Judit Polgár

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Judit Polgar)
Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
Judit Polgár

Statsborgarskap Ungarn
Fødd 23. juli 1976 (47 år)
Budapest
Yrke sjakkspelar, esperantist, sportskommentator
Språk esperanto, russisk, ungarsk
Far László Polgár
Mor Klára Polgár
Nettstad https://www.polgarjudit.hu
Judit Polgár på Commons

Judit Polgár (fødd 23. juli 1976) er ein ungarsk stormeister i sjakk. Ho er med god margin den sterkaste kvinnelege sjakkspelaren gjennom tidene.[1] I 1991 klarte ho krava til tittelen Internasjonal stormeister i sjakk i ein alder av berre 15 år og 4 månader. Judit Polgár var den til då yngste spelaren som hadde klart krava til stormeistertittelen. Ho slo rekorden til Bobby Fischer frå 1958. Judit Polgár var pr 1. mars 2010 rangert som nummer 51 i verda på FIDE si ratingliste med ei FIDE-rating på 2682. Ho er den einaste kvinna på FIDE si liste over topp 100. Ho har på det beste for nokre år sidan vore rangert så høgt som nummer 8 i verda.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Judit Polgár er jødisk, og frå Budapest. Medlemmar av familien hennar vart drepne i Holocaust.

Judit Polgár og dei to eldre systrene hennar, Stormeister i sjakk Susan Polgar og Internasjonal meister i sjakk Sofia Polgar hadde ein uvanleg oppvekst. Far deira, László Polgár, sa at «Geni er ikkje fødde, dei kan skapast». Han meinte at born kunne nå eksepsjonelle nivå viss dei vart trena på rett måte frå tidleg alder. Han og kona Klara utdanna dei tre døtrene heime, med sjakk som det dei skulle bli gode i. Døtrene fekk i tillegg anna utdanning, tok eksamenar og kvar av dei snakkar frå fire til åtte språk, mellom anna Esperanto.

I seinare år har familien til Judit emigrert frå Ungarn: Sofia og foreldra til Israel og etterpå til Canada og Susan til New York. Men Judit har blitt buande i Ungarn, der ho har gifta seg med Gusztáv Font, ein veterinær frå Budapest, som ho møtte i samband med at han tok seg av hunden hennar.[2]

Sjakkkarriere[endre | endre wikiteksten]

Polgár på Chess Classic Mainz 2008.

Judit Polgár har alltid latt vere å spele i dei spesielle kvinneturneringane i sjakk. Ho gjorde det klart frå byrjinga at ho ynskte å bli verdsmeister i sjakk uansett kjønn.

Judit Polgár vart eit sjakk-vedunderbarn - som dei to systrene hennar. Dei vart først trena av faren, som ikkje var ein sterk spelar, men som hadde store kunnskapar om sjakk. Den eldste systera, Susan, vart tidleg svært sterk, og kunne dermed delvis overta treninga av veslesystera.

Judit var så sterk, at ho vann mot ein Internasjonal meister i sjakk (Dolfi Drimer) då ho var 10 år,[3] og ein Stormeister i sjakk (Vladimir Kovacevic) då ho var 11 år.[4]

Judit Polgár kvalifiserte seg for tittelen Stormeister i sjakk i desember 1991, berre 15 år og 4 månader gammal, då den yngste gjennom tidene. I 1993 bekrefta ho statusen som ein av dei mest lovande spelarane i verda, ved med liten margin å misse kvalifisering til Kandidatturneringane, i både FIDE og PCA sine Intersoneturneringar i sjakk.[5][6]

FIDE si ratingliste for 1. januar 1996 hadde Polgár ei rating på 2675. Dette gav henne ei rangering som nummer 10 i verda,[7] ho var dermed den første, og til no einaste, kvinna som har blitt rangert mellom dei 10 beste sjakkspelarane i verd.

