Julelenke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Juletre med julelenker av papir og perleband.

Ei julelenke eller juletrelenke er ein girlander ein kan bruka som julepynt, gjerne på eit juletre. Slike lenker kan til dømes vera av bær, greiner, popkorn, perler, papir eller kunstmateriale.

Julelelenker av papir[endre | endre wikiteksten]

Laging av papirlenke på ein skule i England i 1944.

Ein lagar gjerne julelenker av papir som er farga eller glansa.

Ein vanleg norsk variant er lenker danna av papirstrimlar som er forma til ringar. Den fyrste strimmelen limar ein til enden av seg sjølv for å danna ein ring. Kvar nye strimmel blir tredd gjennom den førre ringen og lima til enden av seg sjølv. Når ein gjentek dette fleire gonger blir det laga ei kjettingliknande papirlenke.

Ein annan type julelenke av papp eller papir er kjend som musetrapp, og er laga av to lange papirstrimlar som ein brettar over kvarandre i trinn. Ein eldre tradisjon som er blitt sjeldan i nyare tid er ein jakobsstige i papir. Han førestiller ein himmelstige med englar på, og eit bevart eksemplar frå før 1837 er det eldste eksempel på papirjulepynt som finst i Danmark.[1]

Å laga juletrelenker blir mellom anna brukt som ein aktivitet for barn i førjulstida. Ein kan laga lenker av glanspapir, trykksaker eller anna dekorativt papir.[2][3]

Papirlenker eller girlandrar ein pyntar med til jul kan også ha dekorative papirstykke, som flagg, vimplar eller julefigurar. Flagglenker med norske eller danske flagg er vanleg julepynt i Noreg[4] og Danmark.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ingvordsen, Jens, Mellem himmel og jord | Julehistorier (på dansk), henta 27. november 2020 
  2. «13», Kirkens Nødhjelp (på norsk), henta 25. november 2020 
  3. «Ting å lage: Julelenke», Ung Husflid (på norsk), henta 25. november 2020 
  4. «Historisk julepynt - flagglenke 2 x 2 m - GTH10025/3», www.gamletrehus.no, henta 27. november 2020 
  5. Dannebrogsflag på juletræet | Julehistorier (på dansk), dengamleby.dk, henta 27. november 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Papirlenker