Juju av Siouxsie and the Banshees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juju
Studioalbum av Siouxsie and the Banshees
Språk engelsk
Utgjeve 6. juni 1981
Innspelt 1981
Studio Surrey, Leatherhead, Surrey
Sjanger
Lengd 41:06
Selskap Polydor
PVC (original US release)
Geffen (1984 US reissue)
Produsent
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
Kaleidoscope
(1980)
Juju A Kiss in the Dreamhouse
(1982)
Siouxsie Sioux-kronologi
Kaleidoscope
(1980)
Juju Wild Things
The Creatures
(1981)
Singlar frå Juju
  1. «Spellbound»
    Utgjeve: 22. mai 1981
  2. «Arabian Knights»
    Utgjeve: 24. juli 1981

Juju er det fjerde studioalbumet til det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Det vart spelt inn i Surrey Sound studio med Nigel Gray som medprodusent, og kom ut 6. juni 1981 på Polydor. Det vart gjeve ut to singlar frå Juju: «Spellbound» og «Arabian Knights».

Albumet selde godt i Storbritannia og fekk god omtale då det kom ut, særskild den uvanlege gitarspelinga til John McGeoch og vokalen til Siouxsie. Det har stadig vore ein kritikarfavoritt og vert rekna som ein milepåle innan post-punk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter den noko elektroniske retninga på det førre albumet deira, Kaleidoscope i 1980, gjekk Siouxsie and the Banshees attende til ein gitarbasert stil på Juju, med McGeoch no som offisielt medlem i bandet. Albumet hadde òg ein intrikat perkusjon av Budgie. I følgje Steven Severin: «Juju var første gongen me laga eit «konseptalbum» basert på mørkare element. Det var ikkje planlagt på førehand, men etter kvart som me skreiv så me definitivt ein raud tråd gjennom songane. Nesten ei forteljing for plata som ein heilskap».[1]

Albumet vart produsert i lag med Gray i studioet hans, Surrey Sound studio. Her eksperimenterte McGeoch med ein sjeldan brukt gitareffekt kalla The Gizmo for albumetsporet «Into the Light». The Gizmo vert plassert over brua eller stolen på gitaren og har hjul som dreg over strengane, som gjev ein lyd som liknar på klassiske strykeinstrument.[2] For «Arabian Knights» transformerte McGeoch ein melodi av Siouxsie, opphavleg i valsetakt, som ho hadde skrive på ein Vox Teardrop-gitar.[2]

På plateomslaget var det eit bilete av ein afrikansk statue som gruppa fann på Horniman Museum i Forest Hill.[1]

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Juju er eit post-punk-album, i følgje Allmusic.[3] Det er òg omtalt som eit «kunstrock»-album av The Guardian, som kalla dei to singlane frå albumet «popunder».[4] Men Juju er òg av somme kritikarar rekna som gotisk rock,[5] sjølv om bandet sjølv nektar for ei slik kategorisering.[6]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Juju nådde sjuandeplassen på UK Albums Chart, og låg inne på lista i 17 veker.[7]

I august 2018 kom albumet ut på 180-grams vinyl med ommastra lyd.[8]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[3]
NMEsærs positiv[9]
Sounds4.5/5 stars[10]

Då albumet kom ut fekk Juju god omtale. Sounds hylla albumet og skreiv at røysta til Siouxsie «verkar å fått ei ny fylde for melodi med ein rik, mørk glattheit». Forfattaren Betty Page skreiv: «Denne eininga opererer imponerande samanhengande, som om hjernane til dei nyskapande musikarane [gitaristen] McGeoch, [trommeslagaren] Budgie og [bassisten] Severin er perfekt samanvove med Siouxsie». Ho hylla òg McGeoch som «den einaste mannen som kan få ein akustisk gitar til å høyrast illevarslande ut».[10] NME rekna «Juju, det fjerde palta deira som kanskje det nest beste albumet deira», og kan reknast som «underhaldning av beste kvalitet». Kritikaren Paul Morley konkluderte med å nemne alle songane: «Høgdepunkt på side ein - 'Spellbound', 'Into the Light', 'Arabian Knights', 'Halloween' og 'Monitor'. Den mest konsistente sida sidan The Scream. Høgdepunkt på side to – 'Night Shift', 'Sin In My Heart', 'Head Cut' og 'Voodoo Dolly'.»[9]

I ei seinare melding skreiv AllMusic: «Den reine intensiteten på Juju er truleg ikkje matcha andre stader i katalogen til Siouxsie and the Banshees. Takka vere dei strålande singlane, den nådelause krafta og den forfriskande dynamikken, er Juju ein post-punk-klassikar.»[3]

I 2007 plasserte The Guardian Juju på lista si over «1000 album du må høyre før du døyr» og skreiv «Gjennom mange år har The Banshees vore meistrar i å skape grublande spaning, og spissa varemerket sitt til det hardaste og mørkaste på Juju[4] Juju vart òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die av Robert Dimery.[11]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1995 kalla Cathi Unsworth i Melody Maker Juju «eit av dei viktigaste britiske albuma nokon sinne».[12]

