Judith Weir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Judith Weir
Fødd11. mai 1954 (69 år)
FødestadCambridge
OpphavStorbritannia
Sjangeropera
Instrumentobo
Verka somkomponist, musikkforskar, oboist, musikkpedagog, librettist
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, Stoeger Prize, The Queen's Medal for Music, kommandør av Order of the British Empire

Judith Weir CBE (fødd 11. mai 1954) er ein britisk komponist og den fyrste kvinnelege Master of the Queen's Music.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Weir var fødd i Cambridge i England, med skotske foreldre. Ho studerte under John Tavener ved North London Collegiate School,[2] og deretter under Robin Holloway ved King's College, Cambridge, som ho gjekk ut frå i 1976. Musikken hennar byggjer ofte på kjelder frå mellomalderen og frå tradisjonelle soger og musikk frå heimlandet til foreldra, Skottland. Sjølv om ho har oppnådd internasjonal anerkjenning for orkester- og kammerverka sine, er Weir best kjend for operaene og teaterverka sine. Frå 1995 til 2000 var ho kunstnarisk leiar for Spitalfields Festival i London. Ho hadde stillinga Composer in Association for City of Birmingham Symphony Orchestra frå 1995 til 1998. Ho blei tildelt Lincoln Center sin Stoeger Prize i 1997, South Bank Show sin musikkpris i 2001 og ISM sin Distinguished Musician Award i 2010. I 2007 var ho den tredje vinnaren av Queen's Medal for Music. Ho var Visiting Distinguished Research Professor in Composition ved Cardiff University frå 2006 til 2009.

I 2005 blei Weir utnemnd til CBE for bidrag til musikk. I 2014 blei ho utnemnd til Master of the Queen's Music etter Peter Maxwell Davies.[3] I mai 2015 vann Weir The Ivors Classical Music Award ved Ivor Novello Awards.[4]

Weir er medlem av Incorporated Society of Musicians. I 2018 blei ho vald som Honorary Fellow av Royal Society of Edinburgh.[5]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Musikkspråket til Weir er noks konservativt, med det som er skildra som «knack of making simple musical ideas appear freshly mysterious.»[6] Det fyrste bestillingsverket hennar, King Harald's Saga frå 1979, byggjer på Heimskringla og slaget ved Stamford bru, og er eit monodrama utan akkompagnement. Det fyrste sceneverket henna, The Black Spider, var ein opera i ei akt som hadde premiere i Canterbury i 1985 og bygde laust på kortromanen av same namn av Jeremias Gotthelf. Ho har seinare skrive ein annan «mikro-opera», tre operaer i full lengd og ein opera for fjernsyn. I 1987 hadde den fyrste halvlange operaen hennar, A Night at the Chinese Opera, premiere ved Kent Opera. Deretter følgde tre operaer i full lengd - The Vanishing Bridegroom (1990), Blond Eckbert (1994), som var bestil av English National Opera,[7] og Miss Fortune (Achterbahn) (2011). I 2005 hadde fjernsynsoperaen hennar Armida premiere på den britiske fjernsynskanalen Channel Four. Verket var laga i samarbeid med Margaret Williams.[8] Weir sine bestillingsverk omfattar mellom anna woman.life.song (2000) for Jessye Norman og We are Shadows (1999) for Simon Rattle. I januar 2008 var Weir fokus for BBC si årlege komponinsthelg ved Barbican Centre i London. Det fire dagar lange programmet enda med ei urframføring av det nye bestillingsverket hennar CONCRETE, ein kormotett. Verket var inspirert av sjølve Barbican-bygningen, ein modernistisk sementbygning. Ho skildra det som «an imaginary excavation of the Barbican Centre, burrowing through 2,500 years of historical rubble».[9]

Den fyrste offentlege framføringa av Weir sitt arrangement av den britiske nasjonalsongen, «God Save the Queen», blei framført ved nygravlegginga av kong Rikard III ved domkyrkja i Leicester den 26. mars 2015.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Operaer og teaterverk[endre | endre wikiteksten]

  • King Harald's Saga (1979)
  • The Black Spider (6. mars 1985, Canterbury); finst også i ein utvida versjon for Hamburg statsopera (8. februar 2009, Hamburg)
  • The Consolations of Scholarship (5. mai 1985, Durham)
  • A Night at the Chinese Opera (8. juli 1987, Cheltenham)
  • HEAVEN ABLAZE in His Breast (5. oktober 1989, Basildon), basert på «Der Sandman» av E.T.A. Hoffmann, vann prisen for innovativt verk ved OperaScreen i 1991.[10]
  • The Vanishing Bridegroom (1990, Glasgow); finst også i ein kammerversjon (1990)
  • Scipio's Dream (1991, fjernsynssending for BBC), basert på Il sogno di Scipione av Metastasio
  • The Skriker (27 January 1994, London) - musikk til eit skodespel av Caryl Churchill med same namn
  • Blond Eckbert (20. april 1994, London); finst også i ein såkalla «pocketversjon» (redusert til ei akt frå to; 2006)
  • Armida (2005, fjernsynssending for Channel Four)
  • Miss Fortune (Achterbahn) (21. juli 2011, Bregenzer Festspiele)

