Judy Watson Napangardi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Judy Watson Napangardi
Fødd 1925
Død

17. mai 2016 (90 år)

Yrke kunstnar

Judy Napangardi Watson (kring 19252016) var ein australsk aboriginarmålar og eldre leiar frå yuendumu-samfunnet i Northern Territory i Australia. Ho var kjend for den distinkte målarstilen sin som ho utvikla i lag med syster si Maggie Watson som lærte henne å måla, og var ein viktig bidragsytar til moderne aboriginarkunst.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Napangardi var fødd på Yarungkanji på Mount Doreen Station på ei tid då mange warlpirifolk og andre innfødde frå Central og Western Desert i Australia framleis levde tradisjonelle nomadiske liv. Saman med familien gjekk Judy til fots fleire gonger til landet ho ætta frå og budde i lengre perdiodar ved Mina Mina og Yingipurlangu på grensa mellom Tanami- og Gibsonørkenen.

Ho døydde i Yuendumu 17. mai 2016.[2]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Napangardi byrja å måla på 1980-talet i ein 'dragen dott'-stil.[3] Kombinasjonen hennar av sterk farge, detaljert arbeid og komposisjon på høgt nivå gav henne utbreidd respekt i kunstverda.[4] Måleria hennar skildrar ofte landet rundt Mina Mina.[5] Ho var medlem av Warlukurlangu Artists community of Yuendumu.[6][3]

Galleri som viser kunsten hennar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Indigenous art seen as a sound investment». ABC. 20. mars 2008. Henta 20. juli 2010. 
  2. Gosford, Robert (19. mai 2016). «Vale Judy Napangardi Watson, 1925–2016 - Warlpiri artist and force of nature - The Northern Myth». The Northern Myth (på engelsk). Henta 19. mai 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Tradition and Transformation: Indigenous Art in the NGV Collection». www.ngv.vic.gov.au. Henta 19. mai 2016. 
  4. Newstead, Adrian (2014). The Dealer is the Devil: An Insiders History of the Aboriginal Art Trade. Sydney: Brandl & Schlesinger. s. 284. ISBN 9781921556432. 
  5. Geissler, Marie (March 2008). «Judy Napangardi Watson». Craft Arts International. 
  6. http://warlu.com/