Juleførestilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Julekonsert)
Opptog med heilage Nikolaus, Nikoloweibl (Nikolausjente) og Buttnmandl (menn kledde i strå) i Loipl i Tyskland.

Juleførestilling er ei førestilling som blir særskild oppført i samband med jul. Ho kan innehalda element som musikk, dans, teater og opplesing, og framførast av amatørar eller profesjonelle.[1] Skular, lag og andre grupper kan setja opp juleførestillingar. Det kan også vera ein tradisjon for ei gruppe å sjå ein viss type juleførestilling kvart år.[2][3]

Førestillingane kan ha religiøse element, som julespel eller religiøs musikk, eller vera heilt eller delvis sekulære. Dei kan også ha andre juleelement i lag med førestillinga, som peparkaker, graut, gløgg eller nissar.[4][5]

Juledrama[endre | endre wikiteksten]

Barn framfører Nøtteknekkaren i Polen.

Juledrama kan vera skodespel, musikalar, revyar, operaer og ballettar med juletilknyting,[6] til dømes ved at dei er lagt til jula, handlar om jul eller er knytte til jul gjennom tradisjon.[7][8][9] Slike førestillingar kan arrangerast ved profesjonelle institusjonar eller av lokale grupper, som ungdomslag og barneteater.[10]

Julespel, stjernespel og liknande førestillingar med handling knytt til juleevangeliet har funne stad sidan mellomalderen, og dei første juleoperaene oppstod på 1600-talet. I mange katolske land var offentlege teater stengde i advent, og ein måte å omgå dette på var å oppføra religiøse verk eller azioni sacre. Ein av dei første juleoperaene av dette slaget var Il gran natale di Christo salvator nostro av Giovanni Battista da Gagliano og Jacopo Peri, som hadde premiere fyrste juledag 1622.

Folkeleg teater som mummers' play frå Storbritannia kan utførast av små lokale grupper med faste karakterar og humoristisk innhald. Panto eller pantomime er ein humoristisk teatersjangar som blir spelt til jul, men ikkje har særskild juleinnhald.[11]

Eit juleeventyr av Dickens er døme på verk ein kan setja opp som skodespel til jul. Balletten Nøtteknekkaren av Tsjaikovskij har vore populær som juleførestilling sidan 1960-talet, særleg i Nord-Amerika.[12][13][14]

Julekonsert[endre | endre wikiteksten]

Julekonsertar kan omfatta julemusikk innan ei rekkje ulike sjangrar.[15][6][16][17] Artistar kan dra på turné i juletida, eller konserten kan haldast ein enkelt eller nokre få gonger på éin stad. Vanlege konsertstader er kyrkjer, kulturhus, skular og forsamlingshus.[1] Ein kan også oppsøka publikum for å synga julesongar og liknande.[18] Julekonsertar i desember er blitt eit samlingspunkt for mange, og er med på å prega førjulstida slik at markeringa av jul i nyare tida endar rundt julaftan.[1]

Bachs juleoratorium og Händels Messias er to klassiske musikkverk det er vanleg å framføra på julekonsert.[19][20]

Juleopptog og møte[endre | endre wikiteksten]

Juleopptog på Jersey i 2012.

Opptog med juletema kan vera ein årviss tradisjon eller ei enkelthending. Dei kan mellom anna arrangerast som reklame eller for innsamlingsføremål. På 1920-talet heldt føretaka Lomen Company og Macy's opptog med reinsdyr, samar i samedrakt og julenissen eller Santa Claus i ein slede i fleire amerikanske byar.[21][22] Seinare er nisse- og reindsyropptog blitt vanlege fleire stader i verda.[23] Opptoga kan også innehalda anna underhaldning, som musikk og dans, og kombinerast med tenning av julelys.[24] Ein kan også arrangera statiske tilstellingar, som møte med reinsdyr eller julenissen.[25][26]

Ein kan også halda luciatog i samband med luciadagen, noko som er mest vanleg i Sverige. Heilagetrekongarskavalkade er ein januartradisjon i fleire spanskspråklege område.

