Jubilee-linja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Linjer i
London Underground
  Bakerloo
  Central
  Circle
  District
  Hammersmith & City
  Jubilee
  Metropolitan
  Northern
  Piccadilly
  Victoria
  Waterloo & City
 
  Docklands Light Railway
  London Overground

Jubilee-linja er ei linje i London Underground. Den blei opna 1. mai 1979 på ei av dei to greinene på Bakerloo-linja, for å avlaste denne. Ein fire kilometer lang seksjon blei lagt til dette, slik at den går fram til Charing Cross. Den gamle undergrunnsstasjonen Charing Cross blei då omdøypt til Embankment. Linja er markert med grå farge, ofte referert til som sølv, på undergrunnskartet.

Linja skulle eigentleg heite Fleet-linja, etter elva Fleet, men på grunn av dronning Elisabeth II sitt sølvjubileum i 1977, og fordi planane om å forlenge linja til Fleet street hadde blitt skrinlagt, valde ein å kalle den Jubilee-linja. Gråfargen på kartet blei vald for å minne om sølvjubileet.

Ei utviding til Lewisham på den andre sida av Themsen var planlagt frå starten av, men blei ikkje starta på grunn av pengemangel. Ingenting skjedde før i 1990-årene, då arbeidet blei sett i gang. På det tidspunktet hadde det vore store forandringar i landskapet, spesielt i Docklands, og utvidinga fekk ein annan form enn den som opphavleg var planlagt. Strekninga frå Green Park til Charing Cross blei nedlagt, og linja blei lagt om via Westminster og Waterloo.

Kart[endre | endre wikiteksten]

Kart over Jubilee-linja

Stasjonar[endre | endre wikiteksten]

Frå vest mot aust.

  • Stanmore
  • Canons Park
  • Queensbury
  • Kingsbury
  • Wembley Park
  • Neasden
  • Dollis Hill
  • Willesden Green
  • Kilburn
  • West Hampstead
  • Finchley Road
  • Swiss Cottage
  • St. John's Wood
  • Baker Street
  • Bond Street
  • Green Park

Blir delt i to greiner etter Green Park

Charing Cross-greina[endre | endre wikiteksten]

  • Charing Cross (nedlagt for Jubilee-linja i 1999)

Stratford-greina[endre | endre wikiteksten]

  • Westminster
  • Waterloo
  • Southwark
  • London Bridge
  • Bermondsey
  • Canada Water
  • Canary Wharf
  • North Greenwich
  • Canning Town
  • West Ham
  • Stratford