Julekaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei skål julekaker.
Kakebakst er ein tradisjonell del av førjulstida. Her lager ein krumkake.
Lebkuchen er ei tysk julekake.

Julekaker er småkaker det er vanleg å baka eller kjøpa til jul. Dei blir også serverte og etne ved juletider, typisk frå advent til og med romjula.

Norske kakesortar[endre | endre wikiteksten]

Eit omgrep knytt til julekakene er «dei sju slaga» eller «dei sju sortane», der ein var meint å baka sju ulike kakeslag før jul. Ein kan velja sju slag frå fleire meir eller mindre juleaktige kaker. I ei avstemming i Aftenposten i 1992 blei desse sju slaga valde ut som nødvendige julekaker: Smultring/hjortetakk, sandkake, sirupssnipp, berlinerkrans, goro, krumkake og fattigmann.

Andre kakeslag som mange meiner høyrer jula til er brune pinnar, havre- eller kokosmakron, julekake, jødekake, kransekake (stenger), kling eller lefse, Mor Monsen, nøtterose, peparkake, peparnøtt, rosett- og bordstabelbakkels og serinakake.

I samband med betre tilgang på sjokolade er det også blitt vanleg å laga konfektkaker som delfiakake og risbolle til jul. Til jul i dag kan ein også laga store kaker og ikkje berre småkaker.

I andre land[endre | endre wikiteksten]

I tysk tradisjon er Lebkuchen, ei mjuk peparkakeaktig kake, ei utbreidd julekake.

Av større kaker laga til jul finn ein den engelske plum-puddingen, som blir tent på ved servering, og franske Bûche de Noël, 'julekubbe', ei kake laga for å sjå ut som ein vedkubbe lik den ein har hatt for skikk å pynta og brenna til jul i fleire europeiske land.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Julebakst ved Elin Huseby, Bergen Offentlige Bibliotek

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Julekaker