Juice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike typar juice med ulike fargar.

Jus eller juice er drikkeklar råsaft vunnen ut frå frukt eller grønsaker. Vanlege råvarer kan vera sitrusfrukter som appelsin, grapefrukt og sitron eller rotfrukter som gulrot, bete og kålrot. Dersom jusen er laga av berre ein type råvara skal han etter regelverket omtalast med namnet til råvara og endinga -jus eller -juice, til dømes ananasjus, appelsinjus, eplejus og tomatjus eller ananasjuice, appelsinjuice, eplejuice og tomatjuice.

I utgangspunktet er det ingen skilnad omgrepa saft, jus og most, anna enn opphavet til orda. Eplemost, eplejus og eplesaft er i prinsippet det same, men omgrepa kan også ha i ei snevrare tyding.

«Juice» er eit engelsk framandord som er registrert for første gong på norsk i 1961. Det kjem frå indoeuropeisk, via fransk til engelsk og deretter til norsk. Felles tyding av dei ulike orda er 'krafta av noko'. Ordet «saft» femnar vidt, og omfattar væska i planter, frukt og bær, men òg i si vidaste forstand væska i andre organismar, slik som i uttrykket «kjøtsaft». Det er nærskyldt med ost, sjy og sevje.[1][2] Ordet «jus» på norsk blir ganske enkelt brukt i tydinga 'fruktsaft'.[2] Uttrykket most er lågtysk, men stammar frå latin slik jus gjer. Det blir gjerne brukt om det uferdige pressproduktet. Det er likevel òg tradisjon for å kalla nokre sortar fruktsaft for jus og andre for most. Most blir særleg brukt om ferskpressa, ugjæra råsaft frå eple, pærer, druer og bær, og som kan brukast i produksjonen av vin, brennevin eller sider. Annan type råsaft blir gjerne kalla jus.

Både jus og most kan lagast frå konsentrat på visse vilkår. I Noreg er dette regulert i Forskrift om fruktjuice og lignende produkter, òg kalla Juiceforskriften. Denne inneheld definisjonar og nemningar på kommersielle produkt framstilt av råsaft. Forskrifta skil mellom fruktjuice, fruktjuice frå konsentrat, konsentrert fruktjuice, vatnekstrahert fruktjuice, dehydrert fruktjuice, fruktnektar og eplemost. Det blir dessutan stilt krav til kvaliteten til råvarene, handsaming av dei og kva for tilsetjingsstoff ein kan leggja til.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Saft» I: Bokmålsordboka.». Språkrådet og Universitetet i Bergen. Henta 5. februar 2021. 
  2. 2,0 2,1 Sandøy, Helge (2000). Lånte fjører eller bunad?. Cappelen akademisk forl. s. 137, 192. ISBN 8202196841. 
  3. «Juiceforskriften». Lovdata.no. Henta 5. februar 2021.