Jugyd Va nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jugyd Va nasjonalpark
nasjonalpark
Manaragaelva i nærleiken av Manaragafjellet.
Land  Russland
Del av Urskogen i Komi
Kart
Jugyd Va nasjonalpark
62°25′00″N 58°47′00″E / 62.4167°N 58.7833°E / 62.4167; 58.7833
Wikimedia Commons: Yugyd Va National Park

Jugyd Va nasjonalpark (komi, russisk Югыд ва) er ein nasjonalpark i Republikken Komi i Russland. Han er den største nasjonalparken i Europa, og var den største i Russland fram til skipinga av Beringia nasjonalpark i 2013.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Parken blei skipa av dei russiske styresmaktene 23. april 1994. Føremålet var å verna taigaskogane i Nord-Ural for naturen og friluftslivet si skuld.

I 1995 blei skogområdet som Jugyd Va nasjonalpark er del av, og Petsjora-Ilytsj naturreservat i nærleiken tekne opp på UNESCO si verdsarvliste som Virgin Komi Forests, Urskogen i Komi.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kozjimelva i Jugyd Va nasjonalpark

Jugyd Va nasjonalpark ligg i dei vestlege sidene av Polare Ural og Nord-Ural, på grensa mellom Asia og Europa. Elvene som renn ned vestsidene av Uralfjella fører med seg vatn til Petsjoraelva, ei av dei største elvene i Europa, som renn ut i Barentshavet. Den naturlege austegrensa for parken er hovudkammen av Uralfjella, i nord blir ho danna av Kozjimelva, og i vest av elvene Synja, Vangir og Kosya]]. I sør grensar parken til Petsjora-Ilytsj naturreservat.

Midt i parken ligg dei høgaste toppane i Uralfjella: Narodnaja (1894,5 m), Karpinskij (1878 m), Klokketårnet (1724 m), Manaraga (1662 m) og Nioroika (1645 m).

Natur[endre | endre wikiteksten]

Over halvparten av parken er dekt av taiga, også kjend som boreal barskog. Resten er for det meste tundra i høgare område. Det finst også rundt 20 km2 eng, både alpine og dei i elvedalar.

Det finst rundt 180 fugleartar i parken, nokre av dei er ganske sjeldne. Ein kjenner til tjue fiskeartar i elvene og sjøane her. Det finst også fem amfibieartar og ein reptilart.

Av vanlege pattedyr i parken kan ein nemna hare, flygeekorn, reinsdyr, røyskatt, oter, elg, ulv, raudrev, fjellrev, jerv, mår og bjørn.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Parken blir brukt til rafting, båtturisme og fotturisme om sommaren, og skiturar om vinteren. Avgrensa jakt er tillate, men med løyver ein må søka om fleire månader i forkant.

Den avsides plasseringa til parken gjer at talet på vitjande ikkje er så stort. Ifølgje parkleiiinga tek han imot rundt 4000 turistar kvart år. For leiinga er det eit problem at dei årlege inntektene frå inngangspengane til parken (rundt 2,4 millionar rubel, tilsvarande 100 000 US-dollar) ikkje dekker utgiftene med å passa på han (rundt 5 millionar rubel eller 200 000 US-dollar).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Clear future for the 'Clear Water', or how Yugyd Va natioanl park is to develop". Krasnoye Znamya, 15. mars 2006, No. 40. (på russisk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jugyd Va nasjonalpark
Reiseguide for Jugyd Va nasjonalpark frå Wikivoyage