Judith Hermann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Judith Hermann

Judith Hermann (fødd 15. mai 1970) er ein tysk forfattar.

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Hermann vart fødd på sjukehuset St. Joseph i  Vest-Berlin. Ho vaks opp i bydelen Neukölln, kor ho budde fram til midten av nitti-talet, då ho flytta til Prenzlauer Berg som ligg i det tidlegare DDR.

Hermann har ein mastergrad i tysk og i filosofi, ho har au gått på Die Berliner Journalistenschule. Medan ho tok journalistutdanninga, var ho i praksis med tyskavisa Aufbau som held til i New York. Det var medan ho var der ho oppdaga at noveller var hennar sjangar, og ho skreiv nokre av dei fyrste tekstene sine under opphaldet i USA.

Hermann arbeidde ei kort stund som frilansjournalist då ho kom tilbake til Berlin, men vart tildelt Alfred-Döblin stipendet av Die Berliner Akademie der Künste i 1997. Mottakarar av stipendet får dekt livsopphald frå tre til tolv månader medan dei bur og arbeider i Alfred-Döblin huset, som ligg i Wewelsfleth.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Debuten kom ut i 1998, novellesamlinga Sommerhus, senere. Boka vart godt motteken og omsett til fleire språk. Hermann vart omtalt som «lyden av ein ny generasjon» og eit «kvinneleg vedunder».[1] «Kvinneleg vedunder» (Fräuleinwunder) viser til generasjonen av unge, kvinnelege forfattarar som har oppnådd stor suksess, som Jenny Erpenbeck, Felicitas Hoppe, Zoe Jenny, Julia Zeh og Julia Frank. Sjølv om «Fräulein» er eit gamaldags uttrykk og politisk ukorrekt, vert det framleis brukt i litteraturkritikk. Hermann fekk Hugo-Ballprisen og Kleistprisen for Sommerhus, senere.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • 1999 : Bremer Literaturförderpreis
  • 1999 : Hugo-Ball-Förderpreis, for Sommerhus, senere
  • 2001 : Kleist-Preis, for Sommerhus, senere
  • 2009 : Friedrich-Hölderlin-Preis der Stadt Bad Homburg
  • 2014 : Erich-Fried-Preis

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1998 : Sommerhus, senere (novellesamling, omsett til norsk av Gyldendal Norsk Forlag)
  • 2003 : Bare gjengangere (novellesamling, omsett til norsk av Gyldendal Norsk Forlag)
  • 2008 : Gaffa (novelle publisert i Bella Triste nr. 22)
  • 2009 : Alice (novellesamling, omsett til norsk av Pelikan Forlag)
  • 2014 : All kjærlighets begynnelse (roman, omsett til norsk av Pelikan Forlag)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (Spiegel 12/1999)