Hopp til innhald

Jules Joseph Lefebvre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jules Joseph Lefebvre

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 14. mars 1834
Tournan-en-Brie
Død

24. februar 1912 (77 år)
rue La Bruyère, Paris

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett, historiemåleri, akt
Medlem av Académie des beaux-arts
Signatur
Jules Joseph Lefebvre på Commons

Jules Joseph Lefebvre (14. mars 183424. februar 1912) var ein fransk målar som var mest kjend som figurmålar.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Jules Joseph Lefebvre var fødd i Tournan-en-Brie i departementet Seine-et-Marne som son av ein bakar. Faren oppmuntra talentet hans, og fekk han i 1852 til å reisa til Paris for å studera målarkunst. Der fekk han undervisning hjå Léon Cogniet i eitt år, og blei deretter elev ved den velrenommerte École nationale supérieure des beaux-arts de Paris.

La mort de Priam (1861).

I 1855 stilte han ut for fyrste gong på Parissalongen. Etter avslutta studium i Paris drog han til Italia, der han etter fleire mislykka forsøk i 1861 vann Prix de Rome med historiemåleriet La mort de Priam.

Medan han var i Roma kunne han studera målarar frå manierismen utførleg. Dette gjaldt ikkje minst Andrea del Sarto, som han fekk djupe inntrykk av og kopirerte nokre verk av. På denne tida oppstod dei fyrste aktmåleria hans. I 1864 og 1866 sende han to verk til Parissalongen si utstilling; særleg det siste blei svært slett motteke av kritikarane. Då både foreldra hans og ei av søstrene hans døydde same året, utløyste dette ein sterk depresjon i han som endra livet hans fullstendig.

I 1891 blei han medlem av Académie des Beaux-Arts.

I perioden 1855 til 1898 kom han til å stilla han ut 72 portrett på Parisersalongen; dei fleste av desse var av kvinner. Blant dei som stod modell for han kan ein nemna dottera hans Yvonne, Napoléon Eugène Louis Bonaparte (Napoleon IV) og forfattaren Alexandre Dumas, som i 1892 kjøpte måleriet hans Femme Nue for 25.000 franc.

Han var lærar ved Académie Julian i Paris, der han i alt hadde rundt 1 500 studentar.


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Jules Joseph Lefebvre