Judasbrenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Påskebål med judasfigur av strå i Seestermühe i Schleswig-Holstein i 2007.

Judasbrenning eller judashenging er ein tradisjon som har vore utbreidd i fleire kristne tradisjonar. Skikken går ut på å brenna, henga eller på anna vis straffa ei dokke som førestiller Judas Iskariot for at han sveik Jesus. Ofte blir han hengd, i samsvar med det som blir fortald i Matt. 27:5. Brenninga går gjerne føre seg på langfredag, påskeaftan eller påskemorgon. Ho kan også finna stad andre dagar i året, som nyttårsaftan.

Skikken er særleg vanleg i katolske og ortodokse område, men er i hovudsak ein folkeleg tradisjon som ikkje blir oppmuntra av kyrkjene.[1]

Hellas[endre | endre wikiteksten]

Ei fugleskremsel-aktig dokke laga av filler blir festa til ei lang stong og boren gjennom gatene av unge menn. Ho blir sett fyr på samtidig som ein sprenger kinaputtar. Opptoget og brenninga kan finna stad på langfredag, samtidig med prosesjonen for epitafios, ikonet eller kledet som symboliserer Jesus si gravferd. Det kan også skje på påskedagen.[1]

Mexico[endre | endre wikiteksten]

Video av ei Judas-sprenging i Mexico by i 2015.
Tillaging av ein judasfigur i form av ein djevel ved Museo de Arte Popular i Mexico by.
Opphengd judasfigur i Mexico by tidleg på 1900-talet.
Judasbrenning i Juiz de Fora i Brasil i 1909

Brenninga av Judas (La quema de Judas) har funne stad i Mexico sidan landet blei kolonisert av Spania. Opphavleg blei judasdokker laga av filler og fylt med halm. Seinare blei dei laga av papir eller pappmasjé, og ein kunne bruka fyrverkeri til å sprenga dei i staden for å brenna dei.[2]

Store dokker på opptil 5 meter kan bli sprengde på offentlege stader, medan mindre dokker på rundt 30 cm kan brukast heime hjå folk. Tradisjonelt har dokkene ofte blitt utforma som ein raud djevel med horn, men det finst også ein tradisjon for å utforma dei som korrupte tenestemenn eller politikarar. Ein lov frå 1849 la ned forbod mot å identifisera dei som ein særskild person.[2]

I ei skildring av påskefeiringa i Mexico frå 1902 blir det fortald om ulike skikkar knytt til judasdokker. Ein brukte dokker av tre og papir som kunne vera fylte med fyrverkeri, godteri eller småting. Desse dokkene kunne ein få til å eksplodera ved hjelp av fyrverkeriet, eller elles henga eller steina.[3]

Sentral-Europa[endre | endre wikiteksten]

I Tsjekkia og Tyskland finst tradisjonar med å brenna ein judasfigur av tre eller halm på påskeaftan . Brenninga fann som regel stad på fjelltoppar eller på kyrkjegarden.[4]

På den tsjekkiske landsbygda kunne gutar samla ved til bålet og tenna det med eld frå påskelyset med rop som «Pálíme Jidáše!» ('Me brenn Judas!'). Deretter kunne dei gå frå hus til hus og synga for gåver. Oska frå bålet blei hivne i ei elv eller ein bekk.

Ein tilknytt skikk er å jaga Judas med brål, anten utandørs frå ein kyrkjegard eller eit vegtempel, eller inne i kyrkja etter langfredagsgudstenesta.[5]

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

I delar av Liverpool heldt ungar tradisjonen til første halvdel av 1900-talet. I vekene før påske samla dei ved og laga ei dokke som skulle brennast. Ulike gjengar kunne prøva å stela dokka til dei andre, så ho måtte gøymast.[6]

Ritualet kunne byrja svært tidleg om morgonen på langfredag. Ungane kunne springa rundt i gatene med faklar og ropa «Brenn Judas!»[7]

Båltenninga inntil husveggar kunne også føra dei i konflikt med politiet og brannvesenet, og mange brenningar ende med at ungane sprang frå politiet.[6]

Tyding i samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Judasbrenning kan vera eit syndebukkrituale eller eit oppgjer med svik og vondskap.[2] Liknande rituale finst i samband med Haman under purim i jødedommen, eller Ravana under dipavali i hinduismen.

Ritualet har også vore knytt til antisemittisme. Nokre stader heiter det ikkje judasbrenning, men jødebrenning (spansk quema del Judio).[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Burning of Judas Iscariot». Harry's Greece Travel Guides. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Judas Burning in Mexico». mexican-folk-art-guide.com. 
  3. F.F.T. (1902-02-09). «Lenten Days In Mexico. - Curious Customs To Be Seen This Week In The Land Of Montezuma. - Article - Nytimes.Com». New York Times. Henta 2013-03-04. 
  4. Susan Gubar (2009). Judas: A Biography. W. W. Norton & Company. s. 155. 
  5. Petr Chudoba. Czech Easter - The Chasing and Burning of Judas. My Czech Republic. Local Lingo s.r.o. 
  6. 6,0 6,1 «Judas Burning». BBC Liverpool. 25.04.2008. 
  7. Carole Sexton (1992). Confessions of a Judas Burner. «Mrs Lympany who lived in Lothian Street recalls her two elder sisters going out at 4am around 1914 carrying a burning torch and running through the streets shouting ‘Burn Judas’.” The ritual would begin early in the day»  (oppgjeve av BBC Liverpool)
  8. Rodolfo Pérez Pimentel. «LA QUEMA DE JUDIO, VIUDAS Y AÑOS VIEJOS».