Judas Priest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Judas Priest
Judas Priest - Redeemer of Souls - 9th Oct 2014 - Barclay Center, Brooklyn , New York.jpg
Judas Priest på Redeemer of Souls-konserten den 9. oktober 2014 i Barclay Center i Brooklyn i New York
Opphav Birmingham i England
Sjanger Heavy metal
Aktive år 1969 til i dag
Tilknytte artistar
Plateselskap
Nettstad www.judaspriest.com
Medlemmer
Ian Hill
Rob Halford
Glenn Tipton
Scott Travis
Richie Faulkner
Tidlegare medlemmer
K.K. Downing
Al Atkins
John Ellis
Alan Moore
John Hinch
Les Binks
Dave Holland
Tim «Ripper» Owens

Judas Priest er eit engelsk heavy metal-band skipa i Birmingham i England i 1969. Bandet har seld over 45 millionar album så langt. MTV rangerte dei som det nest største metal-bandet gjennom tidene. Trass i nyskapande musikk på siste halvdel av 1970-åra, sleit bandet med likegyldig-produserte album, mange byte av trommeslagarar og mangel på større kommersiell suksess eller merksemd før 1980, då dei gjekk for ein enklare stil med albumet British Steel som gjorde dei til superstjerner. I 1989 vart dei saksøkte og måtte i retten då det vart hevda at undermedvitne meldingar i songen «Better By You, Better Than Me» hadde ført til at to unge menn hadde teke sjølvmord. Saka vart til slutt avvist.

Bandet har hatt fleire endringar i besetninga, mellom anna mange forskjellige trommeslagarar i 1970-åra, og ein periode utan songaren Rob Halford tidleg i 1990-åra. Den noverande besetninga består av Halford, gitaristane Glenn Tipton og Richie Faulkner, bassisten Ian Hill og trommeslagaren Scott Travis. Det bestseljande albumet til bandet er Screaming for Vengeance frå 1982, med den mest suksessrike besetninga deira, som bestod av Halford, Tipton, Hill, gitaristen K.K. Downing og trommeslagaren Dave Holland.

Stilen deira med den opera-aktige vokalen til Halford og den doble gitarlyden til Downing og Tipton er blitt brukt av mange band. Imaget deira med lêr, naglar og andre tabuartiklar innan klede vart særs innverknadsrik under glam metal-tida i 1980-åra. The Guardian kalla British Steel plata som definerer heavy metal. Trass i dalande popularitet i 1990-åra har bandet seinare blitt meir populære igjen med verdsturnear, innlemming i VH1 Rock Honors i 2005, ein Grammypris for beste metal-song i 2010, og songane deira vart nytta i videospel som Guitar Hero og Rock Band-serien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphav (1969–1974)[endre | endre wikiteksten]

Eit tidlegare band med ei anna besetning oppstod i West Midlands-området i 1969 med Al Atkins (solovokal), Bruno Stapenhill (bass, fødd Brian Stapenhill i 1948 i Stone Cross i West Bromwich), John Partridge (trommer, f. ca. 1948 i West Bromwich) og John Perry (gitar).[1][2] Stapenhill kom på namnet Judas Priest frå Bob Dylan-songen «The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest»[3] og dei øvde i huset hans i Stone Cross. Perry døydde anten i ei bilulukke eller tok sjølvmord, i følgje Al Atkins,[4] kort tid etter bandet vart danna, og vart så erstatta av Ernie Chataway.[5]). Bandet spelte den første konserten sin 25. november 1969 på The George Hotel i Walsall og tunerte så i Skottland i desember 1969 og januar 1970. Gruppa vart oppløyst i april 1970 etter den siste konserten deira den 20. april i The Youth Centre i Cannock.

Besetninga som tok over namnet Judas Priest bestod av sologitaristen Kenny K.K. Downing, bassisten Ian «Skull» Hill og trommeslagaren John Ellis. Dei første to hadde kjend kvarandre sidan barndommen og voks opp i Yew Tree i West Bromwich og vart nær vener tidleg i tenåra, då dei delte same musikksmak (Black Sabbath, Led Zeppelin, Deep Purple, Jimi Hendrix, The Who, Cream, The Yardbirds) og lærte å spele instrument. Bandet vart skipa i oktober 1970 i Birmingham. Dei gjekk med på å bli med Atkins, som føreslo å bruke det gamle bandnamnet sitt. Dei øvde i huset til svigermora til Atkins i Stone Cross. Den nye gruppa heldt den første konserten sin den 16. mars 1971 i St John's Hall i Essington.

