Julehelsing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk julekort frå rundt 1909 som ønskjer «Glædelig Jul!»

Julehelsingar er ulike uttrykk som blir brukte mellom familie, vener og framande i samband med jul og nyttår. Helsingane kan seiast, skrivast på julekort og i brev eller brukast som del av juledekorasjonar eller julemusikk.

På norsk er det vanleg å ønska «god» eller «gledeleg jul» og «godt nyttår». Nokre seier «god jul» til og med julaftan, og byter til «gledeleg jul» i romjula.[1]

Engelske helsingar[endre | endre wikiteksten]

Verdas første kommersielle julekort hadde helsinga «A Merry Christmas and a Happy New Year»
Julekort frå USS «Wyoming» i 1918. Helsinga på kortet seier: Christmas Greetings and all good wishes for the New Year from The United States Ship Wyoming.

På engelsk har ein tradisjonelt sagt «Merry» eller «Happy Christmas» og «Happy New Year». «Merry» er eit gammalt engelsk ord som opphavleg tydde 'god' og seinare 'lystig' eller 'munter'. Den eldste kjende bruken av ordet til julehelsing er frå 1534, i eit brev frå John Fisher til Thomas Cromwell: And thus our Lord send yow a mery Christenmas, and a comfortable, to yowr heart desyer. Dei to uttrykka saman (A Merry Christmas & a happy New yeare) blei brukt i eit brev skrive av T. Bawden i 1689.[2] Dei går også att i den engelske julesongen «We Wish You a Merry Christmas», og var trykte på det første kommersielle julekortet, som blei laga i England i 1843.[3]

I 1843 kom også A Christmas Carol (Et julekvad) av Charles Dickens ut. Ordet «merry», som var i ferd med å få den nye tydinga «lystig, munter»,[3] var viktig i dette verket. Den kyniske Ebenezer Scrooge reagerer på helsing med å seia: «If I could work my will … every idiot who goes about with 'Merry Christmas' on his lips should be boiled with his own pudding[4] Men etter at Scrooge har møtt juleåndene og forandra seg, utbryt han: «I am as merry as a school-boy. A merry Christmas to everybody!».[5] Den store populariteten til A Christmas Carol og juletradisjonane forteljinga ber fram bidrog til å spreia uttrykket «Merry Christmas».[6][7]

På slutten av 1800-talet fekk uttrykket likevel konkurranse frå «Happy Christmas», som etterkvart blei den vanlegaste talte helsinga i Storbritannia og Irland. Ein grunn kan vera at den viktorianske middelklassen ønskte å skilja si skikkelege, religiøse familiejulefeiring frå offentleg fyll og festing på ei tid då «merry» også kunne tyda 'berusa'. Dronning Elizabeth II skal til dømes føretrekka «Happy Christmas».[3] I sine årlege juletalar, som er blitt kringkasta til heile det britiske samveldet, har ho sagt «Happy Christmas» langt oftare enn «Merry Christmas».[8]

På slutten av 1900-talet blei det meir vanleg å bruka meir kulturelt og religiøst nøytrale helsingar som «Happy Holidays» og «Season's Greetings» i USA, ein bruk som seinare har spreidd seg til fleire engelsktalande land. «Happy Holidays» har røter tilbake til 1890-talet.[9] Det kan ha fått auka popularitet gjennom Irving Berlin-songen «Happy Holiday» frå 1942. Uttrykket kan dekkja heile vinterhøgtidsperioden frå thanksgiving til nyttårsdagen.

«Season's Greetings» er vanlegast i skriftleg form, som på julekort og reklame. Omgrepet kan førast tilbake til viktorianske julekorthelsingar som «Compliments of the Season» og «Christmas Greetings». Mot slutten av 1800-talet var «With the Season's Greetings» eller berre «The Season's Greetings» blitt vanleg, og på 1920-talet var dette korta ned til «Season's Greetings».[10] Uttrykket har vore vanleg på seinare julekort, mellom anna mange sende frå Det kvite huset til presidenten.[11]

Tilhengjarar av dei nøytrale helsingane meiner dei er inkluderande og ikkje støytande for folk som ikkje feirar (kristen) jul. Kritikarar kan mislika dei som sekulære nylagingar og knyta dei til agnostisisme, ateisme, materialisme, konsumerisme, politisk korrektheit og/eller motstand mot kristendom i samfunnet.[12] Dei tradisjonelle helsingane er likevel framleis dei mest populære ifølgje til dømes ein gallup frå 2012 av Rasmussen Reports som fann at 68 % av amerikanarar føretrekte «Merry Christmas» og 23 % «Happy Holidays»,[13] eller ein av Ipsos-Reid frå same tid der 72 % av kanadiarar føretrekte «Merry Christmas».[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steinar Solås Suvatne (27. desember 2015), «Språkforsker avliver myte: - Det er ikke feil å si «god jul» etter julaften», Dagbladet ; Per Egil Hegge (25.12.2005), «Gledelig jul», Aftenposten 
  2. «merry, adj.», OED Online, Oxford University Press, December 2016 
  3. 3,0 3,1 3,2 Gary Martin (2004). «Holiday Greetings, Merry Christmas». The Phrase Finder. Henta June 11, 2006. 
  4. Minzesheimer, Bob (December 22, 2008). «Dickens' classic 'Christmas Carol' still sings to us». USA Today. Henta May 4, 2010. 
  5. Dickens, Charles. A Christmas carol: in prose : being a ghost story of Christmas. Books.google.co.uk. Henta December 25, 2012. 
  6. Joe L. Wheeler. Christmas in my heart, Volume 10. p.97. Review and Herald Pub Assoc, 2001. ISBN 0-8280-1622-4
  7. Robertson Cochrane. Wordplay: origins, meanings, and usage of the English language. p.126 University of Toronto Press, 1996 ISBN 0-8020-7752-8
  8. «The Queen's First Christmas Broadcast 1952». The Royal Household. Arkivert frå originalen January 17, 2016. Henta December 13, 2013.  Note: "Merry Christmas" has been used only four times: in 1962, 1967, 1970 and 1999. "Happy Christmas" has been used on almost every broadcast since 1956. One year included both greetings. (note "blessed Christmas" in 1954 and 2007)
  9. Good Housekeeping. 1890. 
  10. «Maryland Historical Society Library Devotes Exhibit To Holiday Cards». Antiques and the Arts Online. 2005. Henta June 29, 2008. 
  11. «Season's Greetings from the White House». The White House. Henta June 29, 2008. 
  12. «Why "Happy Holidays"?». Reason Magazine. 2004. Henta June 29, 2008. 
  13. 68% Prefer 'Merry Christmas' Over 'Happy Holidays' – Rasmussem Reports. November 27, 2012. Retrieved August 14, 2013.
  14. Humbug to Holiday: 7 in 10 Canadians Prefer '[ Merry Christmas]' – Canada.com. December 20, 2012. Retrieved August 14, 2013.– Canadian Olympic Team Official Website. Retrieved August 14, 2013.