Juhani Kärkinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Juhani Kärkinen
Kankkonen-Karkinen-1960.jpg
Fødd 28. oktober 1935
Kotka
Yrke skihoppar
Juhani Kärkinen på Commons

Juhani Tapio Antero Kärkinen (fødd 28. oktober 1935) er ein finsk, tidlegare skihoppar frå Kotka. Han vann gullmedaljen i det spesielle hopprennet under VM 1958 i Lahti, hans "heimebane" ettersom han tevla for Lahden Hiihtoseura. Skihopparen Kalevi Kärkinen var ein eldre bror som også hevda seg i skihopping.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kärkinen kom på tredjeplass i hopprennet i Lahti i 1956, bak landsmennene Hemmo Silvennoinen, som vann, og Eino Kirjonen. Året etter fekk han same plassering i Holmenkollrennet, då med Helmut Recknagel frå Aust-Tyskland og same Kirjonen føre seg på resultatlista.

Vinteren 1958 gjekk verdsmeisterksapen på ski i Kärkinen sin treningsbakke heime i Lahti. Her vann han ein suveren siger, 10 poeng framom landsmannen Ensio Hyytiä. Dermed sikra dei to finsk dobbeltsiger i hopp i den tredje store skimeisterskapen på rad, ei bragd som omfatta seks ulike skihopparar.

Året etter sigra Kärkinen på ny i Lahti, 3,5 poeng framom nordmannen Anders Woldseth, med Helmut Recknagel på tredjeplass. I OL-sesongen 1960 kom Kärkinen på tredjeplass i Lahti, tett bak dei nye finske storhopparane, Veikko Kankkonen som vann tevlinga, og Niilo Halonen. Tidlegare på vinteren vart han nummer åtte i hopprennet under OL i Squaw Valley i USA.

Romjula 1960 vann Kärkinen opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka, og fekk broren Kalevi med seg på pallen, ettersom denne kom på delt tredjeplass. Juhani Kärkinen vart til sist nummer fem i hoppveka 1960/61 med 856,7 poeng, knapt to poeng bak broren som vart nummer tre. Seinare i 1961-sesongen vart Juhani nummer to i Svenska skidspelen i Falun, eitt poeng bak nordmannen Toralf Engan, medan han året etter vart nummer fem i Falun.

Kärkinen deltok i hoppveka 1962/63, og fekk som best ein tiandeplass. Seinare i 1963-sesongen tok han ein ganske klar siger i hopprennet i Lahti.

Han vart finsk meister i 1958, -59 og -61.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]