Med Downing som fungerande leiar, flyttar bandet bort frå den originale bluesstilen mot hardrok. Kvartetten spelte kring Birmingham og områda rundt med forskjellige trommeslagarar fram til 1974, og varma stundom opp for band som Budgie, Thin Lizzy og Trapeze. Til slutt førte økonomiske vanskar og problem med managementet deira, selskapet IMA som Tony Iommi eigde, til at Alan Atkins og trommeslagare Alan Moore slutta i mai 1973. På den tida var Ian Hill kjæraste med ei dame frå Walsall som føreslo broren hennar, Rob Halford,[6] som vart songaren i bandet. Halford kom med i bandet og tok med seg trommeslagaren John Hinch frå det førre bandet sitt, Hiroshima. Denne besetninga turnete i Storbritannia, ofte som oppvarmingsband for Budgie, og spelte til og med konsertar i Noreg og Tyskland.

Rocka Rolla (1974–1975)[endre | endre wikiteksten]

Før bandet gjekk i studio for å spele inn det første albumet sitt, føreslo plateselskapet at dei skulle ta inn ein musikar til i bandet. Sidan Downing var motvilling til å ta med ein klaverspelar eller ein som spelte blåseinstrument, valte han ein annan sologitarist, Glenn Tipton, i april 1974, frå det Stafford-baserte Flying Hat Band som det nye medlemmet sitt. Dei to gitaristane arbeidde i lag for å tilpasse seg songar bandet alt hadde laga, og Tipton vart òg ført opp som låtskrivar. I august 1974 gav bandet ut debutsingelen «Rocka Rolla» og følgde opp ein månad seinare med eit album med same namn.

Tekniske problem under innspelinga medverka til dårleg lydkvalitet på plata. Produsenten Rodger Bain, som mellom anna hadde produsert dei tre første albuma til Black Sabbath, i tillegg til det første albumet til til Budgie, dominerte produksjonen av albumet og tok avgjersler som bandet ikkje var samde i.[7] Bain valte òg å utelate fanfavorittar frå konsertane til bandet, som «Tyrant», «Genocide» og «The Ripper», og han spelte inn songen «Caviar and Meths» og redigerte han ned frå ein ti minuttar lang song til ein to minuttar lang instrumental.

Turneen etter Rocka Rolla var den første internasjonale turneen til Judas Priest[8] med konsertar i Tyskland, Nederland, Noreg og Danmark, inkludert ein konsert på Hotell Klubben[9] i Tønsberg, der dei fekk negativ omtale i den lokale pressa.[10] Albumet selde dårleg då det kom og Judas Priest hamna i store økonomiske vanskar. Priest prøvde å sikre ein avtale med Gold Records for ei månadsløn på 50 pund, men fordi Gold Records òg sleit økonomisk, avslo dei avtalen.[11] Rocka Rolla (1974) har sidan stort sett blitt avvist av bandet og ingen av songane frå albumet vart spelte på konsertane deira etter 1976[12] utanom «Never Satisfied», som vart spelt på Epitaph-turneen i 2011.[13]

Sad Wings of Destiny (1975–1977)[endre | endre wikiteksten]

Bandet deltok meir i produksjonen av det neste albumet, som vart spelt inn i november og desember 1975, og dei valte produsentane sjølve. Resultatet, Sad Wings of Destiny (1976), inneheld fleire eldre songar, inkludert dei tidlegare nemnte konsertfavorittane og flytta bandet frå ein psykedelisk stil til ru metal med opningssporet, den progressive og episke «Victim of Changes». Denne songen var ein kombinasjon av «Whiskey Woman», ein song dei hadde spelt sidan Al Atkins-tida i Judas Priest, og «Red Light Lady», ein song Halford hadde skrive for det førre bandet sitt, Hiroshima. Denne plata og ein god konsert på Readingfestivalen i 1975[14] var med på å skape interesse for bandet og utvida fanskaren deira.

Debut for større plateselskap (1977–1979)[endre | endre wikiteksten]

Det neste albumet deira, Sin After Sin i 1977, var det første Priest spelte inn for eit større selskap, CBS og det første av elleve album på rad som selde til gullplate eller meir i USA. Då kontrakten deira med Gold Records gjekk ut, mista bandet rettane til dei to første albuma sine. Sin After Sin vart produsert av den tidlegare Deep Purple-bassisten Roger Glover. Bandet valte å bruke studiotrommeslagaren Simon Phillips på plata. Han avslo å bli permanent medlem, så bandet hyrte inn Les Binks etter råd frå Glover. I lag spelte dei inn Stained Class i 1978, produsert av Dennis MacKay, og Killing Machine (gjeve ut i Amerika som Hell Bent for Leather).[15] Binks, som skreiv den mektige «Beyond the Realms of Death», var ein dugande og teknisk trommeslagar. Binks spelte òg på Unleashed in the East (1979), som vart spelt inn live i Japan under Killing Machine-turneen. Medan dei første tre Judas Priest-albuma hadde mange spor av Black Sabbath, Led Zeppelin og Deep Purple, i tillegg til balladar, inneheldt ikkj Stained Class ein einaste ballade utanom den særs mørke «Beyond the Realms of Death». Killing Machine var det første sporet av ein meir kommersiell stil, med enklare songar som førte attende noko av bluespåverknaden. Samstundes byrja bandmedlemmane å utvikle det no kjende lêr-og-naglar-imaget.[16]

Suksessåra (1979–1991)[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest i 1981 under World Wide Blitz Tour.

