Julie Berthelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julie Berthelsen

Fødd7. juni 1979 (44 år)
FødestadAarhus
OpphavKongeriket Danmark
Aktiv1994–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, låtskrivar, stemmeskodespelar, filmskodespelar

Julie Ivalo Broberg Berthelsen (fødd 7. juni 1979), betre kjend som Julie, er ein dansk-grønlandsk songar. Ho vart landskjend i Danmark då ho deltok i talentprogrammet Popstar i 2002. Ho slo gjennom med «Every Little Part of Me» i 2003 frå debutalbumet Home, som selde 90 000 eksemplar.

Oppvekst og karriere[endre | endre wikiteksten]

Julie Berthelsen er fødd i Århus som dotter av ein grønlandsk mor og ein dansk far.[1] Då ho var nokre månader gammal vart mora skilt frå faren, og Julie flytta saman med søstera si og mora til Qeqertarsuaq og to år seinare etter til Nuuk i Grønland. Her møtte mora den grønlandske musikaren og seinare politikaren Per Berthelsen, som vart stefaren til Julie.[2][3] Ho vaks opp med musikken, og i 1994 byrja ho å syngje korvokal i bandet Sume, bandet til stefaren hennar. I 1996 laga ho sine fyrste innspelingar, der ho song kor for lokale band. I 1998 danna ho, saman med folk ho kjente, sitt eige band Nuna. Same år flytta ho til Noreg, der ho gjekk på folkehøgskole på musikk- og teaterlinja. Året etter bestemte ho seg som 19-åring for å reise heim til fødebyen Århus for å studera medisin, noko ho gjorde inntil ho i 2002 deltok i talenttevlinga Popstar.

Berthelsen enda på ein andreplass i Popstar. Debutsingelen og -albumet hennar vart ein stor suksess. Singlen «Every Little Part of Me» selde 30 000 eksemplar, og albumet Home låg 30 veker på den danske albumlista; to veker på fyrsteplass og 90 000 selde eksemplar.[4][5] Suksessen vart ytterlegare stadfesta etter tre prisar ved Danish Music Awards 2004, som «Årets danske sangerinde», «Årets nye danske navn» og «Årets danske pop udgivelse». I 2003 song Berthelsen tittelsongen til den danske julekalenderen Jesus & Josefine saman med Martin Brygmann.

Hausten 2004 gav Berthelsen ut sitt andre album, Julie. Her hadde Berthelsen alliert seg med songskrivarar som Jascha Richter og Poul Krebs, og albumet selde 32 000 eksemplar.[5] I 2006 spela ho inn songen «Tomorrow», som vart nytta som introsongen til tv-serien Kronprinsessen. Året etter gav ho ut albumet Asasara.[5]

Den 2. februar 2009 kom det fyrste danskspråklege albumet hennar, Så no, ut. Albumet inneheld gjesteopptredenar frå Nik & Jay og Søs Fenger. Albumet inneheld òg den engelskspåklege singelen «Moment's Bliss», som vart nytta som tittelmelodien til TV-serien 2900 Happiness.

I 2010 var Berthelsen, saman med Felix Smith, programleiar for Dansk Melodi Grand Prix.

Våren 2010 deltok Berthelsen som korleiar i AllStars, den danske versjonen av Det store korslaget, der ho hadde samla eit kor frå Nuuk. Berthelsen og koret vann tevlinga og premien på 250 000 danske kronar. Premiepengane gjekk til den grønlandske hjelpeorganisasjonen Nanu Børn, som arbeidar for å forbetre vilkåra for grønlandske barn.[6]

Hausten 2010 gav Berthelsen ut det femte albumet sitt, Closer.[7] Albumet inneheld åtte tidlegare utgjevne songar i nye akustiske versjonar, i tillegg til tre nye songar. I tillegg har Berthelsen spela inn sine fortolkingar av fire grønlandske songar, som er skrivne av stefaren hennar Per Berthelsen. Om Closer, som ho produserte i samarbeid med Rune Nissen-Petersen og Mads Løkkegaard, fortel Berthelsen: "Det er eit organisk og balansert album, som seier veldig om kvar eg er i dag. Eg prøver å læra å ta det roleg og vera tilstades i noet".[8]

Melodi Grand Prix 2019[endre | endre wikiteksten]

I 2019 deltok Berthelsen i Dansk Melodi Grand Prix saman med venninna Nina Kreutzmann Jørgensen og songen «League of Light».[9][10][11] Dette var andre gongen at ein song med grønlandsk tekst hadde delteke i Danske Melodi Grand Prix. Duoen enda på andreplass i finalen, bak Leonora Colmor Jepsen.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Berthelsen har vore saman med handballspelaren Minik Dahl Høegh sidan sommaren 2008, og paret gifta seg 5. juli 2019.[12] Saman har dei sonen Casper Nanoq og dottera Sia.[13][14][15] Frå 2003 til 2007 var ho saman med handballspelaren Hans Peter Motzfeldt Kyed, som er nevø av politikaren Jonathan Motzfeldt.[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Julie Berthelsen på inuit.uqam.ca
  2. Westermann, Peter (9. april 2010). «Med Grønland i hjertet». Berlingske Tidende. Henta 13. juni 2010. 
  3. Pedersen, Christina (6. marts 2010). «Mellem to verdener». B.T. Henta 13. juni 2010. 
  4. «Kanon start for Julie». Bandlist.dk. 13. mars 2003. Henta 13. juni 2010. [daud lenkje]
  5. 5,0 5,1 5,2 Thomsen, Philip (25. marts 2008). «X Factor-vinderen får stor succes». Ekstra Bladet. Henta 13. juni 2010. 
  6. «Julie AllStars hev trofæet hjem». Jyllands-Posten. 29. mai 2010. Arkivert frå originalen 2. juni 2010. Henta 13. juni 2010. 
  7. Ritzau (10. september 2010). «Julie udgiver sin fars sange». Jyllands-Posten. Arkivert frå originalen 13. september 2010. Henta 11. september 2010. 
  8. Schlosser, Rune (7. september 2010). «Julie udgiver nedbarberet album». Gaffa. Arkivert frå originalen 12. mars 2016. Henta 11. september 2010. 
  9. https://www.dr.dk/event/melodigrandprix/julie-nina-league-light
  10. «Arkiveret kopi». Arkivert frå originalen 3. februar 2019. Henta 2. februar 2019. 
  11. https://knr.gl/da/nyheder/julie-og-nina-stiller-op-til-melodi-grand-prix
  12. Nu er Julie Berthelsen blevet gift seneste-nyheder.eu 7. mai 2019
  13. Lisbeth Grube (10. marts 2012). «Se Julie Berthelsens søde søn». Se og Hør. Henta 10. mars 2012. 
  14. Karina Svensgaard (18. oktober 2015). «Julie Berthelsen er blevet mor». BT. Henta 18. oktober 2015. 
  15. Julie Berthelsen (27. oktober 2015). «Fra 3 til 4 ;0)». julieberthelsen.com. Henta 27. oktober 2015. 
  16. «Julie Berthelsen single igen». Ekstra Bladet. 28. september 2007. Henta 20. august 2011.