Jugorskijsundet

Koordinatar: 69°45′N 60°30′E / 69.750°N 60.500°E / 69.750; 60.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jugorskijsundet
sund
Land  Russland
Kart
Jugorskijsundet
69°45′N 60°30′E / 69.75°N 60.5°E / 69.75; 60.5
Plasseringa til Jugorskijhalvøya. Jugorskijsundet ligg på nordvestsida.
Plasseringa til Jugorskijhalvøya. Jugorskijsundet ligg på nordvestsida.
Plasseringa til Jugorskijhalvøya. Jugorskijsundet ligg på nordvestsida.

Jugorskijsundet (russisk Югорский Шар, Jugorskij Sjar) er eit smalt sund mellom Karahavet og Petsjorahavet. Det er opp mot 10 km breitt og berre 3 km på det smalaste.

Ostrov Storozjevoj, er ei 1,6 km lang øy som ligg midt i sundet.

Sundet går mellom øya Vajgatsj og Jugorskijhalvøya i Russland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første kjende reisa gjennom Jugorskijsundet, tradisjonelt kalla den arktiske «Jernporten», og inn i Karahavet vart gjort frå Nizjnij Novgorod av den tidlege russiske utforskaren Uleb i 1032.

Russiske pomorar, innbyggjarar ved kysten av Kvitsjøen, hadde utforska dette sundet sidan 1000-talet. Den første arktiske skipsruta, den Store Mangazea-ruta, frå Kvitsjøen til Ob og Jenisejbukta, kom i drift på 1500-talet. Denne ruta opna vegen til rikdomane i Sibir fram til 1619, då han vart lagt ned av militære og politiske årsaker, som frykt for at europearane skulle kome seg inn i Sibir.

Jugorskijsundet var ein viktig veg under dei første utforskingane av Nordaustpassasjen og for dei sovjetiske konvoiane under den andre verdskrigen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

69°45′N 60°30′E / 69.750°N 60.500°E / 69.750; 60.500