Etter Killing Machine (1978) kom konsertalbumet Unleashed in the East (1979). Det var det første av mange Judas Priest-album som selde til platinaplate. Bandet vart noko kritisert for å ha fiksa på albumet i studio, sjølv om det vart marknadsført som eit konsertalbum.[17] På dette stadiet hadde spelestilen til bandet blitt langt tynge, og konsertversjonar av songar som «Exciter» og «Diamonds and Rust» høyrtest tyngre og raskare ut enn studioversjoane.

Les Binks slutta seint i 1979 då han var misnøgd med at bandet ønskte å gå mot ein enklare, radiovenleg stil, så dei erstatta han med Dave Holland, som tidlegare hadde spelt i bandet Trapeze. Med denne besetninga spelte Judas Priest inn seks studio- og eitt konsertalbum, som gav dei forskjellige grader av suksess.

I 1980 gav bandet ut British Steel. Songane var kortare og meir radiovenlege, men samstundes med den kjende heavy metal-kjensla. Songar som «United», «Breaking the Law» og «Living After Midnight» vart ofte spelte på radio. Den neste utgjevinga, Point of Entry, frå 1981 følgde same stilen, og turneen etter albumet inneheldt nye songar som «Solar Angels» og «Heading Out to the Highway».

I 1982 kom albumet Screaming for Vengeance med «You've Got Another Thing Comin'», som vart ein stor radiohit i USA. Songar som «Electric Eye» og «Riding on the Wind» var òg på dette albumet, og vart populære konsertsongar. «(Take These) Chains» (av Bob Halligan jr.) vart gjeven ut på singel og vart mykje spelt på radio. Albumet selde til dobbelt platina i USA.[18]

Downing og Tipton i San Sebastián i Spania under World Conqueror-turneen i 1984.

Priest fortsette suksessen i midten av 1980-åra. «Freewheel Burning», kom ut i 1983, og vart mykje spelt på radio. Albumet songen kom frå, Defenders of the Faith, vart gjeve ut året etter. Somme kritikarar kalla han «Screaming for Vengeance II», på grunn av musikalske likskapar med det førre albumet.[19]

Den 13. juli 1985 spelte Judas Priest, i lag med Black Sabbath og andre artistar, på Live Aid. Bandet spelte på JFK Stadium i Philadelphia. Under konserten spelte dei «Living After Midnight», «The Green Manalishi (With The Two-Pronged Crown)» og «(You've Got) Another Thing Comin'».

Turbo kom ut i april 1986. Bandet byrja å ta i bruk ein meir fargerik utsjånad på scenen og musikken deira vart meir kommersielle med hjelp av gitar-synthesizerar. Albumet selde til platinaplate og ein suksessrik turné følgde, med 100 konsertar i Nord-Amerika, Europa og Japan. Det vart spelt inn eit konsertalbum under turneen, kalla Priest...Live!, og dette kom ut året etter. Videodokumentaren Heavy Metal Parking Lot vart skapt av Jeff Krulik og John Heyn i 1986. Han dokumenterer heavy metal-fans som ventar på ein Judas Priest-konsert den 31. mai 1986 (med spesialgjestane Dokken) ved Capital Center (seinre kalla US Airways Arena) i Landover i Maryland.

Rob Halford i 1988. Eit av varemerka til Priest var Halford som kom køyrande på ein motorsykkel på scenen.

I mai 1988 vart Ram It Down gjeve ut mef fleire omarbeidde songar frå Turbo, i tillegg til nye songar. Bandet spelte inn tre songar med popprodusentane Stock-Aitken-Waterman: to originale, «Runaround»[20] og «I Will Return»,[21] og ein versjon av The Stylistics-hiten «You Are Everything», men desse vart til slutt ikkje tekne med på albumet etter ei avgjersle hos managerane. Ein kritikar kalla Ram It Down ein «stilmessig utvikling» som kom av bandet sitt «forsøk på å gå bort frå dei teknologiske synthesizerane og gå attnde til tradisjonell metal frå gullalderen sin.» Kritikaren hevda at albumet synte «kor langt bak dei var thrash metal-artistane dei var med å inspirere» i tidlegare år.[22] Seint i 1980-åra slutta trommeslagaren Dave Holland i bandet.

I september 1990 vart albumet Painkiller spelt inn med den nye trommeslagaren Scott Travis (tidlegare frå Racer X). Dette albumet droppa synthesizerar på alle songane utanom «A Touch of Evil». På turneen spelte band som Megadeth, Pantera, Sepultura og Testament som oppvaringsband, og det kulminerte med ein konsert på Rock in Rio i Brasil føre meir enn 100 000 fans.

