Judith Suminwa
| Judith Suminwa | |||
| | |||
| Fødd | 19. oktober 1967 (58 år) Kongo Central | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Den demokratiske republikken Kongo | ||
| Yrke | politikar | ||
| Utdanna ved | Université libre de Bruxelles | ||
| Alle verv | |||
Judith Suminwa Tuluka (fødd 19. oktober 1967) er ein kongolesisk politikar som har vore statsminister i Den demokratiske republikken Kongo sidan 2024. Ho er den første kvinna som har hatt dette embetet. Før ho vart statsminister, var ho statsråd og planleggingsminister.
Tidleg liv og utdanning
[endre | endre wikiteksten]Judith Suminwa Tuluka vart fødd i Kongo Central[1] den 19. oktober 1967.[2] Faren hennar var ambassadør i Tsjad under presidentperioden til Mobutu Sese Seko.[3] Ho vart uteksaminert frå Det katolske universitetet i Mons med ein bachelorgrad i anvend økonomi,[4] og frå Université libre de Bruxelles med ein mastergrad i arbeidslivsstudiar.[5][2] I 1997 vende ho tilbake til DR Kongo og arbeidde ved Citibank.[2]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Suminwa søkte stilling hjå kontoret til SN sin høgkommissær for menneskerettar og arbeidde som administrativ og økonomisk assistent før ho vart tilsett i SN sitt utviklingsprogram (UNDP).[2]
Ho er medlem av Union for Democracy and Social Progress (UDPS).[5] Ho var vise-koordinator for det presidentielle rådet for strategisk oppfølging. I 2023 vart ho utnemnd til statsråd og planleggingsminister i Lukonde-regjeringa.[6]
Statsminister Sama Lukonde leverte avskjedssøknaden sin 21. februar 2024.[7] Suminwa vart då utnemnd til statsminister og vart den første kvinna i landet som har hatt dette vervet.[5] Den første regjeringa hennar bestod av 54 personar, der 18 var kvinner.[8]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Suminwa er gift med Roger Tuluka, ein tidlegare klassekamerat av Félix Tshisekedi, som ho møtte i Belgia på 1990-talet.[2]
Politiske standpunkt
[endre | endre wikiteksten]Suminwa har vore kritisk til Rwanda for okkupasjonen av område i austlege delar av DR Kongo, og har skulda landet for å støtte opprørsgrupper, som Congo River Alliance, i eit forsøk på å styrte styresmaktene i DR Kongo.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ba-Mweze, Jean-Noël (2. april 2024). «Judith Suminwa, première femme cheffe du gouvernement en RDC». Deutsche Welle. Arkivert frå originalen 23. juni 2025.
- 1 2 3 4 5 Duhem, Vincent (8. april 2024). «DRC: 10 things to know about new PM Judith Suminwa Tuluka». The Africa Report. Arkivert frå originalen 23. juni 2025.
- ↑ Extractive Industries Transparency Initiative.
- ↑ «Hon. Judith Suminwa Tuluka». Extractive Industries Transparency Initiative. Arkivert frå originalen 23.juni 2025.
- 1 2 3 «Judith Suminwa Tuluka devient la première femme Première ministre de la RDC». Le Baobab. 1. april 2024. Arkivert frå originalen 23. juni 2025.
- ↑ Lokale, Prisca (27. mars 2023). «RDC-Sama Lukonde II : ce qu'il faut savoir de Judith Tuluka Suminwa, la nouvelle ministre d’Etat en charge du Plan». Actualite. Arkivert frå originalen 23. juni 2025.
- ↑ «RDC: Judith Suminwa Tuluka nommée Première ministre». RTBF. 1. april 2024. Arkivert frå originalen 23. juni 2025.
- ↑ Fischer, Nikolas (20. september 2024). «Congo govt.'s first 100 days see many goals, few results». Deutsche Welle. Arkivert frå originalen 23. juni 2025.
- ↑ «A Addis-Abeba, Judith Suminwa met en lumière les affres de l’agression rwandaise dans l’Est de la RDC». Radio Okapi. 15. februar 2025. Arkivert frå originalen 23. juni 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Judith Suminwa» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2026.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Embassy of the DRC Republic in Nairobi». Embassy of the DRC Republic in Nairobi. Arkivert frå originalen 23. juni 2025.
- «Hon. Judith Suminwa Tuluka». Extractive Industries Transparency Initiative. Arkivert frå originalen 23. juni 2025.