Judit Polgár har hatt svært mange gode turneringsresultat. I 2003 gjorde ho eit av dei beste: Ho tapte ikkje eit parti, og blei nummer to, i kategori 19-turneringa Corus sjakkturnering i Wijk aan Zee, Nederland, berre eit halvt poeng etter den framtidige verdsmeisteren i sjakk Viswanathan Anand, og eit heilt poeng framom dåverande verdsmeister Vladimir Kramnik.[8]

I 2004 spelte Judit Polgár ikkje sjakk, då ho vart mor til ein son, Olivér. Ho vart deretter rekna som «ikkje aktiv» på FIDE si ratingliste pr. 1. januar 2005. Systera Susan hadde derimot spelt ein del, og vart dermed på ny for ei kort periode rata som nummer 1 i verda blant kvinnelege sjakkspelarar.[9]

Polgár kom tilbake til sjakken med deltaking i den sterke Corus sjakkturnering i januar 2005, der ho gjorde gode 7/13. Ho kom dermed med på FIDE si ratingliste for april 2005, med nokre poeng pluss sidan sist. I mai hadde ho også ein god turnering i Sofia, Bulgaria, der ho blei nummer 3. Dette gav henne den høgaste ratinga ho har hatt nokon gong, 2735 på ratinglista for juli 2005, og framleis ein 8-plass i verda.

Dei gode resultata og den høge rankinga gjorde at Judit Polgár vart den første kvinna som deltok i ei VM-turnering i sjakk, i FIDE-VM i sjakk 2005. Denne turneringa gjekk ikkje så bra, med ein sisteplass blant dei åtte deltakarane.

Judit Polgár spelte ikkje i Linares-turneringa i sjakk i 2006 fordi ho var gravid igjen. Ho fekk dottera Hanna den 6. juli 2006.

I oktober 2006 klarte Judit Polgár eit nytt godt resultat: Delt førsteplass i Essent Chess Tournament, Hoogeveen, Nederland.[10] Ho tok 4,5 av 6 moglege i ein dobbelt alle-mot-alle-turnering. Ho vann mellom anna begge partia mot den då høgast rata spelaren i verda, Veselin Topalov.

I mai-juni 2007 spelte ho i kandidatturneringa for FIDE-VM i sjakk 2007. Ho vart slått ut i første runde, etter eit knepent tap 3,5-2,5 mot Evgenij Bareev.

I januar 2008 spelte ho i Corus sjakkturnering i Wijk aan Zee, der ho denne gongen klarte respektable 6,0/13.

I november 2008 spelte Judit Polgár på andre bord for Ungarn sitt lag i opa klasse («menn») i det 38. sjakk-OL (lag-VM i sjakk) i Dresden, der ho fekk 3,5/8.

Spelestil[endre | endre wikiteksten]

Polgar er kjend for å ha ein aggressiv spelestil, og spelar gjerne den skarpe sjakkopninga Siciliansk forsvar. Ho er ein solid posisjonsspelar, men er særleg sterk i taktiske stillingar.[11] Ho har også snakka om at ho likar dei psykologiske sidene ved sjakk. Ho har sagt at ho føretrekkjer å sette seg inn i motstandaren sin spelestil, slik at ho kan spele mot motstandaren, i staden for å spele «objektiv» sjakk.[12] I eit intervju om å spele mot datamaskiner, sa ho at «Sjakk er 30 til 40 prosent psykologi. Du har ikkje dette når du spelar mot ei datamaskin. Eg kan ikkje forvirre den.»[13]

Sjakkparti[endre | endre wikiteksten]

