit biosfærereservat.[17] Frå 1976 har den chilenske nasjonalparktenesta vore aktiv på øygruppa.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Severin, Tim (2002). In Search of Robinson Crusoe. New York: Basic Books. s. 17–19. ISBN 978-046-50-7699-4. 
  2. García, Marcelo; Correa, Jorge; Maksaev, Víctor; Townley, Brian (31 January 2020). «Potential mineral resources of the Chilean offshore: an overview». Andean Geology 47 (1): 1–13. doi:10.5027/andgeoV47n1-3260. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 S. Haberle  Juan Fernandez Islands The Australian National University, Canberra. 2009 (opphavleg utgjevar: Berkley, USA)
  4. Skottsberg, Carl (1911), The wilds of Patagonia; a narrative of the Swedish expedition to Patagonia, Tierra del Fuego and the Falkland Islands in 1907-1909, University of California Libraries, London : E. Arnold, s. 141-143, henta 23. februar 2023 
  5. «Santalum fernandezianum F. Phil. | The Endemic Plants of Chile», chileanendemics.rbge.org.uk, henta 23. februar 2023 
  6. «Carl J F Skottsberg - Svenskt Biografiskt Lexikon», sok.riksarkivet.se, henta 23. februar 2023 
  7. Tala for fordelinga mellom opphavlege artar og innførte artar må reknast for omtrentlege fordi det ikkje gjekk føre seg kartlegging av artsmangfald dei første hundeåra etter tilkomst av menneske i 1574.
  8. 8,0 8,1 Shirihai, H., Díaz, H. A., Huichalaf, J. E., & Bretagnolle, V. (2015). Endemic breeding birds of Juan Fernández archipelago, Chile. Dutch Birding, 37, 1-20
  9. BirdLife International (2023) Species factsheet: Sephanoides fernandensis. Henta frå http://www.birdlife.org 9. januar 2023
  10. BirdLife International (2023) Species factsheet: Aphrastura masafuerae. Henta frå http://www.birdlife.org 9. januar 2023
  11. BirdLife International (2023) Species factsheet: Anairetes fernandezianus. Henta frå http://www.birdlife.org 9. januar 2023
  12. BirdLife International (2023) Species factsheet: Pterodroma externa. Henta frå http://www.birdlife.org 9. januar 2023
  13. BirdLife International (2023) Species factsheet: Pterodroma longirostris. Henta frå http://www.birdlife.org 9. januar 2023
  14. BirdLife International (2023) Species factsheet: Pterodroma defilippiana. Henta frå http://www.birdlife.org 9. januar 2023
  15. BirdLife International (2023) Important Bird Areas factsheet: Parque Nacional Archipiélago de Juan Fernández: Islas Robinson Crusoe and Santa Clara. Henta frå http://www.birdlife.org 9. januar 2023
  16. Aurioles-Gamboa, D. 2015. Arctocephalus philippii The IUCN Red List of Threatened Species 2015: e.T2059A61953525. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2015-2.RLTS.T2059A61953525.en. Henta 9. januar 2023
  17. UNESCO om biosfærereservatet på øyane

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]