Juleroser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Innhaldssida i første nummer av Juleroser 1881

Juleroser var det første juleheftet som kom ut regelmessig til jul i Norden. Første heftet kom i handelen 9. desember 1881. Utgjevar var Ernst Bojesen, papir-, bok- og kunsthandlar i København.

Forbiletet til Juleroser var det franske juleheftet Paris-Murcie som kom ut i 1879. Liksom i dette heftet var det kjende forfattarar som skriv i Juleroser. Også ideen om eit eige kunstvedlegg henta Bojesen frå Paris-Murcie

Bojesen ville gjere Juleroser til eit hefte for heile Norden. Frå 1895 var det tilsett eigne redaktørar for Noreg og Sverige. Norsk redaktør var Henrik Jæger. I alle år heftet kom ut var det tekst, illustrasjonar og kunsttillegg frå alle nordiske landa. I 1885 - 88, og i 1892 hadde Juleroser undertittelen «Skandinavisk Juleblad» . I 1889 - 91 var undertittelen «Nordisk Juleblad».

Juleroser kom ut samanhangande 1881 - 1936, og i 1941 - 44.

I 2015 gav Samlaget ut eit litterært julehefte, Juleroser. Redaktør Herborg Kråkevik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tom Brenne:Norske julehefter. De litterære juleheftene fra 1880 til i dag. Messel Forlag 2009