Ofte kom Halford køyrande inn på scenen på ein Harley-Davidson, kledd i motorsykkelklede og solbriller. På ein konsert i Toronto i august 1991 vart Halford alvorleg skadd då han køyrde inn på scenen og kolliderte med boksen som trommene stod på, som var gøymd i ei sky av røyk. Sjølv om konserten vart forseinka, fortsette han konserten før han drog til sjukehuset. Hill sa seinare at «han må ha hatt store smerter». I eit intervju i 2007 hevda Halford at ulukka ikkje hadde noko med å gjere at han slutta i bandet.[23]

Rettssak om umedvitne meldingar[endre | endre wikiteksten]

I 1990 var bandet involvert i eit sivilt søksmål der dei vart skulda for å vere ansvarlege for to sjølvmord i 1985 der 20 år gamle James Vance og 18 år gamle Raymond Belknap i Sparks i Nevada i USA skaut seg sjølv.[24] Den 23. desember 1985 hadde Vance og Belknap, etter timar med øldrikking, røyking av marihuana og visstnok lytting til Judas Priest, gått til ein leikeplass ved ei kyrkje i Sparks og skote seg sjølv med ei hagle. Vance skaut seg sjølv etter Belknap, men overlevde før han døydde av skadane i 1988, tre år seinare.[25]

Foreldra til mennene og advoktane deira hevda at det låg ei undermedviten melding som sa «gjer det» i Judas Priest-songen «Better By You, Better Than Me» (ein versjon av Spooky Tooth-songen) frå Stained Class (1978). Dei hevda at befalinga i songen utløyste sjølvmordsforsøket.[24] Rettsaka varte frå 16. juli til 24. august 1990, då rettsaka vart avvist av dommaren som meinte at den så kalla «gjer det»-meldinga var eit resultat av ei uheldig blanding av teksten i bakgrunnen.[24] Ein av vitna til forsvararane, dr. Timothy E. Moore, skreiv ein artikkel for Skeptical Inquirer om rettssaka.[24] Rettssaka vart dekt i dokumentaren Dream Deceivers: The Story Behind James Vance Vs. Judas Priest frå 1991.

Komikaren Bill Hicks gjorde narr av rettssakka i nummeret sitt ved å peike på kor absurd det var at eit suksessrikt band ønskte å ta livet av fansen som kjøpte musikken deira.[26]

Halford lsluttar (1991–1992)[endre | endre wikiteksten]

Etter Painkiller-turneen i 1991 slutta Halford i Judas Priest. I september 1991 var det indikasjonar på kranglingar i bandet. Halford danna så thrash metal-gruppa Fight, med Scott Travis på trommer for innspelingane. Han danna bandet for å utforske nye musikalske retningar, men på grunn av kontraktken han hadde med plateselskapet, måtte han vere i Judas Priest fram til mai 1992.[27]

Halford samarbeidde med Judas Priest på utgjevinga av samlealbumet Metal Works '73-'93 til minne om 20-årsjubileet deira. Han var òg med i ein video med same tittel, som dokumenterte historia deira, før avgangen hans frå bandet vart offisielt annonsert seinare på året.

I eit intervju i 1998 med MTV fortalte Halford offentleg at han var homoseksuell.[28]

Ripper Owens (1996–2003)[endre | endre wikiteksten]

Tim «Ripper» Owens, som tidlegare hadde sungen i eit hyllestband til Judas Priest kalla British Steel, vart henta inn i 196 som den nye songaren til Judas Priest. Denne besetninga gav ut to album, Jugulator (1997) og Demolition (2001), i tillegg til to doble konsertalbum - '98 Live Meltdown og Live in London (2003), sistnemnde òg med ein DVD. Sjølv om Jugulator selde relativt godt, fekk det middels kritikk, men inneheld den episke «Cathedral Spires», som vart ein av dei mest populære songane til Ripper.

Dramakomedien «Rock Star» med Mark Wahlberg, er basert på Tim «Ripper» Owens.

Gjensameining og Angel of Retribution (2003–2006)[endre | endre wikiteksten]

Det gjensameinte Judas Priest i 2005.

Etter elleve år frå kvarandre annonserte Judas Priest at Rob Halford var attende i bandet i juli 2003, samstundes med utgjevinga av Metalogy-boksen (trass i at Halford tidlegare insisterte på at det «aldri kom til å skje»[29]). Dei drog på turné i Europa i 2004, og var eit av banda på Ozzfest i 2004. Judas Priest og «Ripper» Owens gjekk frå kvarandre som vener, og Owens vart med i det amerikanske heavy metal-bandet Iced Earth.

Eit nytt studioalbum, Angel of Retribution, kom ut 1. mars 2005 og fekk god omtalte og selde godt. Bandet la ut på ein verdsturné etter albumet.

VH1 Rock Honors[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest under VH1 Rock Honors i Las Vegas den 25. mai 2006.