Særskild gitarspelinga til McGeoch er trekt fram av kritikarar og musikarar. Mojo plasserte han i 2006 på lista si over dei 100 beste gitaristane gjennomt idene for spelinga si på «Spellbound».[13] Johnny Marr frå The Smiths sa på BBC Radio 2 i februar 2008 at han verdsette spelinga til McGeoch på «Spellbound» særs høgt. Marr kalla det «smart» med «verkeleg god plukking som er særs ulikt rock'n'roll».[2] I tillegg rangerte Marr i Uncut McGeoch som ein av dei ti favorittgitaristane sine for spelinga si på Juju og Real Life av Magazine.[14] Eit anna medlem av The Smiths, songaren Morrissey snakka om «Spellbound» i eit intervju for den amerikanske radiostasjonen KROQ-FM i 1997: «Nok ein flott singel. Ein hit i England. Men ikkje her, trur eg. Dei var ei av dei beste gruppene seint i 1970- og tidleg i 1980-åra. Siouxsie and the Banshees var glimrande.»[15]

Thom Yorke, Ed O'Brien og Colin Greenwood frå Radiohead, har alle snakka rosande om albumet.[16] John Frusciante i Red Hot Chili Peppers nemnde albumet som ei av dei store inspirasjonskjeldene hans for By the Way. Han sa: «John McGeoch er ein gitarist eg ønskte å vere. Han har ein ny, glimrande ide for kvar song. Eg høyrer mykje på platene han spelte inn med Magazine og Siouxsie and the Banshees, Juju».[17] Billy Corgan i The Smashing Pumpkins valde ut «Arabian Knights» då han snakka om somme av favorittsongane sine på BBC:[18] «Siouxsie and the Banshees klarte å låse opp visse rytmar og kjensler som framleis finst i alt rock i dag».[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av Siouxsie Sioux; all musikk er komponert av Siouxsie and the Banshees (Sioux, Steven Severin, Budgie og John McGeoch).

Side A
Nr.TittelTekstLengd
1.«Spellbound»Severin3:20
2.«Into the Light» 4:15
3.«Arabian Knights» 3:05
4.«Halloween»Severin3:37
5.«Monitor» 5:33
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Night Shift»6:06
2.«Sin in My Heart»3:37
3.«Head Cut»4:22
4.«Voodoo Dolly»7:04
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelTekstLengd
10.«Spellbound» (12" extended mix)Severin4:41
11.«Arabian Knights» (12" vocoder mix) 3:09
12.«Fireworks» (Ikkje-utgjeven Nigel Gray-versjon)Severin4:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Siouxsie and the Banshees

Technical

  • Nigel Gray – produsent
  • Rob O'Connor – design
  • Joe Lyons – fotografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Paytress 2003, s. 106.
  2. 2,0 2,1 2,2 Mitchell, Pete (February 2008). «Spellbound: The Story of John McGeoch». BBC Radio 2. YouTube. Henta 13. august 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 DiGravina, Tim. «Ju Ju – Siouxsie and the Banshees». AllMusic. AllRovi. Henta 11. mars 2013. 
  4. 4,0 4,1 Petridis, Alexis (21. november 2007). «Artists Beginning with S». guardian.co.uk. Henta 11. mars 2013. 
  5. Blackmore, Neil (2003). Buckley, Peter, red. The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 941–942. ISBN 1843531054. 
    Reynolds, Simon (2005). Rip It Up and Start Again: Postpunk 1978–1984. Faber and Faber. ISBN 0571252273. 
  6. Paytress 2003.
  7. «Siouxsie & the Banshees [uk charts]». officialcharts.com. Henta 12. august 2020. 
  8. «Join Hands Siouxsie and the Banshees Vinyl». Udiscovermusic. Arkivert frå originalen 30. oktober 2020. Henta 13. august 2020. 
  9. 9,0 9,1 Morley, Paul (27. juni 1981). Juju [album review]. NME. 
  10. 10,0 10,1 Page, Betty (27. juni 1981). «Siouxsie & The Banshees: Juju ****1/2». Sounds. Rock's Backpages. Henta 5. juni 2013.  (krev abonnement)
  11. Dimery, Robert (2005). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Cassell Illustrated. 
  12. Unsworth, Cathi (14. januar 1995). «Baby, Come Back». Melody Maker. 
  13. «Mojo – 100 Greatest Guitarists Of All Time», Mojo, June 1996 
  14. Marr, Johnny (November 2004). «Top Ten Guitarists». Uncut. 
  15. «Morrissey – KROQ Interview, 7-6-97 (pt. 4/4)». morrissey-solo.com. Henta 11. mars 2013. 
  16. Ryan Dombal. «Radiohead interview». Pitchfork. 28. mars 2008. Henta 14. august 2020.
  17. Borjesson, Tore S (23. mars 2003). «Red Hots verkliga frontman». Aftonbladet. Henta 2. juli 2015. 
  18. «6 music playlist Billy Corgan». BBC.co.uk. Broadcast on 7. desember 2014. Henta 16. august 2020
  19. «Billy Corgan plays X tracks while hosting SiriusXM Lithium station». crestfallen.com. 28. oktober 2011. Arkivert frå originalen 31. august 2013. Henta 14. juli 2015.