Jubelhornet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jubelhornet er ei visegruppe frå Fjaler som framfører tekstar av Jakob Sande, tonesett av lokale tonekunstnarar. Gruppa består av fyljande lokale musikarar:

  • Jørgen Alisøy - song og gitar, musikalsk leiar
  • Jan Haugen - trekkspel, mandolin og song
  • Andreas Ramstad - trekkspel og song
  • Hallvard Arstein - bass og song
  • Joy Taylor - song
  • Anne-Hilde Skadal – song.

Jubelhornet har eksistert i mange år, og turnert i Sør-Noreg med fleire ulike konsertar, basert på eit utval av tekstane til Jakob Sande. Dei fleste av tekstane, og mykje av musikken er kjend stoff for mange. Men ein heil del er nytt stoff, eller gamalt stoff i ny drakt. Namnet Jubelhornet har sitt opphav i novella av Jakob Sande, med same namn.