I lag med Queen, Kiss og Def Leppard, vart Judas Priest innlemma i «VH1 Rock Honors».[30] Seremonien fann stad 25. mai 2006 i Las Vegas i Nevada, og først sendt 31. mai.[30] Presentasjonen dei kom etter at Godsmack spelte ein medley av «Electric Eye»/«Victim of Changes»/«Hell Bent for Leather». Judas Priest spelte så «Breaking the Law», «The Green Manalishi (With The Two-Pronged Crown)» og «You've Got Another Thing Comin'», før Halford køyrde ein Harley inn å scenen.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

I juni 2006 annonserte Halford at bandet heldt på med eit konseptalbum om den franske forfattaren Nostradamus, «Nostradamus handlar om metal, gjer han ikkje? Han var ein alkymist og ein sjåande - ein person med eit uvanleg talent. Han hadde eit fantastisk liv full av prøver, motgang, glede og sorg. Han var ein særs human person og verdskjend. Du kan omsetje namnet hans til alle språk og alle veit kven han er, og det er viktig når me har eit verdsomfattande publikum.»[31] Albumet Nostradamus kom ut i juni 2008 og bandet la ut på turné same månaden.[32]

I februar 2009 la bandet ut å ein turné med gjestene Megadeth og Testament) til fleire arenaer i England, Wales, Skottland og Irland i februar og mars 2009. Frå der gjekk turneen vidare til fleire stader i Sverige. Seinare i mars, spelte Judas Priest i Portugal, Ialia og Frankrike.

Judas Priest på Sweden Rock Festival i juni 2008.

Frå juni til august 2009 spelte Judas Priest i Nord-Amerika i høvet 30-årsjubileet til utgjevinga av British Steel (1980). Heile albumet vart framført på kvar konsert, med somme ekstra songar. Turneen vart utført i felleskap med David Coverdale og Whitesnake. Whitesnake måtte forlate turneen etter ein konsert i Denver den 11. august 2009 då Coverdale fekk ein alvorleg halsinfeksjon og fekk beskjed om å stoppe å syngje med ein gong for å unngå permanent skade på stemmebanda.[33][34]

Den 14. juli 2009 gav Judas Priest ut eit nytt konsertalbum, A Touch of Evil: Live. Framføringa av «Dissident Aggressor» vann Grammyprisen for beste metal-song i 2010.[35]

Judas Priest annonserte bandet at Epitaph-turneen deira kom til å bli ein avskjedsturné og gå fram til 2012.[36] Den 27. januar 2011 annonserte bandet at dei skreiv nye songar, og at turneen ikkje tydde slutten for bandet, men at det kom til å bli den siste store verdsturneen deira.[37]

Den 20. april 2011 vart det annonsert at K.K. Downing hadde slutta i bandet og ikkje kom til å fullføre Epitaph-turneen. Downing sa det komm av usemjer med bandet og managaren og at forholdet deira hadde blitt dårleg. Richie Faulkner, gitarist for bandet til Lauren Harris vart erstattaren hans for Epitaph-turneen.[38] Då Downing slutta var bassisten Ian Hill det einaste originale medlemmet att i bandet.

Den 25. mai 2011 spelte Judas Priest under finalen av American Idol sesong 10 med James Durbin, den første framføringa deira utan K.K. Downing.[39] Bandet spelte ei blanding av to songar: «Living After Midnight» og «Breaking the Law».[39]

Den 7. juni 2011 annonserte bandet at dei planla plateboksen Single Cuts, ei singelsamling, i august det året.[40]

Den 28. april 2014 gav bandet ut ein heilt ny song, «Redeemer of Souls» som kunne strimast på den offisielle nettsida.[41] Albumet Redeemer of Souls kom ut 8. juli 2014. Albumet nådde sjetteplassen på den amerikanske albumlista og dette var den første gongen eit album av bandet nådde topp 10 i USA.[42] Bandet la ut på turné etter albumet som gjekk frå 1. oktober 2014 til 17. desember 2015..[43][44][45][46]

Musikkstil og innverknad[endre | endre wikiteksten]

Musikkstil[endre | endre wikiteksten]

Musikkstilen til Judas Priest har alltid hatt røter i heavy metal, og mange av albuma avspeglar forskjellige aspekt innan denne sjangeren. Til dømes har det første albumet, Rocka Rolla (1974), hovudsakleg røter i tung bluesrock. Frå Sad Wings of Destiny (1976) til Stained Class (1978) vart stilen deira noko progressiv, med komplekse gitarpassasjar og poetiske tekstar. Songane endra ofte tempo og dynamikk, og musikken var noko av det tyngste på den tida. Dette hadde seinare stor innverknad på progressiv metal-band. På Sin After Sin i 1977 brukte bandet første gongen doble basstrommer og raske 16-dels rytmar på bass og gitar, som kom til å dominere sjangeren.[47] British Steel har blitt omtalt som «plata som meir enn noko anna kodifiserte kva me meiner med heavy metal».[48] Teksten og musikken vart enklare, og denne stilen varte fram til det sjuande albumet, Point of Entry (1981). Med det åttande albumet, Screaming for Vengeance (1982), nytta bandet ein balanse av dei to stilane. Dette fortsette på Defenders of the Faith (1984).

