Jukagirske språk
Utsjånad
(Omdirigert frå Jukagirsk språk)
| Jukagirske språk | ||
| Vidare inndeling: | ||
| Tala i: | ||
| Område: | Sibir | |
| Glottolog: | yuka1259 | |
|
| ||

Jukagirske språk er ein liten språkfamilie som består av berre to språk, nordjukagirsk og sørjukagirsk. Dei jukagirske språka er ikkje forståelege seg i mellom, men i slekt med kvarandre. Slektskap med andre språkfamiliar har det ikkje vore mogleg å fastslå, sjølv om det finst dei som vil slå dei saman med dei uralske språka til ein jukagirsk-uralsk familie. Jukagirsk blir dermed ofte rekna som eit paleosibirsk språk, dette er ei eining basert på geografiske heller enn genetiske kriterium.
Dei jukagirske språka blir snakka i dei nordaustlege delane av Sibir, langs Kolymaelva. Ved folketeljinga i Russland vart det tald 370 personar som tala jukagirsk.[1]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010