Andre komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Music for 247 Strings (1981, fiolin, piano)
  • Thread! (1981, narrator, kammerensemble)
  • Scotch Minstrelsy (1982, tenor eller soprano, piano)
  • The Art of Touching the Keyboard (1983, piano)
  • Missa Del Cid (1988, SAAATTTBBB choir), opphavleg del av BBC sin Sound on Film series; seinare oppført sjølvstendig.[11]
  • String Quartet (1990)
  • Musicians Wrestle Everywhere (1994, fløyte, obo, bassklarinett, horn, trombone, piano, cello, kontrabass)
  • Forest (1995, orkester)
  • Piano Concerto (1997, piano, strengeinstrument)
  • Storm (1997, barnekor, SSAA-kor, kammerensemble)
  • Natural History (1998, sopran, orkester)
  • Piano Trio (1998)
  • We Are Shadows (1999, barnekor, SATB-kor, orkester)
  • Piano Quartet (2000)
  • woman.life.song (2000, premiere med Jessye Norman ved Carnegie Hall, sopran, kammerensemble)
  • The welcome arrival of rain (2001, orkester)
  • Tiger Under the Table (2002, kammerensemble)
  • Piano Trio Two (2003–2004)
  • Winter Song (2006, orkester)
  • CONCRETE (2007, talar, SATB-kor, orkester)
  • I give you the end of a golden string (2013, strengar)
  • In the Land of Uz (2017, SATB-kort, sopransaksofon, trompet, tuba, orgel, bratsj, kontrabass)
  • Oboe Concerto (2018, obo, orkester)
  • The Prelude (2018-2019, fløyte, fiolin, bratsj, cello)

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Judith Weir: Discography
  • A Night at the Chinese Opera – NMC D060
  • King Harald’s Saga – Cala CACD88040
  • Piano Concerto; Distance and Enchantment; various other chamber works – NMC D090
  • Blond Eckbert Nicholas Folwell (baritone), Blond Eckbert; Anne-Marie Owens (mezzo-soprano), Berthe; Christopher Ventris (tenor), Walther / Hugo / An Old Woman; Nerys Jones (soprano), A bird; Chorus and Orchestra of English National Opera; Sian Edwards (conductor) Collins Classics: CD14612 / NMC: NMC D106
  • On Buying a Horse: The songs of Judith Weir On Buying a Horse; Ox Mountain Was Covered by Trees; Songs from the Exotic; Scotch Minstrelsy; The Voice of Desire; A Spanish Liederbooklet; King Harald's Saga; Ständchen. Susan Bickley (mezzo-soprano), Andrew Kennedy (tenor), Ailish Tynan (soprano), Ian Burnside (piano) Signum SIGCD087
  • The Vanishing Bridegroom. Ailish Tynan (soprano), Anna Stéphany (soprano), Andrew Tortise (tenor), Owen Gilhooly (baritone), Jonathan Lemalu (bass-baritone), BBC Singers, BBC Symphony Orchestra; Martyn Brabbins (conductor) – NMC D196

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Queen's new composer Judith Weir hails 'boss'». heraldscotland. 22 July 2014. Henta 22 July 2014. 
  2. Morrison, Richard (18 January 2008). «The wonderful Judith Weir – With a Barbican weekend devoted to her music, the composer Judith Weir is being feted as never before». The Times & Sunday Times Archives (London: Times Newspapers). Henta 31 January 2011. 
  3. «News - Judith Weir appointed Master of the Queen's Music - Music Sales Classical». www.musicsalesclassical.com. Henta 22 October 2018. 
  4. «The Ivors 2015 Winners, Ivor Novello Awards, Judith Weir». The Ivors. BASCA. 22 May 2015. Arkivert frå originalen 3 March 2016. Henta 28 February 2016. 
  5. «Ms Judith Weir HonFRSE - The Royal Society of Edinburgh». The Royal Society of Edinburgh (på engelsk). Henta 14. mars 2018. 
  6. Clements, Andrew (13 March 2012). «Miss Fortune – review». The Guardian (London). 
  7. «Opera Composers: W». opera.stanford.edu. Henta 22 October 2018. 
  8. «Judith Weir - Armida (2005) - Music Sales Classical». www.chesternovello.com. Henta 22 October 2018. 
  9. «Musical Work rises from the concrete Barbican». London Evening Standard. 28 December 2007. Henta 18. oktober 2017. 
  10. Weir, Judith. Memoirs of an Accidental Film Artist. In: A Night in at the Opera - Media representations of Opera. Edited by Jeremy Tambling. John Libbey & Company Ltd, London, 1994, p57.
  11. Weir, Judith. Memoirs of an Accidental Film Artist. In: A Night in at the Opera - Media representations of Opera. Edited by Jeremy Tambling. John Libbey & Company Ltd, London, 1994, p58.
  • Warrack, John and West, Ewan (1992), The Oxford Dictionary of Opera, 782 pages, ISBN 0-19-869164-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]