Vokalstil og innverknad[endre | endre wikiteksten]

Halford lytta til og var inspirert av Little Richard, Elvis Presley, Janis Joplin og Robert Plant som vokalist. Han lærte seg å presse vokalen sin til grensa av det han klarte.[49] Han utvikla ein mektig, skrikande vokalstil med stor rekkjevidd. Han var òg fan av Freddie Mercury, som han kalla hans ultimate helt.[50]

Verdsetjing i media[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest har påverka metal-musikken sidan midten til seint i 1970-åra. Dei vart av MTV rangert som det nest største metal-bandet gjennom tidene (etter Black Sabbath) og av VH1 kåra til den 78. største artisten gjennom tidene i 2010.[51] Bandet har selt over 45 millionar album så langt.[52][53][54]

Mote[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til musikken har Judas Priest vore banebrytande for heavy metal-mote.[16] Rob Halford byrja å bruke ein macho-stil som i dag er kjend som hardcore metal/biker/S&M-stil, så tidleg som 1978 (samstundes med utgjevinga av Killing Machine), og resten av bandet følgde. Dette vart ein stor mote innan heavy metal, og kort tid etter byrja fleire band, særleg innan NWOBHM og tidleg black metal, å bruke Halford-moten òg.[55] Sjølv i dag er det ikkje uvanleg å sjå metal-band som brukar denne måten.

Medlemmmar[endre | endre wikiteksten]

