Schlumbergera
Schlumbergera | |
![]() | |
Utbreiing | |
![]() Utbreiinga av Schlumbergera | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Kaktusfamilien Cactaceae |
Underfamilie: | Cactoideae |
Stamme: | Rhipsalideae |
Slekt: | Schlumbergera Lem., 1858 |
Schlumbergera eller julekaktusslekta er ei slekt i kaktusfamilien. Dei er nærskylde artar, og dei er alle sukkulente plantar, som veks som epifyttar i 1000-1700 meters høgd i Orgelberga i Serra do Mar, i Brasil. Nokre julekaktusar er kryssingar mellom Schlumbergera truncata og Schlumbergera russelliana, som fann stad for ca. 150 år sidan i England.
Julekaktusar har blitt odla i meir enn 150 år og ein har fått plantar med blomstrar som går frå raud, lilla og fersken til kvitt og kvar plante kan ha talrike blomstrar. Dei kan ha namn etter tida dei gjerne blømer rundt, som novemberkaktus, julekaktus eller påskekaktus på norsk eller Christmas cactus, Thanksgiving cactus og holiday cactus på engelsk. Dei blir kalla Flor de Maio (‘maiblome’) i Brasil.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]


Slekta Schlumbergera er utbreidd i dei kystnære fjella i Mata Atlântica i den søraustlege delen av Brasil. Ein finn dei i delstatane Espírito Santo, Minas Gerais, Rio de Janeiro og São Paulo. Dei kjem frå skogkaktus og veks som epifyttar i 1000 til 1700 meter høgd i Orgelfjella nord for Rio de Janeiro.
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Slekta vart første gong vitskapleg skildra i 1858 av Charles Lemaire.[1] Slekta har tidlegare òg gått under namna Zygocactus og Epiphyllanthus. Til slekta Schlumbergera høyrer dei følgjande artane og hybridane:[2]
Slekt
[endre | endre wikiteksten]- Schlumbergera × buckleyi
- Schlumbergera × exotica
- Kulturhybrid av Schlumbergera opuntioides og Schlumbergera truncata
- Schlumbergera kautskyi
- Schlumbergera microsphaerica (S. obtusangula)
- Schlumbergera microsphaerica subsp. microsphaerica
- Schlumbergera microsphaerica subsp. candida
- Schlumbergera opuntioides
- Schlumbergera orssichiana
- Schlumbergera × reginae
- Kulturhybrid av Schlumbergera orssichiana og Schlumbergera truncata
Synonym til slekta er Epiphyllum Pfeiff., Zygocactus K.Schum., Epiphyllanthus A.Berger, Opuntiopsis Knebel og Zygocereus Frič.
Vanlege artar
[endre | endre wikiteksten]- Novemberkaktus (Schlumbergera truncata): «tanna» form
- Julekaktus (Schlumbergera x buckleyi): «ikkje-tanna» form
- Påskekaktus (Schlumbergera gaertneri).
- Sortar
- 'Marie' (Djupraude blomar)
- 'Sonja' (lyseraude blomar)
- 'Delikatum' (kvite blomsar)
- 'Sanne' (fløtekvite blomar)
- 'Dark Sonja' (cyclamenraude blomar)
- 'Orange Triumph' (oransjeraude blomar)
- 'Tina' (kvite blomar)
- 'Dark Marie' (mørkt raude blomar)
Ikkje innplaserte, botaniske namn, som òg blir nytta om «heilagdagskaktus»:
- Epiphyllum altensteinii, Schlumbergera truncata var. altensteinii, Zygocactus truncatus var. altensteinii, Epiphyllum bridgesii, Epiphyllum truncatum var. bridgesii, Zygocactus bridgesii, Epiphyllum delicatum, Schlumbergera truncata var. delicata, Zygocactus delicatus, Epiphyllum ruckeri, Epiphyllum ruckerianum, Cactus truncatus, Epiphyllum truncatum.
Hybridar
[endre | endre wikiteksten]Heilagdagkaktus (Schlumbergera og Hatiora hybridar) inkluderer:
- Julekaktus, (S. bridgesii, S. x buckleyi, Epiphyllum x buckleyi)
- Novemberkaktus, Thanksgiving Cactus, Yoke Cactus, Linkleaf Cactus, Crab Cactus, Claw Cactus (S. truncata, tidlegare Zygocactus truncatus)
- Påskekaktus, (Rhipsalis gaertneri eller Hatiora gaertneri - tidlegare Rhipsalidopsis gaertneri)
Andre synonym inkluderer: Epiphyllum altensteinii, Schlumbergera truncata var. altensteinii, Zygocactus truncatus var. altensteinii, Epiphyllum bridgesii, Epiphyllum truncatum var. bridgesii, Zygocactus bridgesii, Epiphyllum delicatum, Schlumbergera truncata var. delicata, Zygocactus delicatus, Epiphyllum ruckeri, Epiphyllum ruckerianum, Cactus truncatus, Epiphyllum truncatum.
Sortar
[endre | endre wikiteksten]- 'Marie' (djupraude blomstrar)
- 'Sonja' (lyseraude blomstrar)
- 'Delikatum' (kvite blomstrar)
- 'Sanne' (fløytekvite blomstrar)
- 'Dark Sonja' (cyclamenraude blomstrar)
- 'Orange Triumph' (oransjeraude blomstrar)
- 'Tina' (kvite blomstrar)
- 'Dark Marie' (mørkt raude blomstrar)
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Julekaktus
-
Julekaktus
-
Schlumbergera x buckleyi
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- bladkaktus
- Rhipsalis salicornioides (òg ein trekroneepifytt)
- Rhipsalidopsis
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Revue Horticole. 4. Serie, Band 7, S. 253, Paris 1858
- ↑ Edward F. Anderson (2005), Das große Kakteen-Lexikon, sett om av Urs Eggli, Stuttgart: Eugen Ulmer KG, s. 578–580, ISBN 3-8001-4573-1
- Schlumbergera på CSSA Arkivert 2011-11-22 ved Wayback Machine.
- Schlumbergera på Britannica
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Schlumbergera hos Artsdatabanken
- (en) Schlumbergera i Encyclopedia of Life
- (en) Schlumbergera i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Schlumbergera hos ITIS
- (en) Schlumbergera hos NCBI
- (en) Schlumbergera hos The International Plant Names Index
- (en) Schlumbergera hos Tropicos
- (en) Kategori:Schlumbergera – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Schlumbergera – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Schlumbergera – detaljert informasjon på Wikispecies