Juledrikke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Juledrikk)

Juledrikke er drikkar som er særskild knytte til jul. Dette kan vera drikke ein lager heime eller drikkar som blir produsert for å i tida før og under jula. Ein kan ha slik drikke saman med julemat eller drikka han åleine på ulike juletilstellingar.

Juleøl[endre | endre wikiteksten]

Etikett for dansk juleøl frå 1896.
For meir om dette emnet, sjå Juleøl.

Særskild drikke har vore nært knytt til jul sidan norrøn tid. I den eldste kjelda som nemner den nordiske julefeiringa, «Haraldskvedet» frå 800-talet, snakkar ein om å drikka jul.[1][2] Det var sterk tradisjon for å brygga juleøl til høgtida, og julebrygging var påbode ved lov. Brygginga kunne ta til ei veke eller to før jul, helst når månen var i ny og det var flo sjø.[3]

Primstaven markerte byrjinga av jula første juledag med eit drikkehorn, medan slutten av feiringa på tjuandedag jul var markert med eit horn som vende nedover.

I heidensk tid drakk ein skålar til ære for norrøne gudar - først til Odin for siger og kongemakt, sidan til Njord og Frøy for godt år og fred. Ein kunne også drikka ei helteskål til Brage og minneskål for hauglagde slektningar. Etter at landet blei kristna kunne ein i staden drikka til ære for helgenar. I staden for å ofrast til gudane blei det signa.[3]

Juleøl var særskild søtt, sterkt og velsmakande, og blei gjerne brygga med honning og mykje malt.[2] Det blei brygga visse stader i Noreg heilt fram til 1900-talet.[3]

I nyare tid er det blitt vanlegare for bryggjeri å laga juleølet. Sleppet av årets nye juleøl kan vera ein viktig dag, i Danmark kalla J-dag.[2] I dei siste åra har ein fått alkoholfrie variantar av juleølet.

Andre alkoholdrikkar[endre | endre wikiteksten]

Glühwein på ein julemarknad i Tyskland.

Akevitt har saman med juleøl blitt ein nordisk tradisjon å drikka til julemat, som pinnekjøt og lutefisk. Tidleg på 2000-talet lanserte Vinmonopolet juleakevitt som eit eige produkt.

Fleire stader har ein tradisjon for å ha blanda drikkar til jul, som eggelikør eller eggnog, gløgg, glühwein og wassail. Desse drikkane kan ha ulike former for frukt og krydder oppi og blir ofte servert varme.[4]

Alkoholfri juledrikke[endre | endre wikiteksten]

For juledrikke utan alkohol er sukkerøl ein gammal norsk tradisjon, medan julebrus er litt nyare. Typen varierer frå fabrikant til fabrikant. I Sverige har den tradisjonelle julmusten blitt så populær at han dominerer brussalet.[5]

Coca-Cola har marknadsført drikken sin med julenissen (Santa Claus) sidan 1930-talet for å auka vintersalet.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Frå heimskringla.no:

    Úti vill jól drekka,
    ef skal einn ráða,
    fylkir enn framlyndi,
    ok Freys leik heyja

  2. 2,0 2,1 2,2 «Juleøl - juletønden». Historie-online. Henta 23. desember 2017. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Kristin Straumsheim Grønli (3. desember 2002). «Juleøl - en hedensk tradisjon». forskning.no. 
  4. Cloake, Felicity (9. desember 2010). «How to make perfect mulled wine». The Guardian. 
  5. Ekman, Josefin (20. desember 1999). «Julmust eller Coca-Cola?». Aftonbladet. Henta 22. desember 2010. 
  6. «Coca-Cola Christmas ads - a retrospective». Campaign. 9. desember 2008.