Julekveld i skogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Det var julekveld i skogen.
Langt frå byens ståk og larm
låg ei gammal husmannsstove,
heller fattigsleg og arm.
Og i stova, som var nedsnødd av ei mengd med julesnø,
der låg gamlemor og gomla på si siste skive brød.»

Opninga av Hans Ericssons nynorskversjon av Astor Ericsons «Julekveld i skogen»

«Julekveld i skogen» er ein norsk julelåt skriven som ein parodi på ein julesong til Søndagsposten i 1963. Teksten er skriven av Astow Ericson og melodien av Otto Nielsen. Songen parodierer sentimentalitet]en rundt juletida. Songen er ein av rundt 60 som Ericson og Nielsen skreiv i lag, men «Julekveld i skogen» er den som har vorte mest kjend.

Handlinga i songen foregår i ei falleferdig stue i skogen, der det bur eit fattig og gammalt par, utan nokon annan julemat enn «muggen fleskesvor». Armoda desse to lid under vert omtalt med ord som «juletårer», «julehulk» og «julesukk». Jula vert redda av at eldstesonen til paret, familiens svarte får, kjem heim frå Amerika med ein koffert full av julemat og julegåver. Dermed endar songen trass alt lykkeleg med at «Det ble jul allikevel!».

Songen, slik han vart framført av Rolf Just Nilsen i Søndagsposten, har ni vers (eller 4 og eit halvt dobbeltvers). Den opphavlege teksten til Ericson hadde ti vers, men den nest siste, som omtalar ein fyllefest med «julerap og -stønn» vart klipt vekk sidan Otto Nielsen syntest han var for støytande.

I 1998 la Ericson ned forbod mot at NRK fekk sende songen. Bakgrunnen for dette var ifølge Ericson at NRK aldri nemnde Ericson når låten vart framført. Ericson heldt fast på dette forbodet i fleire år, trass i at han tapte pengar på det. I 2003 laga den svenske låtskrivaren Hans Ericsson ein svensk versjon av songen, og Astow Ericson ville ikkje motsetje seg at innspelingar med den svenske eller nynorske teksten vart brukte av NRK.

«Det var eldste son i huset,
heile slektas svarte sau,
som i årevis var sakna,
alle trudde han var daud.
Men no stod han der og julesong ein julemelodi,
då han opna julekofferten med julegåver i.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]