Jugorskijhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til Jugorskijhalvøya.

Jugorskijhalvøya (russisk Югорский полуостров) er ei stor halvøy i Nenetsia i Russland. Ho grensar til Khajpudyrbukta i Petsjorahavet i vest og Bajdaratskajabukta i Karahavet i nord og aust.

Samanlikna med Barentshavet, som får relativt varme havstraumar frå Atlanterhavet, er Karahavet mykje kaldare og er dekt av is ni månader av året. Derfor er ofte austkysten av Jugorskijhalvøya på våren og hausten isdekt, medan vestkysten er isfri.

Jugorskijsundet og Vajgatsjøya på andre sida ligg nordvest for halvøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 68°40′1″N 62°15′0″E