Jugoslaviske partisanar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det jugoslaviske partisanflagget

Jugoslaviske partisanar, med det offisielle namnet Den jugoslaviske nasjonale frigjeringshæren, var aktive under andre verdskrigen. Dei kjempa frå 1941 til 1945 mot dei fascistiske okkupasjonsmaktene Tyskland og Italia, den kroatiske Ustasja-rørsla og seinare òg mot serbiske tsjetnikar. Menneske frå alle folkeslaga i Jugoslavia høyrde til partisanrørsla.

Den 22. juni 1941 vart den første partisaneininga skipa, i Sisak i Kroatia.

Partisanane i Jugoslavia var ei kommunistisk leidd folkerørsle. Kommunistpartiet hadde alt i 1934 vedteke å gå inn for ei føderativ statsordning med likestilling mellom alle folkeslag, og dette gjorde at dei fekk stor oppslutning frå menneske frå ulike nasjonalitetar og kunne sameine desse.

Under leiing av kroaten Josip Broz Tito, frigjorde partisanane landet frå fascismen og gjenoppretta Jugoslavia, no som føderal stat.

Partisanane hadde til å begynne med dårleg utrusting og berre jaktvåpen. Sidan fekk dei betre våpen, ved å ta dei frå fienden, ved at overløparar kom til frå andre og betre væpna grupper, og til slutt òg via allierte våpenforsyningar. Områda partisanane kontrollerte vart stadig større, trass svært brutale straffeaksjonar mot sivilfolket frå okkupantane si side.

Den 20. oktober 1944 vart hovudstaden Beograd frigjord av avdelingar frå den sovjetiske hæren og partisanrørsla i lag. Men kampane mot fascistgruppene i Kroatia og Slovenia heldt fram til utpå våren 1945.

Om lag 1,5 millionar menneske døydde i Jugoslavia under andre verdskrigen, på grunn av krigshandlingar, tyske straffeaksjonar mot sivilfolket, og det kroatiske Ustasja-regimet sin folkemordspolitikk mot serbarar, sigøynarar og jødar.

Kjelde: Tysk wikipedia