Juliansk dato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Juliansk døgn)
Gå til: navigering, søk

Juliansk døgn (JD) eller juliansk dato er talet på dagar som har gått sidan startdatoen i den julianske kalenderen. Startdatoen er måndag 1. januar år 4713 fvt., klokka 12 middag, Greenwich Mean Time (GMT). Dette tidspunktet blir gjeve som JD=0,00. Juliansk dato er hyppig brukt i astronomien og i kalendariske tabellar. Det er ein metode å nummerere dagar på som er fri for oppdeling i månader og år, og han er derfor særskild nyttig når ein treng å vite intervall i dagar mellom to tidspunkt. Metoden vart innført av Joseph Scaliger i 1583.

Det finst fleire variantar av denne forma for tidsrekning til ulike føremål. Til dømes nyttar reknearkprogramma Lotus 1-2-3 og Microsoft Excel Dublin Julian Day (DJD) som startar midnatt (kl. 0:00) 1. januar, 1900. DJD 0,00 = JD 2415018,5. Juliansk dato kl. 12 Greenwich tid 1. januar 2000 er 2 451 545.

Juliansk dato modifisert eller MJD er juliansk dato minus 2 450 000,5.

Juliansk periode er eit kontinuerleg mål for tida. Den julianske perioden kombinerer solsyklusen (28 år), månesyklusen (19 år) og indikasjonssyklusen (15 år) og inneheld derfor 28·19·15 år = 7980 år. Alle desse syklusane er føresett å byrje 1. januar i den julianske kalenderen, og ein har funnet at dei byrja samstundes i 4713 f.Kr., slik at ein juliansk periode inkluderer alle tidspunkta i fortida og framtida som ein kan rekne med å referere til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]