Julia Catherine Beckwith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julia Catherine Beckwith

Statsborgarskap Canada
Fødd 10. mars 1796
New Brunswick
Død

28. november 1867 (71 år)
New Brunswick

Yrke romanforfattar

Julia Catherine Beckwith (10. mars 179628. november 1867) var ein kanadisk forfattar som er blitt kjend som den første romanforfattaren frå Canada.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Beckwith var fødd i Fredericton i New Brunswick. Mykje av barndommen budde ho i Nova Scotia og Quebec. Mor hennar, Julie-Louise Le Brun, var dotter av Jean Baptiste Le Brun de Duplessis og stamma frå ein framståande fransk familie som slo seg ned i Canada på 1600- og 1700-talet.[1] Far hennar, Nehemiah Beckwith (U.E.L.) var ein lojalist frå Connecticut. Han slo seg ned i New Brunswick i 1780, der han åtte eit framgangsrikt verft.[2]

To år etter at Beckwith hadde skrive sin første roman, men ikkje gjeve han ut endå, døydde faren i ei drukningsulukke.[2] I 1820 Ho blei send til Kingston i Ontario for å bu hjå slektningar og skipa ein kostskule for jenter. Her møtte ho George Henry Hart,[3] som ho gifta seg med den 3. januar 1822.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Beckwith skreiv den første romanen sin, St Ursula’s Covent (eller The Nun of Canada), då ho var sytten.[2]

Mor til Beckwith hadde gått over frå katolisismen til ektemannen si metodistiske tru, men det var den religiøse bakgrunnen til mora som gav Beckwith bakgrunnsmaterialet for den første romanen hennar. Beckwith var også inspirert av reisene sine i Quebec og Nova Scotia, som kunne vera strabiøse kanoreiser.[4]

Det tok nesten ti år for Beckwith å finna nokon som ville gje ut verka hennar.[2] I 1824 gjekk Hugh C. Thomson med på å gje ut den romantiske romanen St. Ursula’s Convent or, The Nun of Canada; Containing Scenes from Real Life. Etter eige ønske var Beckwith anonym.[2] Det blei berre trykka 165 bøker. Etter at boka blei kritisert som for komplisert, blei nesten alle utgåvene tapte.[2]

Seinare flytta Beckwith og ektemannen til USA. Her skreiv ho sin andre roman, Tonnawanda ; or, The Adopted Son of America ; an Indian Story, som ho gav ut i Rochester i New York som skriven av ein amerikanar (By an American).[5] I 1831 flytta Beckwith, mannen og seks barn tilbake til Fredericton. Her skreiv ho sin tredje roman, Edith (eller The Doom), men denne blei ikkje gjeven ut i hennar levetid.[2]

28. november 1867 døydde Julia Catherine Beckwith i Fredericton i New Brunswick, 71 år gammal.[2]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Først rundt 1900, i lag med ei auka interesse for kanadisk litteratur, blei folk merksame på forfattarskapen til Beckwith. I 1904 kjøpte sjefsbibliotekaren ved Toronto Public Library, James Bain, eit eksemplar av St. Ursula’s Covent på auksjon for 8 dollar.[2] Berre fem andre eksemplar av boka er kjende (ein ved Library of Congress i Washington, dei andre ved Bibliothèque Nationale de Quebec, Brock University og University of New Brunswick), medan biblioteket ved McGill University har ei ufullstendig utgåve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Morgan, Henry James (1903). «Mrs. George H. Hart». Types of Canadian women and of women who are or have been connected with Canada (Toronto). 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Jones, Donald. “Canada’s First Novel Written by a Woman :[SA2 Edition].” Toronto Star 25 Feb. 1989: M4. Print.
  3. "Julia Catherine Hart." Guide to Literary Masters and Their Works (2007): Literary Reference Center. EBSCO. 1. november 2010. Web.
  4. Davies, Gwendolyn. "Hart, Julia Catherine (1796-1867)." Oxford Companion to Canadian Literature (1997): 518. Literary Reference Center. EBSCO. 1 Nov.2010. Web.
  5. Bond, Carolyn. “Vivid Views ;[Final Edition]. The Whig-Standard 21. september 1991: s. 1. Print.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]