Polgar - Stormeister Ferenc Berkes, Budapest 2003

1.e4 e6 2.d4 d5 3.Sc3 Sf6 4.Lg5 dxe4 5.Sxe4 Le7 6.Lxf6 Lxf6 7.Sf3 O-O 8.Dd2 Sd7 9.O-O-O Le7 10.Ld3 b6 11.Seg5 h6 12.Lh7+ Kh8 13.Le4 hxg5 14.g4 Tb8 15.h4 g6 16.hxg5+ Kg7 17.Df4 Lb7 18.Th7+ Kxh7 19.Dh2+ Kg8 20.Th1 Lxg5+ 21.Sxg5 Dxg5+ 22.f4 Dxf4+ 23. Dxf4 Lxe4 24.Dxe4 1-0

Polgar - Garri Kasparov, Hurtigsjakk, Russland mot Resten av verda, Moskva 2002

1.e4 e5 2.Sf3 Sc6 3. Lb5 Sf6 4.O-O Sxe4 5.d4 Sd6 6.Lxc6 dxc6 7.dxe5 Sf5 8.Dxd8+ Kxd8 9.Sc3 h6 10.Td1+ Ke8 11.h3 Le7 12.Se2 Sh4 13.Sxh4 Lxh4 14.Le3 Lf5 15.Sd4 Lh7 16.g4 Le7 17.Kg2 h5 18.Sf5 Lf8 19.Kf3 Lg6 20.Td2 hxg4+ 21.hxg4 Th3+ 22.Kg2 Th7 23.Kg3 f6 24.Lf4 Lxf5 25.gxf5 fxe5 26.Te1 Ld6 27.Lxe5 Kd7 28. c4 c5 29.Lxd6 cxd6 30.Te6 Tah8 31.Texd6+ Kc8 32.T2d5 Th3+ 33.Kg2 Th2+ 34.Kf3 T2h3+ 35.Ke4 b6 36.Tc6+ Kb8 37.Td7 Th2 38.Ke3 Tf8 39.Tcc7 Txf5 40.Tb7+ Kc8 41.Tdc7+ Kd8 42.Txg7 Kc8 1-0

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Forbes, Cathy (1992), The Polgar Sisters: Training or Genius?, Henry Holt & Co., ISBN 0805024263 
  • Hurst, Sarah (2002), Curse of Kirsan: Adventures in the Chess Underworld, Russell Enterprises, ISBN 1888690151 
  • Karolyi, Tibor (2004), Judit Polgar, the Princess of Chess, Batsford, ISBN 0-7134-8890-5 
  • Polgar, Susan; Truong, Paul (2005), Breaking Through : How the Polgar Sisters Changed the Game of Chess, Everyman Chess, ISBN 1857443810 
  • Shahade, Jennifer, Chess Bitch: Women In The Ultimate Intellectual Sport, Siles Press, ISBN 189008509X 
  • Polgár, Judit; Kepes, András (2008). Matt a férfiaknak (Checkmate to Men) English translation due 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Judit Polgár

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Judit Polgar: 'I can work myself into the top ten again'». ChessBase. 11. november 2007. Henta 4. februar 2008. 
  2. Allott, Serena (Jan. 16, 2002). «Queen Takes All». The Daily Telegraph. Henta Dec. 7, 2009. 
  3. «Judit Polgar vs Dolfi Drimer». 
  4. «Judit Polgar vs Vladimir Kovacevic». 
  5. 1993 Biel FIDE Interzonal Tournament, Mark Weeks' Chess pages
  6. 1993 Groningen PCA Qualifying Tournament, Mark Weeks' Chess pages
  7. FIDE Top 10 1970-1997, arkivert frå originalen 11. november 2013, henta 2. april 2010 
  8. «FIDE profile of Judit Polgár». 
  9. Why Judit Polgar was not on the ratings list January 14, 2005
  10. «Essent 2006: Mamedyarov, Judit Polgar are the winners». 
  11. «Anand describes Polgar’s playing style». Arkivert frå originalen 25. august 2008. Henta 27. juli 2009. 
  12. «Polgar interview speaking of psychology in chess». Arkivert frå originalen 28. mai 2009. Henta 27. juli 2009. 
  13. «Polgar quote in Independent on computers in chess». Henta 27. juli 2009.