  • Ian Hill – bass, korvokal (1969 til i dag)
  • Rob Halford – solovokal (1973–1992, 2003 til i dag)
  • Glenn Tipton – solo- og rytmegitar, klaverinstrument, korvokal (1974 til i dag)
  • Scott Travis – trommer (1989 til i dag)
  • Richie Faulkner – rytme- og sologitar, korvokal (2011 til i dag)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Judas Priest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Judas Priest History». Jugulator.net. http://www.jugulator.net/judas_priest_history.htm. Henta 10. september 2016. 
  2. «Former Judas Priest Singer Completing Work on Autobiography». Blabbermouth.net. 2 July 2004. http://www.blabbermouth.net/news/former-judas-priest-singer-completing-work-on-autobiography/. Henta 10. september 2016. 
  3. «AL ATKINS EX-SINGER IN JUDAS PRIEST The origin of the name Judas Priest is in a novel by Louis L'amour, Treasure Mountain. – JUDAS PRIEST 1969 -1973». Allanatkins.pwp.blueyonder.co.uk. 19 January 1973. http://www.allanatkins.pwp.blueyonder.co.uk/judaspriest.html. Henta 10. september 2016. 
  4. «Al Atkins interview about Judas Priest and his latest album Serpent's Kiss». Klemen Breznikar. http://psychedelicbaby.blogspot.com/2012/02/al-atkins-interview-about-judas-priest.html/. Henta 10. september 2016. 
  5. «Early Judas Priest Guitarist Ernie Chataway Dies at 62». Loudwire.com. http://loudwire.com/founding-judas-priest-guitarist-ernie-chataway-dies/. Henta 10. september 2016. 
  6. [1] Arkivert september 15, 2008 på Wayback Machine.
  7. «Judas Priest Info Pages - Rocka Rolla». Thexquorum.com. http://www.thexquorum.com/mad/ROCKAROLLA.html. Henta 10. september 2016. 
  8. «Judas Priest Info Pages - Forging The Metal». Thexquorum.com. http://www.thexquorum.com/mad/BEGINNINGS.html#APRIL%201974. Henta 10. september 2016. 
  9. «Hotell Sentralt i Tønsberg - Quality Hotel Klubben». Nordicchoicehotels.no. https://www.nordicchoicehotels.no/Quality/Quality-Hotel-Klubben/?utm_source=google&utm_medium=places&utm_campaign=qh. Henta 10. september 2016. 
  10. «Newspaper cutting : Lydsjokk pa Klubben». Kkdowning.net. http://www.kkdowning.net/pictography/scrapbooks/scrap2/lydsjokk.jpg. Henta 10. september 2016. 
  11. «Judas Priest Behind The Music Remastered: Judas Priest». MTV. http://www.mtv.com/artists/judas-priest/playlist/1700662/. Henta 10. september 2016. 
  12. «Judas Priest Tour Statistics». Setlist.fm. http://www.setlist.fm/stats/judas-priest-6bd6bafa.html. Henta 10. september 2016. 
  13. «Judas Priest - Never Satisfied statistics». Setlist.fm. http://www.setlist.fm/stats/songs/judas-priest-6bd6bafa.html?song=Never+Satisfied. Henta 24 November 2015. 
  14. https://vintagerock.wordpress.com/2013/06/13/judas-priest-newcastle-city-hall-october-1978/
  15. Daniels, Neil (2007). The story of Judas priest: Defenders of the faith. Omnibus Press. ISBN 9780857122391. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=qRTEsW44NDQC&pg=PT109. 
  16. 16,0 16,1 Daniel Bukszpan (2003). «The Encyclopedia of Heavy Metal».
  17. Unleashed in the East > Overview', AllMusic, http://www.allmusic.com/album/r10662, henta 10. september 2016 
  18. Screaming for Vengeance Info Page, Judas Priest Info Pages, http://members.firstinter.net/markster/SCREAMINGFORVENGEANCE.html 
  19. Defenders of the Faith Info Page, Judas Priest Info Pages, http://members.firstinter.net/markster/DEFENDERSOFTHEFAITH.html 
  20. http://www.mikestockmusic.com/songDisplay.php?id=49
  21. http://www.mikestockmusic.com/songDisplay.php?id=48
  22. «ACTUAL ARTICLE TITLE BELONGS HERE!». kickedintheface.com. http://www.kickedintheface.com/reviews/Judas_Priest-Ram_It_Down.htm. Henta 10. september 2016. 
  23. Q&A with Rob Halford > Overview', http://www2.canada.com/montrealgazette/spotlights/story.html?id=b78b4958-bf9c-4d93-85b8-16ed6546e29d, henta 10. september 2016 
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 Moore, Timothy (November–December 1996), Scientific Consensus and Expert Testimony: Lessons from the Judas Priest Trial, Skeptical Inquirer, http://www.csicop.org/si/9611/judas_priest.html, henta 10. september 2016 
  25. Cooper, Candy (1 July 2005), The Judas Priest Trial: 15 Years Later, Blabbermouth.net, http://www.roadrunnerrecords.com/blabbermouth.net/news.aspx?mode=Article&newsitemID=38769, henta 10. september 2016 
  26. Hicks, Bill; Lahr, John (2004). Love All the People: Letters, Lyrics, Routines. Constable & Robinson. ISBN 1-84119-878-1. Arkivert frå originalen.. https://books.google.co.uk/books?id=l5ueBAAAQBAJ&pg=PT63&lpg=PT63&dq=%22what+performer+wants+his+audience+dead%22&source=bl&ots=-gwaBreuxR&sig=gE6vSYkJ045izH0mADdpJEmFeXo&hl=en&sa=X&ei=Qmg1VZTjNebj7QbYoIGIAg&ved=0CCQQ6AEwAQ#v=onepage&q=%22what%20performer%20wants%20his%20audience%20dead%22&f=false. Henta 20 April 2015. 
  27. War of Words Info Page, Judas Priest Info Pages, http://members.firstinter.net/markster/WAROFWORDS.html 
  28. Rob Halford Discusses Sexuality Publicly for the First Time, MTV News, 5 February 1998, http://www.mtv.com/news/articles/1429870/19980205/halford_rob.jhtml, henta 10. september 2016 
  29. «Interview with Rob Halford of Two». NY Rock. http://www.nyrock.com/interviews/halford_int.htm. Henta 7 September 2012. 
