Jugulator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jugulator
Studioalbum av Judas Priest
Utgjeve 16. oktober 1997 (Japan)
28. oktober 1997
Innspelt 1996–1997, Silvermere Studios, Surrey, England
Sjanger Heavy metal[1]
Lengd 58:13
Selskap SPV/Steamhammer (Europe and Japan)
CMC International (USA)
Produsent Glenn Tipton
K.K. Downing
Sean Lynch
Judas Priest-kronologi
Painkiller
(1990)
Jugulator Demolition
(2001)
Singlar frå Jugulator
  1. «Burn in Hell»
    Utgjeve: 1997
  2. «Bullet Train»
    Utgjeve: 1998
Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Jugulator er det trettande studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Det kom ut i Japan 16. oktober 1997 og i resten av verda 28. oktober 1997. Det var det første albumet deira sidan Painkiller (1990) og det første av to studioalbum bandet spelte inn utan Rob Halford og med erstattaren Tim «Ripper» Owens.

Tekstar[endre | endre wikiteksten]

Tekstane omhandla mørkare tema enn tidlegare, mellom anna ein mekanisk demon som kuttar opp magen på offeret sitt, og enden av verda i songen «Cathedral Spires.» Gitarane var òg stemt så lågt som C# og C, og gjorde ei endring frå speed metal og tradisjonell heavy metalPainkiller til ein meir thrash/groove metal-orientert stil.[1]

Heile albumet verkar å skildre enden av verda, frå komet til Jugulator, til den faktiske enden («Cathedral Spires»). Songar som «Dead Meat», «Decapitate» og «Burn in Hell» skildrar alle det vonde som menneske gjer. Til slutt er dei vonde handlingane så valdsame at det øydelegg heile verda.

Reaksjon[endre | endre wikiteksten]

Reaksjonen til albumet var delt mellom dei som likte albumet slik som det var, og dei som likte musikken, men føretrekte Halford som vokalist og dei som mislikte albumet heilt. Glenn Tipton forsvarte dei musikalske endringane og sa «Du må hugse at det mangla to album mellom 1990 og Jugulator. For oss er det ikkje det store spranget som enkelte ser.»[2]

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Det vart filma ein musikkvideo for songen «Burn in Hell». «Jugulator» og «Blood Stained» vart gjeve ut i plateboksen Metalogy.

«Bullet Train» vart nominert til ein Grammypris for beste metal-låt i 1998.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Glenn Tipton, all musikk komponert av Tipton og K.K. Downing.

# Tittel Lengd
1. «Jugulator»   5:50
2. «Blood Stained»   5:26
3. «Dead Meat»   4:44
4. «Death Row»   5:04
5. «Decapitate»   4:39
6. «Burn in Hell»   6:42
7. «Brain Dead»   5:24
8. «Abductors»   5:49
9. «Bullet Train»   5:11
10. «Cathedral Spires»   9:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest
Produksjon
  • Produsert av Glenn Tipton, K.K. Downing og Sean Lynch
  • Spelt inn og miksa i Silvermere Studios
  • Mastra ved Whitfield Street Studios
  • Illustrasjonar av Mark Wilkinson
  • Design av Andie Airfix ved Satori
  • Fotografi av Ross Halfin

Lister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1997) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[3] 34
Finske album (Suomen virallinen lista)[4] 24
Tyske album (Media Control)[5] 9
Svenske album (Sverigetopplistan)[6] 33
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[7] 43
US Billboard 200[8] 82

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Jugulator review». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/jugulator-mw0000595993. 
  2. «K.K. Downing Steel Mill :: Keep Feeding the Flames!». Kkdowning.net. http://kkdowning.net/steelmill/The%20Fuel%20of%20the%20Furnace/cathedral-spires/. Henta 11. september 2016. 
  3. "Judas Priest - Jugulator" (In German). Austriancharts.at. Hung Medien. Retrieved 15. september 2016.
  4. "Judas Priest: Jugulator" (in Finnish). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Retrieved 15. september 2016.
  5. "Judas Priest - Jugulator". Charts.de. Media Control. Retrieved 15. september 2016.
  6. "Judas Priest – Jugulator". Swedishcharts.com. Hung Medien. Retrieved 15. september 2016.
  7. "Judas Priest – Jugulator". Swisscharts.com. Hung Medien. Retrieved 15. september 2016.
  8. "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard 200 for Judas Priest. Prometheus Global Media. Retrieved 15. september 2016.