Kringkasting av juleførestillingar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste typar juleførestillingar kan ein også senda i radio, fjernsyn eller på internett.[27] Julekonsertar kan til dømes vera ein viktig del av julemarkeringa frå ein fjernsynskanal.[28] Julekalenderseriar er ei dramaform for fjernsyn som kan sendast i advent.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Flatin, Arne (5. desember 2014), «Rom for både nasjonale og lokale artistar», NRK (på norsk bokmål), henta 16. november 2020 
  2. «Juleforestillinger i Oslo og Akershus - Se oversikt her», Aktiv I Oslo.no (på norsk), henta 16. november 2020 
  3. «Lager (litt) skummel romjul med «En juleforestilling»», www.hamar-dagblad.no (på norsk), 16. desember 2019, henta 16. november 2020 
  4. «Juleforestilling - Nordreisa kommune», www.nordreisa.kommune.no, henta 16. november 2020 
  5. «Julekonserter 2019», www.nittedal.kirken.no, henta 16. november 2020 
  6. 6,0 6,1 Dalen, Raymond (30. november 2013), «Julekonserter i kø i Buskerud», NRK (på norsk bokmål), henta 16. november 2020 
  7. Nystøyl, Karen Frøsland (27. november 2017), «Anmeldelse av «Askepotts jul»», NRK (på norsk bokmål), henta 16. november 2020 
  8. Jåsund, Cecilie Berntsen (16. november 2017), «Morsom jakt etter nissens magiske julesekk», NRK (på norsk bokmål), henta 16. november 2020 
  9. Espeland, Anett Johansen (17. november 2014), «Ond nisse vil tvinge Rogaland i kne – igjen», NRK (på norsk bokmål), henta 16. november 2020 
  10. Krømke, Kathrine (14. november 2013), «Spente fjøsnisser», NRK (på norsk bokmål), henta 16. november 2020 
  11. Christopher, David (2002). "British Culture: An Introduction", p. 74, Routledge; "It's Behind You", The Economist, 20. desember 2014
  12. Fisher, J. (2003). Nutcracker Nation: How an Old World Ballet Became a Christmas Tradition in the New World. New Haven: Yale University Press. 
  13. Nystøyl, Karen Frøsland (4. desember 2014), «Vakker, men langdryg», NRK (på norsk bokmål), henta 16. november 2020 
  14. Osland, Marie Stafsnes (11. oktober 2013), «Imponerte med «Nøtteknekkaren»», NRK (på norsk bokmål), henta 16. november 2020 
  15. Tillson, Sunniva (22. desember 2018), «10 konserter som gir julestemning», NRK (på norsk bokmål), henta 16. november 2020 
  16. Brathole, Erling (3. oktober 2016), «Barokkens konsertform», NRK (på norsk bokmål), henta 16. november 2020 
  17. Årdal, Ole Kristian (21. desember 2017), «Den motvillige julemusikaren», NRK, henta 16. november 2020 
  18. Gamlem, Magnus (6. desember 2016), «Helgesenkoret laga julestemning: – Flott song», NRK, henta 16. november 2020 
  19. «Bach - Christmas Oratorio». Classic FM. Arkivert frå originalen 20. mars 2016. Henta 10. oktober 2019. 
  20. Whittall, Richard (16. desember 2014). «Messiah complex: why it's a joy to sing Handel's classic every Christmas». The Guardian. Arkivert frå originalen 10. oktober 2019. Henta 10. oktober 2019. 
  21. CNN, Laura Galloway, Special to (22. desember 2012), «How Santa got his reindeer», CNN Digital (på engelsk), henta 16. november 2020 
  22. Samuelsen, Geir (28. november 2007), «- Rudolf er samisk», NRK (på norsk bokmål), henta 16. november 2020 
  23. «Thousands flock to Cowbridge for this year's Reindeer Parade», Glamorgan Gem Ltd (på engelsk), henta 16. november 2020 [daud lenkje]
  24. Wylie, Kathryn, «Santa Claus isn't coming to town as annual reindeer parade is called off in Banff», Press and Journal (på engelsk), henta 16. november 2020 
  25. «Reindeer parade heading to Darlington», The Northern Echo (på engelsk), henta 16. november 2020 
  26. Editor, Kyle KlausingNews, «Santa Claus (and his reindeer) come to town!», Granite Falls Advocate Tribune (på engelsk), arkivert frå originalen 18. januar 2021, henta 16. november 2020 
  27. Tvilde, Kari Nygard (9. desember 2014), «Held julekonsert utan publikum i salen», NRK (på norsk bokmål), henta 21. november 2020 
  28. Tillson, Sunniva (22. desember 2018), «10 konserter som gir julestemning», NRK (på norsk bokmål), henta 21. november 2020