  30. 30,0 30,1 [2] Arkivert mars 31, 2009 på Wayback Machine.
  31. Work on New Album Is 'Going Incredibly Well', Blabbermouth.net, 12 September 2006, http://www.roadrunnerrecords.com/blabbermouth.net/news.aspx?mode=Article&newsitemID=58296, henta 10. september 2016 
  32. Saulnier, Jason (16 April 2011). «Rob Halford Interview, Judas Priest Singer talks Rare Recordings». Music Legends. http://musiclegends.ca/interviews/rob-halford-interview/. Henta 10. september 2016. 
  33. «Message from Judas Priest after US Tour». Judaspriest.com. 24 August 2009. http://judaspriest.com/news/fullstory.asp?id=2A15DF96-5A35-4777-8ED8-46B113F97448. Henta 10. september 2016. 
  34. «Whitesnake tour announcement». Judaspriest.com. 13 August 2009. http://judaspriest.com/news/fullstory.asp?id=4FC150D2-BF3F-49DA-B9A0-ADBAB3A12448. Henta 10. september 2016. 
  35. «Judas Priest Grammy Nomination for Dissident Aggressor». Judaspriest.com. 4 December 2009. http://judaspriest.com/news/fullstory.asp?id=1A7722C1-AC84-4388-9BB9-D73085FE0401. Henta 10. september 2016. 
  36. «JUDAS PRIEST Announces Farewell 'Epitaph' Tour – Dec. 7, 2010». Blabbermouth.net. 7 December 2010. http://www.roadrunnerrecords.com/blabbermouth.net/news.aspx?mode=Article&newsitemID=150501&utm_source=feedburner&utm_medium=feed&utm_campaign=Feed:+blabbermouth+(Blabbermouth.net's+Daily+Headlines). Henta 10. september 2016. 
  37. «JUDAS PRIEST Working on New Material – Jan. 27, 2011». Blabbermouth.net. 27 January 2011. http://www.roadrunnerrecords.com/blabbermouth.net/news.aspx?mode=Article&newsitemID=152891. Henta 10. september 2016. 
  38. «News – K.K. DOWNING retirement Press Release». JudasPriest.com. 20 April 2011. http://judaspriest.com/news/fullstory.asp?id=31894B27-BD13-43BA-84F0-6A11B4F9D835. Henta 10. september 2016. 
  39. 39,0 39,1 «JUDAS PRIEST Performs On 'American Idol' Finale; Video Available». Blabbermouth.net. 25 May 2011. Arkivert frå originalen den 10. september 2016. http://www.webcitation.org/5z35M6Tlt. Henta 10. september 2016. 
  40. «JUDAS PRIEST To Release 'Single Cuts' In August». Blabbermouth.net. 7 June 2011. Arkivert frå originalen den 10 June 2011. http://www.webcitation.org/5zLmwCR9p. Henta 10. september 2016. 
  41. «Judas Priest Unveil New Track from Upcoming Album». Tapp Out Music. http://www.tappoutmusic.com/judas-priest-unveil-new-track-from-upcoming-album/. Henta 10. september 2016. 
  42. «Judas Priest Lands First Ever Top 10 Album in U.S. With 'Redeemer of Souls'». Blabbermouth.net. 16 July 2014. http://www.blabbermouth.net/news/judas-priest-lands-first-ever-top-10-album-in-u-s-with-redeemer-of-souls/. Henta 10. september 2016. 
  43. «JUDAS PRIEST TO ANNOUNCE TOUR DATES IN SUPPORT OF 'REDEEMER OF SOULS'». judaspriest.com. 20 May 2014. http://judaspriest.com/news/fullstory.asp?id=ED4F0F58-0EDA-47BD-A73F-0C870E425238. Henta 20 May 2014. 
  44. «Judas Priest announces 2014 Tour Dates, Barclays Center, Izod Center, Atlantic City, FFF Fest & more included». Brooklynvegan.com. 27 June 2014. http://www.brooklynvegan.com/archives/2014/06/judas_priest_an_1.html. Henta 10. september 2016. 
  45. «Judas Priest 2015 Redeemer of Souls Tour Schedule With Saxon». 11 January 2015. http://judas-priest.concerttournewshub.com/. Henta 10. september 2016. 
  46. «Judas Priest Tour Schedule». http://judaspriest.com/tour/. Henta 10. september 2016. 
  47. Cope, Andrew Laurence. Black Sabbath and the Rise of Heavy Metal Music. Ashgate Publishing. ISBN 9781409493983. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=ft-hAgAAQBAJ&lpg=PT140&dq=Dissident%20Aggressor&pg=PT139#v=onepage&q&f=false. 
  48. Roy Wilkinson (20 May 2010). «How Judas Priest invented heavy metal». The Guardian. http://www.guardian.co.uk/music/2010/may/20/judas-priest-rob-halford-british-steel. Henta 10. september 2016. 
  49. http://www.rockcellarmagazine.com/2014/08/05/judas-priest-interview-redeemer-of-souls-rob-halford-tipton-faulkner-spinal-tap/#sthash.l0w4o4nf.YhqbnrCM.dpbs
  50. http://www.theguardian.com/music/2010/may/20/judas-priest-rob-halford-british-steel
  51. «MTVNews.com: The Greatest Metal Bands Of All Time». MTV. 9 March 2006. http://www.mtv.com/bands/m/metal/greatest_metal_bands/071406/index3.jhtml. Henta 10. september 2016. 
  52. Riddle, Tree. «Original Singer: Judas Priest Would’ve Sounded ‘More Like AC/DC’ If I’d Stayed in Band». Loudwire. http://loudwire.com/original-judas-priest-singer-band-sounded-more-like-acdc-if-stayed/. Henta 27 March 2012. 
  53. «Judas Priest Confirm UK Dates As Part of Epitaph World Tour». CaughtOffside. 28 February 2011. http://www.caughtoffside.com/2011/02/28/judas-priest-confirm-uk-dates-as-part-of-epitaph-world-tour/. Henta 10. september 2016. 
  54. Glasgowvant (22 February 1999). «Glasgow SECC | Judas Priest Epitaph Tour 2011». Glasgowvant. http://www.glasgowvant.com/judas-priest-epitaph-tour-glasgow-secc/. Henta 10. september 2016. 
  55. Hell Bent for Leather/Killing Machine Info Page, Judas Priest Info Pages, http://members.firstinter.net/markster/KILLINGMACHINE.html 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Judas Priest