Jules Verne
Jules Verne | |
![]() | |
Fødd | 8. februar 1828 Nantes |
Død | |
Yrke | romanforfattar, skodespelforfattar, lyrikar, librettist, barnebokforfattar, geograf, skribent, science fiction-forfattar, esperantist |
Jules Verne på Commons |
Jules-Gabriel Verne (8. februar 1828–24. mars 1905) var en fransk forfattar. Han skreiv eventyrlege romanar om reiser verda rundt, under havet, jorda og i verdsrommet. Ved å bruka mange tekniske nyvinningar som inspirasjon frå bøkene sine er han blitt ein av opphavsmennene til science fiction-romanen. Verne er kjend for bøker som Jorden rundt på 80 dager, En verdensomseiling under havet, Den hemmelighetsfulle øya og Kaptein Grants barn. Fleire av romanane hans er blitt filmatiserte, nokre av dei fleire gonger.
Verne var fødd i Nantes i Frankrike og voks opp på ei øy i elva Loire. Han døydde i Amiens.
Verkliste[endre | endre wikiteksten]
Utval av verk som finst på norsk[endre | endre wikiteksten]
Dei verka som har kome i norsk omsetjing har i stor mon vore avstytta og omarbeide utgåver. Vidarforlaget AS i Oslo har som mål gje ut det komplette romanverket om dei ekstraordinære ferdene i nye norske omsetjingar.
- Reisen til Jordens indre (Voyage au centre de la Terre 1864)
- Kaptein Grants barn (Les Enfants du capitaine Grant, 1867)
- En verdensomseiling under havet (Vingt mille lieues sous les mers, 1869)
- Jorden rundt på 80 dager (Le Tour du Monde en quatre-vingts jours, 1873)
- Den hemmelighetsfulle øya (L'Île mystérieuse, 1875)
- Den underjordiske byen (Les indes noires, 1877)
- Tsarens kurér (Michel Strogoff , 1876)
- To års ferie eller I Stillehavets favn (Deux Ans de vacances, 1888)
- Reisen til månen (De la terre à la lune, 1865)
- Fem uker i ballong (Cinq semaines en ballon, 1863)
- Kapteinen på 15 år (Un capitaine de quinze ans, 1878)
- No. 9672. Fortælling fra Norge eller Det store loddet : Roman fra Telemark (Un billett de lotterie, le No 9672, 1886)
- En reise gjennom solsystemet ; Skuddet på Kilimanjaro
- Onkel Robinson (L'oncle Robinson, 1861)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
